Det ville verte luftig og gjennomtrekk i glashuset om Medikus Libri skulle uttale seg kritisk til bruk av pseudonym. Heldigvis har ikkje boklækjaren slike tankar, det finst mange fine dekknamn. Og om du trur at eg no vil nemne Nokian, Pirelli eller Goodyear, tek du feil, det finst ei nedre grense, også her i bokstova.
I staden for å ty til blødmer vil me heller teste lesarane i kor kunnige dei er på pseudonym i den norske boksoga. Kva heiter dei fem forfattarane bak desse kunstnarnamna: 1. Brynjolf Bjarme, 2. Cora Sandel, 3. Jo Nein, 4. Mumle Gåsegg og 5. K. Villun? Løysinga finn du lenger ned i spalta. Ikkje smugkik!
Vidare til Reidar M. Bringedal, som skriv: «Så kom vi altså til Elena Ferrante og hennar bok frå 2002: Svikne dagar. Sjølvsagt er det 38 år gamle Olga som vert sviken, men det vert òg schæferhunden Otto som får eit ynkeleg liv. Denne boka kom ut før Napoli-kvartetten, solide og bindsterke bøker som kom tidleg i hus. Etter kvart kom det fem andre Ferrante-romanar i bokhylla. Året 2016 må ha vore det året media brukte meir spalteplass på å jakta på forfattaren som gøymde seg bak det oppdikta namnet Elena Ferrante, enn på det personen førte i pennen. Kritikarmeldingane var nok positive i Italia, kvartetten kom etter kvart på topp i heimlandet, men først etter at serien vart geni-lyst i USA. Det var den dyktige journalisten og kritikaren James Wood som plasserte Ferrante på pidestallen med ’The fiction of Elena Ferrante’, som kom på prent i The New Yorker 21. januar 2013. Med dette starta fenomenet ’The Ferrante fever’. Den amerikanske suksessen bana dimed vegen for den internasjonale suksessen. Artikkelen til Wood førte òg til at den norske omsetjaren fekk klarsignal til å gå i gang. Både her og i USA gjorde omsetjarane eit framifrå arbeid, det vart peika på og hevda at omsetjarane betra språket til Ferrante og gjorde det meir flytande og friksjonsfritt å lesa i høve til den italienske originalen. I Noreg har dei dessutan meint at språket til Kristin Sørsdal passar svært godt til innhaldet i romanen. Sørsdal fekk Kritikarprisen i 2017 for omsetjinga av det siste bandet i kvartetten.»
Håkon Kvamme skriv: «Det fine med Klok på bok er at ein blir sett på sporet av litteratur som det er verdt å lese. Så også denne gongen, då det dreier seg om ei bok som førebels er halvlesen, nemleg Svikne dagar av psevdonym-forfattaren Elena Ferrante. Kven ho er, er kanskje ikkje like mystisk som det var ei stund, for nettet opererer med både fødselsår og dato, 5. april 1943. Ikkje alt vi finn på nettet, stemmer med verkelegheita, men held vi oss til dette og til boklækjarens reservasjon med ’Det seiest…’, kjem vi iallfall til det eine av fleire år (krigsåra) då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut, altså 1943.»
Jan Ekrene skriv: «Denne boka må eg lese, takk for tipset!»
Desse klokingane sveik ikkje på oppgåve 1674: Signar Myrvang, Eli Winjum, Paul Henrik Hage, Ingerid Skarstein, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Jorunn Øxnevad Lie, Ragnhild Eggen, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Ole Husby, John Dag Hutchison, Inger Anne Hammervoll, Geirr Wiggen, Eli Hegna, Roar Øvrebust, Thore Desserud, Jan Ekrene, Gunder Runde, Ole G. Evensen, Tine Dahl, Lise Haaland, Egil Nestande, Viggo Østebø, Ole Håndstad, Solrun Haukedalen, Kristine Fluge, Eirik Holten, Thana Rongen, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Olav Holten, Håkon Kvamme, Folke Kjelleberg, Per Trygve Karstensen, Jan Petter Skrede, Arve Kjøstvedt, Bjørn Ole Bjørnsen, Kjell Helge Moe, Tiril Bonnevie, Christine og Per Arne Løvold, Sissel Gunnarshaug, Audun Gjengedal, Reidar M. Bringedal, Nils Farstad, Marta Kløve Juuhl, Reidar Birkeland, Gunnar Eide, Inger Merete, Kirsti og Grete, Inger Margrethe Berge, Sigrun Gjengedal Ruud, Ole Tom Røed, Bjørn Myrvang, Robert Øfsti og Jorunn Kleppe. Bokvinnaren denne gongen heiter Gunnar Eide. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.