JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Svekt Putin vinn endå ein gong

Sundag blir Vladimir Putin attvald med mest sannsynleg 70 prosent av stemmene. Valkampen har synt at Putin har kontroll, men ikkje full kontroll.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5581
20180316
5581
20180316

Når russarane går til stemmeurnene sundag, vil dei fleste kryssa av ved namnet til Vladimir Putin. Målsettinga i Kreml er å få til eit 70/70-val, det vil seia eit val der 70 prosent av veljarane møter fram og der 70 prosent av dei stemmer på den sittande presidenten.

Om det skulle vanta med oppslutnad eller med stemmer, vil apparatet til presidenten syta for at det naudsynte talet på stemmer blir fylt opp slik at Putin dei neste seks åra kan visa til at han sit som president med oppslutnad frå det store fleirtalet av dei russiske veljarane.

God hjelp har den sittande presidenten naturlegvis fått ved at mannen som står fram som hovudkritikar av han, Aleksej Navalnyj, har vore fråverande i valkampen. I dag er Navalnyj den einaste politikaren i Russland som har eit apparat som spenner over heile landet, og eit program som er eigna til å mobilisera breie lag av det russiske folket. Difor måtte ein bruka dei midla som stod til rådvelde, for at han ikkje skulle få stilla opp.

Den formelle årsaka til at korrupsjonsjegeren Navalnyj ikkje fekk vera kandidat, er ei skulding om korrupsjon som sjølvsagt ingen i Russland trur er reell. Sidan i haust har Navalnyj drive ein stor kampanje for å avsløra korrupsjon og fremja rørsla han står i spissen for. Han og tilhengarane hans får ofte ikkje lov til å halda møte og demonstrasjonar, men når dei gjer det likevel, er dei blitt taua inn i fengsel og fått store bøter. Det amerikanske tidsskriftet Foreign Affairs melde nyleg at leiinga i Navalnyj-kampanjen sidan i haust har fått bøter på til saman 10 millionar rublar, det vil seia om lag 1,7 million kroner, og leiarane av kampanjen hans har i den same perioden sete i fengsel frå ein til to månader kvar.

Sett av 26 millionar

Likevel hinkar kampanjen til Navalnyj vidare. For eitt år sidan la han ut på nettstaden Youtube ein video som avslørte at Putins statsminister Dmitrij Medvedev hadde samla seg ein formue på omkring 1,2 milliardar dollar. Videoen var eit godt stykke journalistisk arbeid som synte nærbilete av fleire av dei overdådige eigedomane som den russiske regjeringssjefen disponerer, men som formelt sett er eigd av obskure fond og stiftingar. Fram til no er berre denne eine videoen sett av 26 millionar. Dessutan lagar Navalnyj og kompani innslag som dei sender ut på nettet fleire gonger i veka.

At Navalnyj er blitt stengd ute frå valet, syner mest av alt eit svekt Putin-regime. Heilt sidan år 2000, då Putin fyrste gongen stilte opp i eit val, har konkurrentar fått sleppa til. Denne regelen gjeld ikkje for Navalnyj. No er det rett nok ingen som trur at Navalnyj ville ha vunne valet om han hadde fått stilt opp, men han kunne ha samla så mykje som 20 eller 30 prosent av røystene. Då ville han ha stått fram som eit verkeleg alternativ til makta. Det ville ikkje Putin risikera.

Dei Putin har sleppt til i valet denne gongen, har alle til felles at dei ikkje representerer nokon alternativ leiarskap: Det gjeld den politiske kloven Vladimir Zjirinovskij, og det gjeld kommunisten Pavel Grudinin, som representerer ein bankerott ideologi også i Russland. Grigorij Javlinskij er ein heiderskrona demokrat som har kjempa mange slag mot Putin-regimet, men han er altfor tett knytt saman med 1990-åra til at han har nokon stor appell.

Heller ikkje den mest omtala opposisjonskandidaten, Ksenia Sobtsjak, kan venta seg nokon stor tilslutnad. Mykje av det ho seier, lyder godt i vestlege øyro, slik som at den russiske anneksjonen av Krim var ulovleg, og at ein må få ein slutt på krigen i Aust-Ukraina. At ein tradisjonsbunden russisk veljarmasse skulle gå mann av huse for å røysta på ei ung kvinne med eit noko uklårt – og for mange upatriotisk – program, er lite tenkeleg. Mange er då òg av den meining at Putin har late Ksenia Sobtsjak stilla opp for å gje valet eit skinn av ei ekte tevling.

Framtida

Når Putin så har vunne valet sundag kveld, vil han ha fleire saker han må tenkja på:

Pengar er alltid viktig, og før jul blei det eine av dei to russiske oljefonda lagt ned fordi det var tomt. No har landet berre eitt fond igjen, og dei som kjenner russisk økonomi, trur at dette fondet berre vil kunne dekkja underskotet i det russiske statsbudsjettet i tre år til. Då må Putin anten gå på tiggarferd til kinesarane eller stramma inn livreima fleire hakk.

Det andre store problemet regimet møter, er kven som skal fylgja etter Putin. Stabiliteten til regimet heng mykje på éin mann, og skulle Putin bli alvorleg sjuk eller falla frå (han blir 66 år gamal til hausten), har regimet ikkje nokon mekanisme for maktoverføring. Då kan Navalnyj med éin gong bli eit endå større trugsmål.

Det tredje handlar om militær makt og tilhøvet til Vesten. Putin fekk stor fagnad hos heile den russiske eliten då han 1. mars synte fram nye og avanserte masseøydeleggingsvåpen som han hevda russiske ingeniørar har framstilt. Den siste veka har saka om giftåtaket på den russiske eksagenten Sergej Skripal truga med å gjera eit kaldt aust-vest-klima endå kaldare. Held Putin fram på denne vegen, vil han isolera seg fullstendig frå Vesten og setja i gang eit teknologisk kappløp av stort omfang. Det førre kappløpet tapte Sovjetunion, med særs god margin. Spora burde skræma sjølv den gamle KGB-agenten Vladimir Putin.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At Navalnyj er blitt stengd ute frå valet,
syner mest av alt eit svekt Putin-regime.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis