JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Vegen inn i fælska er vegen ut or henne 

Rettssaka om Charlie Hebdo-attentatet brettar ut alt ein ikkje før har sett.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gatekunstnaren Christian Guemy, C215, heidrar offera i åtaket på satiremagasinet Charlie Hebdo i 2015, medan rettssaka går føre seg i Paris.

Foto: Charles PlatiauReuters/NTB scanpix

6020
20200911
6020
20200911

Frankrike tek no opp att steg for steg skrekkbylgjene frå 2015. 2. september tok ho endeleg til, rettssaka mot gjerningsmennene i drapa som starta med Charlie Hebdo. Ti veker skal ho vare. Saka går i godt sikra lokale i Clichy, nord i Paris. Heile landet græt stilt etter som detaljane vert rulla opp. Det er likevel alt anna enn stille dagar i Clichy, sjølv om der ikkje finst hoiande demonstrasjonar. Som ein av advokatane til dei etterlatne sa: «I denne salen skal vi samle all den gru som dei avlidne opplevde, og som etterlét nasjonen i fælske.» 

Åtaket på Charlie Hebdo

Teiknaren Coco, Corinne Rey, kom seint på jobb 7. januar. Leiinga drøfta dei økonomiske vanskane til satirebladet med rådgjevarar. Sidan skulle alle samlast. Coco vart overfallen bakfrå av brørne Chérif og Said Kouachi og tvinga til å opne inngangsdøra. Brørne sprang opp trappene og støytte på Frédéric Boisseau, ansvarleg for vedlikehaldet i bygget, som straks vart skoten. Kona hans hadde sendt med han ei kake til å dele med Charlie-folka, fortalde ho. Chérif fyrte av dei fleste skota, 47 maskingeværhylser var hans.

Broren Said tok juristen og spaltisten Sigolène Vinson til sides; ho fekk overleve sidan ho var kvinne, dersom ho lova å lese Koranen. Sidan skreva ho over lika av vener for å finne telefonen. Då var dei drepne, dei verdskjende teiknarane Cabu, Charb, Wolinski, Honoré og Tignous. Mindre kjende offer var psykoanalytikaren Elsa Cayat, økonomen Bernard Maris, politimannen Franck Brinsolaro, som var livvakt for Charb, korrekturlesaren Mustapha Ourrad, fotografen Michel Renaud, festivalarrangør. På vegen ut drap ein av brørne ein lokal politimann, Ahmed Merabet, som sjølv var truande muslim.

To dagar seinare, medan Paris var i sjokk, gjekk ein medarbeidar av brørne Kouachi, Amedy Coulibaly, til aksjon i bydelen Montrouge, sørvest i Paris. Fyrst skaut han politikvinna Clarissa Jean-Philippe. Dinest tok han vegen austover, der han tok fleire gislar i ein jødisk butikk. Fem døydde, ni vart såra, Coulibaly omkom då politiet gjekk inn. 

Gjerningsmennene

I retten møter 65 advokatar for dei etterlatne og vitna, 20 for dei 14 tiltala. Samla har advokatane erklært at rettsstatens reglar må fylgjast nøye, så ikkje fleire skuggar får kvile over hendingane. Dei sentrale gjerningsmennene er døde. Andre sentrale aktørar kan vere i live. Sambuaren til Coulibaly, Hayat Boumedienne, skal vere observert i Syria. Mohammed og Mehdi Belhoucine verva seg til IS og forsvann. Desse tre vert rekna som sentrale figurar i førebuingane, og ein vil gjerne finne dei, om dei lever. Hovudmedhjelparen til Coulibaly, Ali Riza Polat, står likevel for retten. 

Korleis vart desse menneska terroristar? Said Kouachi vart som barn rekna som lat og uinteressert, han vart som vaksen duglaus til alt, kunne ikkje eingong setje ein skrue i veggen, sa eit vitne. Sigolène Vinson skildra han som engsteleg, men oppirra og arg då han kom i gang med skytinga. Truleg vart småkriminelle Chérif radikalisert i fengsel av ein glødande islamist, som heller ikkje er funnen. Sikkert er det at Said lenge hadde skravla i veg om planar: om å gå inn i ei undergrunnsrørsle for å drepe jødar, folk som laga karikaturar av Muhammed og kalifen, og andre fiendar av islam.

Mange etterlatne, vitne og journalistar spør kvifor overvakingspolitiet ikkje fanga opp slikt preik. Statspolitiet trekte til og med attende full overvaking for Charlie Hebdo i november 2014, att var berre politimannen som fotfylgde redaktøren Charb. Det vert mumla om korrupsjon. Men det er vel så enkelt som at korkje politi eller politikarar tok trugsmåla alvorleg før etter terroråret 2015. Året som til fulle synte at islamismen ikkje var ei fornying av vestleg fridomsstrev, men sjølve fienden av fridom, likskap og brorskap. Noko som likså vel gjekk ut over fråfalne og moderate muslimar som islamkritikarar.

Etterrøkingane har avslørt forgreiningar i nettverk og celler av terroristar, til dei same som stod bak Mohammed Merah, Toulouse-drapsmannen frå 2012. Sterk politisk uvilje mot å vedgå at der kunne finnast organisert islamistisk terror, gjorde at ein pukka på at Merah var ein einsam ulv, og forfylgde ikkje spor. Denne uviljen er no helst avløyst av ein gryande uvilje mot unnatakslovgjevinga, med store fullmakter for styresmaktene til å avgrense rettane til folk.

Rettssaka

I retten må alle bere munnbind. Det påverkar klårleiken i uttalen, noko media minner om ikkje skal vere symbolsk: Ingen må mulebindast, alt må forståast. Måndag gleid maska til ein av forsvarsadvokatane heile tida ned, heilt til hovuddommaren glefste: «Får De ikkje no maska til å sitje, tek eg med ein burka til Dykk i morgon!» Leiarkommentaren i Charlie Hebdo fann dette utbrotet upassande. 

Etter opninga av prosessen er noko paradoksalt i ferd med å hende, å døme etter media. Det hjelpelause raseriet er der ikkje. Heller ikkje har det kome ein fatalisme, det er meir ei stoisk ro: Vi lèt oss ikkje styre eller kue av terroristane. Og ja, det måtte vere vondt å fylgje med då aktor gjekk gjennom kvar sekvens fanga av overvakingskamera, kvart politifoto av dei falne, kvar detalj i rapporten frå rettsmedisinaren. Samstundes kallar dei på medkjensle og innleving kring alle dei vare augneblinkane, som når kona til vedlikehaldssjefen Boisseau, Cathrine, fortalde om kor omtenksam, venleg og kjærleg mannen var, kor godt likt, og om venskap han knytte med dei han måtte døy saman med. Nei, rettssaka vil slett ikkje gje forsoning med islamismen. Men ho ser alt ut til å verke døyvande på ei aldri forløyst sorg, og ho kan kome til å samle den herja nasjonen – i ei katarsisoppleving. 

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

2015 var året som til fulle synte at islamismen

ikkje var ei fornying av vestleg fridomsstrev,

men sjølve fienden av fridom, likskap og brorskap.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis