JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Syndefallet til statsrådane

Habilitetssakene til Støre-regjeringa er eit godt høve til å totalrenovere regelverket og kontrollrutinane for regjeringa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6672
20230804
6672
20230804

Dei fleste regjeringar opplever at statsrådar må gå av som følgje av «skandalar» av ulik art. Sommarens habilitetssaker i regjeringa er likevel symptom på noko alvorleg. Tre statsrådar er skulda for å ha brote habilitetsreglar som skal hindre at dei sjølve eller vener kan oppnå ein særleg fordel. Alvoret ligg i at habilitetsreglar er fyrstelina mot korrupsjon. Straffelovrådet har peikt på samanhengen: «Sammen med habilitetsregler og andre bestemmelser bidrar forbud mot korrupsjon til at det i offentlig virksomhet ikke finner sted utenforliggende pa°virkning og derved uriktig tjenesteutøvelse.» Det er her vi er: I eit ullent grenseland mellom saksbehandlingsfeil og korrupsjon. Habilitetsreglane er der for å hindre at nepotismen rår i statsstyringa. Nepotisme i regjeringa er gift for tilliten til statsstyringa på alle nivå.

Det er naturlegvis ikkje fyrste gongen ei norsk regjering blir skulda for å gje seg og sine fordelar. Regjeringa Solberg fekk til dømes kritikk for å utnemne sin eigen forsvarsminister til fiskeridirektør, i strid med hevdvunnen praksis. Når vi no får tre nye saker på kort tid, kan vi ane ein systemsvikt og eit syndefall for styringa av kongeriket Noreg. I bibelforteljinga om syndefallet førte lovbrotet Adam og Eva gjorde, til at menneska forstod at dei var syndige og måtte frelsast. Som menneska i bibelforteljinga må statsrådar også frelsast. I ein demokratisk rettsstat er frelsa juridisk: reglar og kontroll.

Havarikommisjon

Så langt har statsminister Støre mint statsrådane om habilitetsreglane og sett ned ei arbeidsgruppe for å gå gjennom aksjereglane. Han bør sikte høgare og setje ned ein havarikommisjon for gå gjennom og revidere alt regelverk og kontrollrutinane for regjeringa.

Kontrollrutinane fyrst: Embetsverket må styrkjast overfor regjeringspolitikarane. Det spelar inga rolle at regjeringspolitikarane forvaltar eit demokratisk mandat, og at rolla til embetsverket er å hjelpe med å setje politikken ut i livet. Regjeringa må drive politikk innanfor rammene av lova. Lovstridig maktutøving er ikkje legitimt. Dersom embetsverket må velje mellom lojalitet mot statsråden og lojalitet mot lova, skal embetsverket vere lojalt mot lova.

Difor bør regjeringa gjere embetsverket betre i stand til å kontrollere embetsførselen til statsrådane og varsle i dei tilfella der statsrådane utfordrar lova. Saka til Trettebergstuen tyder på at innvendingar frå embetsverket i departementet ikkje alltid er tilstrekkeleg. Då må ein vurdere om Statsministerens kontor skal få ei tilsynsrolle overfor dei andre departementa.

Departementa bør halde seg med fleire juristar. Fram til 1945 dominerte juristane i departementa. I dag dominerer samfunnsvitarane. I nokre departement er juristane nærast utryddingstruga. Eg er uroa for konsekvensane for embetskulturen. Der kommunikasjonsrådgjevarar har som oppgåve å skjønnmåle politikken til regjeringa, går juridisk tenkjemåte ut på å sjå grensene. Departementa er ikkje berre sekretariat for regjeringspolitikarane. Dei er også forvaltningsorgan som lagar reglar og fordelar rettar og plikter etter lova. I ein stadig meir juridisk kompleks og regulert stat treng departementa eit embetsverk som har det i blodet å trekkje opp dei juridiske grensene for politikken.

Stortingets kontroll med regjeringa bør også styrkjast. I framtida bør regjeringa rapportere særskilt om habilitet i samband med utnemningar til verv og stillingar.

Få eigentlege reglar

Så regelverket: Ein havarikommisjon bør også sjå nærare på regelverket for regjeringa – eller rettare: mangelen på regelverk. Noko av grunnen til at statsrådane trår feil, kan vere at det finst få eigentlege reglar om korleis regjeringa skal arbeide. Styringa av høgskular og andre offentlege verksemder er meir regulert enn regjeringsarbeidet.

Aksjekjøpa til Ola Borten Moe er eit godt døme. Statsministeren viste til at Moe braut habilitetsreglane ved å delta på ein regjeringskonferanse som behandla investeringar i eit selskap Ola Borten Moe eigde aksjar i. Moe orsaka seg med at han trudde han som minister for forsking og høgare utdanning ikkje hadde konstitusjonelt ansvar for forsvarssaker. Difor vart han sitjande då forsvarsministeren la fram den aktuelle saka. Ein slik elementær feil kjem kanskje av at den plikta alle statsrådar ifølgje Grunnlova har til «å ta kraftig til motmæle» mot vedtak i strid med lov og Grunnlov, berre gjeld når statsrådane møter hos kongen på Slottet. Grunnlova nemner ikkje regjeringskonferansane med eitt ord.

Mange veit kanskje ikkje at regjeringskonferansane, som er det viktigaste politiske avgjerdsorganet til regjeringa, ikkje er regulert verken i Grunnlova, i lov eller i noko bindande regelverk. Det einaste som finst, er eit knippe rettleiingar frå Statsministerens kontor med oppsummeringar av reglar og praksis. Sakene vi har hatt i sommar, viser dessutan at ikkje alle statsrådar les desse rettleiingane. Rettleiingane er heller ikkje rettsleg bindande for ei regjering, som kan velje å sjå vekk frå eller endre dei. Som vi såg då Solberg-regjeringa utnemnde sin eigen statsråd til embete i forvaltninga, har brot på fast politisk praksis ingen rettslege konsekvensar.

Dette inneber at det kan variere frå sak til sak og frå regjering til regjering kor mykje statsrådane involverer seg i regjeringskonferansen. Regjeringskonferansen gjer heller ikkje bindande vedtak. Sjølve vedtaka skjer i Kongen i statsråd på Slottet. Den uklåre juridiske statusen til regjeringskonferansane gjer det krevjande å vurdere habilitet. Fram til 2022 fanst det heller ingen lovfesta habilitetsreglar for regjeringsmedlemmene.

For lengst utdatert

Det bindande interne reglementet for regjeringa, regjeringsinstruksen, vart sist oppdatert i 1969 og er for lengst utdatert. Grunnlovsreglane om regjeringsarbeidet har knapt vore endra sidan 1814 og handlar mest om det som skjer på Slottet.

Dei tre habilitetssakene er såleis eit godt høve for statsminister Støre til å gjere ei totalrenovering av reglane om regjeringa i Grunnlova og i regjeringsinstruksen.

Nokon vil kanskje meine at det er synd å rettsleggjere eit tillitsbasert politisk styringssystem. Det er ei misforståing. Reglar er til for å hjelpe statsrådane å ta gode avgjerder. Kontrollordningar er til for at folk kan ha tillit til at statsmakta blir forvalta på ein upartisk måte og ikkje til personleg fordel.

Eirik Holmøyvik er professor på juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den uklåre juridiske statusen til regjeringskonferansane gjer det krevjande å vurdere habilitet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis