Då Robert «Bob» Beamon under OL i Mexico 1968 forbetra verdsrekorden i lengdehopp med 55 cm, til 8,90 m, skal konkurrenten Lynn Davies ha sagt: «Du har øydelagt denne øvinga.»
Når Amalie Skram i dag set verdsrekord i antal rette svar her i det gåtefulle, er det med ei utklassing på same nivå som Bob Beamon si. Tidlegare har me vore oppe i tal kring dei 90, men når ho Amalie klinkar til med 120 godkjende løysingsforslag, trur me dette resultatet vert vanskeleg å slå. For the record: Rekorden til Beamon stod i 23 år.
Denne gongen var det mange norsklærarar som hadde gode minne frå undervisingstimar med løysingsverket. Ein av dei var Randulf Rønningen, som skriv: «Rett svar er novella Karens jul av Amalie Skram. Konstabelen hadde vore sjukmeld på grunn av forkjølelsesfeber (’som Lægen havde givet ham Attest for’). Som tidlegare norsklærar på vidaregåande skole har eg nytta denne novella med stort hell (synest eg sjølv) fleire gonger. Ho har ’alt’! Ho kan nyttast konkret som eksempel på ei novelle og som ein tekst frå naturalismen. Ho kan nyttast som ein allegori knytt til juleevangeliet, og i den samanhengen kan ho knytast til andre tekstar som til dømes (utdrag frå) Andvake av Jon Fosse og Jesusevangeliet av José Saramago. Eg les spalta di med stor interesse kvar gong, men det er sjeldan eg finn løysinga. Denne gongen var det altså full klaff!»
Bent Arne Sæther skriv: «For en gangs skyld en lissepasning, og med målet vidåpent. For disse replikkene hører jeg hvert år i desember, når sangkoret Oslo Ø har konsert med opplesing i Paulus kirke på Grünerløkka. Der får vi historien om ulykkelige Karen, med sanger innimellom, et fast innslag innunder jul. Teksten er fra novella Karens jul av Amalie Skram, født så tidlig at Nobelprisen i litteratur ikke var påtenkt. Dette er en historie så nitrist at H.C. Andersens Piken med svovelstikkene blir en idyll i forhold.»
Ola Grotli skriv: «Mang ein gong las eg novella for elevane mine på ungdomsskolen før jul, og kvar gong kom det tårer. Frå lærar og elevar.»
På oppgåve 1700 var det desse klokingane som var med og sette verdsrekord: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Ingebjørg Sogge, Alf Skjeseth, Vigdis Hegna Myrvang, John Dag Hutchison, Viggo Østebø, Skeisebibliotekaren i LASK, Magnhild Reisæter, Roar Øvrebust, Olav Holten, Sissel Gro Jenssen, Marte Myklebust, Robert Øfsti, Anne-Marthe, Norli Ålesund Storsenter og Harald Gjørtz, Hans Inge Jørstad, Inger Anne Hammervoll, Ellen Lian, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Torbjørg Langdal, Ole Husby, Ingrid Mathilde Sørvåg, Toril Ringholm, Åsa Elstad, Ole G. Evensen, Marit Holte Bøe, Randi Aamodt, Kristine Fluge, Gunder Runde, Randulf Rønningen, Gunnar Sanderud, Reidun Marie Jordell, Cyno Grassator, Wenche Marit Berger, Christin Ibenholt, Eirik Holten, Angerd Gjerden, Randi Brenden, Trond Gansmoe Johnsen, Jorunn Øxnevad Lie, Lise Haaland, Kjell Håve, Jorunn Brekke Fjeldheim, Torhild Bru, Rune Nilsen, Tore Tomren, Egil Nestande, Kirsten Fanavoll, Eli Hegna, Olav Larsen, Tiril Bonnevie, Ola Grotli, Jens Erik Romslo, Gunn Magny Løkling, Kjellfrid Laugaland, Nils Farstad, Vigdis Åsgard, Bjarne Strøm, Brita Lundeland, Solrun Haukedalen, Kari Vevatne, Britt Haugland, Tora og Dag Eirik Eikeland, Hallvard Kjelen, Kristin Kristiansen, Toril Mesna, Erik Aamlid, Inger Margrethe Berge, Kirsten Bakke, Audun Gjengedal, Jan Petter Skrede, Thana Rongen, Jan Ekrene, Øyunn Viken, Eirik Bø, Folke Kjelleberg, Reidar Birkeland, Bente Mjømen Knudsen, Gunnar Bæra, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Åmund Bækken Blakar, Kjell Helge Moe, Hallgeir Dale, Sissel Gunnarshaug, Else Gjesdahl Sørensen, Grace Romsland, Vera Andersen, Sigrun Gjengedal Ruud, Tone Styrmoe, Christine og Per Arne Løvold, Dag S. Thelle, Marta Kløve Juuhl, Anstein Bleikli, Øystein Stokland, Asbjørg Engebø Rystad, Leif Dybing, Inger Merete, Kirsti og Grete, Brit-Elin Ladehaug, Jan Erik Røed, Randi Otterlei Malmin, Anne Berit Skaarer, Gunnar Eide, Arnfinn Folgerø, Mona Kolberg, Paul Henrik Hage, Jarle Stokka, Cathrine Mortensen, Mette Ulland Lund, Jorunn Kleppe, Kari Wille Rekdal, Bent Arne Sæther, Per Trygve Karstensen, Sjur Joakim Fretheim, David A. Tørre, Irene og Tore på Tranby, Kirsti Haldis Indreeide, Dag Skarstein og Jan M. Loftesnes. Denne veka heiter bokvinnaren Britt Haugland. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.