Foto: Oskar Dahlsbakken / Viaplay
0–6 rette: Håper det vert fleire spikrar å koke suppe på neste veke. Lukke til!
7–9 rette: Flott innsats, sjølv om eit og anna kokte bort i kålen.
10–15 rette: Ja, her var det god kok. Det er lov å koke kaffi som premie.
16–20 rette: Det kokar som regel ned til rett svar. Framifrå!
21 rette: Held koken med alt quizmeisteren koker i hop. La det koke over i e-posten!

1. Mange reknar han som tidenes beste. Med Qatar 2022 har han i praksis vunne alt som er i fotball. Kven er det?
2. Finalen på Lusail Stadium vart høgdramatisk. Kor mange straffespark vart tekne i alt? Det kan vere til hjelp å vite at tre av måla ikkje kom på straffe.
3. Kylian Mbappé vart den tredje til å skåre hat trick i ein VM-finale i fotball for seniorlandslag. Nemn eitt anna år det har skjedd.
4. Kva lang elv renn gjennom sentrum av New Orleans og møter havet like etter?
5. Kva i utgangspunktet negativ aktivitet er det ein white hat utfører med gode intensjonar?
6. Kvar i Telemark ligg museet Grimdalstunet, der skulptøren Anne Grimdalen budde? Svar med anten bygd eller kommune.
7. Kva gjenstand knytt til eit næringsmiddel er òg vanleg i til dømes flyttingar og loppemarknader? Det kan stå til dømes Dole eller Chiquita på han.
8. Kva for ein Hallvard har regissert mellom anna Giganten (2005, saman med Arne B. Rostad), Børning-filmane, Olsenbanden – Siste skrik! (2022) og Gulltransporten (2022)?
9. Gulltransporten var å redde gullreservane til Noregs Bank i 1940. Kor mykje gull var det? Svar i masse, fasiten gjev ein slingringsmonn.
10. Ein av dei involverte i gulltransporten var Nordahl Grieg. Seinare døydde han i ein flystyrt i Kleinmachnow, som ligg rett attmed kva hovudstad?
11. Nordahl Grieg var gift med Gerd Grieg, som fekk Kritikarprisen. Kva var yrket hennar (i hovudsak)?
12. Det finst fleire namn på 6. januar. Kva for eit av dei speler på datoens plassering i forhold til juleftan?
13. Kva for eit ord er samansett av to bokstavar som gjev høvesvis fem og seks poeng i Scrabble, elleve til saman?
14. Er den verdsleiande kinesiske pianisten Lang Lang kvinne eller mann?
15. Av dei nær 200.000 artiklane i Store norske leksikon er det berre to som nemner dette ordet. Det er artiklane «orddanning» og «Rune Gerhardsen». Kva isme er det tale om?
16. Lever så å seie alle dromedarar i Asia?
17. Brynhild Paulsdatter vart fødd i Selbu i 1859. Under kva amerikansk namn vart ho kjend som USAs største kvinnelege seriemordar?
18. Kvar ligg Selbu i forhold til Trondheim? Svar med ei av dei åtte himmelretningane.
19. Akillessena bind fleire leggmusklar saman med kva knokkel?
20. I Mette Frederiksens andre regjering finn me Socialdemokratiet, Venstre og det nye partiet som Lars Løkke Rasmussen grunnla i 2022. Kva heiter det?
21. Apropos Danmark: Kva kjent litterært verk, som vart gjeve ut fyrste gong i 1845, er lagt til nyttårseftan?
SVAR PÅ SPØRSMÅLA:
1. Lionel Messi
2. Elleve
3. 1966 (Geoff Hurst for England) eller 2015 (Carli Lloyd for USA)
4. Mississippi
5. Datasnoking (også kjent som hacking)
6. Skafså i Tokke kommune (Eitt av namna er tilstrekkeleg.)
7. Banankasse
8. Hallvard Bræin
9. Om lag 49 tonn (Me godtek svar mellom 30 og 75 tonn.)
10. Berlin
11. Skodespelar
12. Trettandedagen
13. Øy
14. Mann
15. Snillisme
16. Nei (Dei lever òg i Nord-Afrika og finst dessutan forvilla i Australia.)
17. Belle Gunness (eller «Lady Bluebeard», om du vil)
18. Søraust
19. Hælbeinet (Me godtek hælen.)
20. Moderaterne
21. «Piken med svovelstikkene»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?