JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Sit ikkje stille og ver grei

Lat oss i staden leike oss fram til ein meir barnevennleg skule.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4670
20170317
4670
20170317

Ungar byrjar på skulen det året dei fyller seks år. Då får dei ein pult dei skal sitte ved og ei skrivebok dei skal skrive i. Der skal dei, i grove trekk, sitte og skrive og lese og lære i minst tolv år. Er det ein lur måte å lære ungar å lære på?

Vi veit at ungar er meir aktive enn vaksne. Born tek seg raskare inn att når dei vert slitne, dei held ut lenger før dei får sure musklar, og kanskje brukar dei – i større grad enn vaksne – kroppen som ein del av kommunikasjonen, meiner forskarar. Dei er impulsive i rørslene sine. Men viktigast av alt: Dei brukar kroppen for å lære. Ikkje berre hovudet, altså, men heile kroppen, fordi han heng saman.

Difor treng vi meir aktivitet og praksis inn i skulen. Det er vel eigentleg alle samde om. Nett no sit byråkratane og fagpersonane i Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og lagar nye læreplanar for det meste av faga i norsk skule. Kring dei står dusinvis av interessegrupper som vil ha hjartesakene sine inn i undervisningstida. Kva skal Torbjørn Røe Isaksen rå dei til?

Gange ta ballen

Han kan byrje med å lære av det ungane på Vassenden skule i Sogn og Fjordane har fått ut av forskingsprosjektet ASK – Active Smarter Kids, gjennomført av dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ein halvtime kvar dag har ungane leika kjernefaga norsk, engelsk og matematikk. Dei har mellom anna spela «gange ta ballen», der ein kastar og tek imot både ball og ei oppgåve frå gangetabellen. Dei har laga grunnflater med kjegler og måleband, stava engelske gloser medan dei hoppar hoppetau og sprunge verbstafett med bøying av engelske verb.

I tillegg har elevane hatt fem minutt med fysiske avbrekk i klasserommet, og fysiske heimelekser. Prosjektet har vore testa på 30 skular i Sogn og Fjordane gjennom eit skuleår. Resultat syner at særleg den svakaste tredjedelen av elevane hadde utbytte av fysisk aktivitet – særleg i matematikk.

Leik og læring

På same måte som at kropp og hovud ikkje er ulike læringsarenaer, treng ikkje teori og praksis vere ulike fag: Arbeid og leik kan vere to sider av same veggen. Skal korridorane på skulen målast, til dømes? Lat ungane få rekne ut kor mykje måling dei trengs, og bruke både geometri og prosentrekning, måleband og gardintrapp. Ein liten reddik- og salathage, enten på skuleplassen eller i vindaugskarmen, gjev kunnskap i mat og helse, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Dikt kan dansast. (Sigbjørn Obstfelder gjer seg absolutt best i rørsle). Vinklar og avstandar kan målast og byggast, fotballmål teljast og hovudstader og land parast i eit minnespel.

Vert dette ein skule tilpassa gutar? Eg trur ikkje det. Eg er mellom anna eit døme på det motsette. På vidaregåande sleit eg ut to mattelærarar på eitt år. «Kvifor det, då?» var gjennomgangstonen. Eg får ikkje læring av ein regel eg berre skal akseptere. Eg må ha ei praktisk lenke til kunnskapen. Denne fekk eg fyrst på jordbruksskulen ti år seinare. I planlegging av høytørke og oppmåling av betar, stavar og stavleggene i eit grindbygg vart tala endeleg levande for meg.

At jenter ikkje bråkar med uroa si, tyder heller ikkje at ho ikkje er der. Då eg byrja i barnehagen, sat eg i dagevis på gangen før eg våga gå inn til dei andre ungane. Professor Ingrid Lund ved Universitetet i Agder har forska på stille ungdommar. Til NRK Sogn og Fjordane sa ho denne veka at «Det handlar om å øve seg på å vera saman med andre på gode måtar. Barn må finne ut av leik og samspel. Når ein er litt forsiktig, kan ein trenge ekstra hjelp for å koma inn i leik og å tora å seia ifrå.» Kan leik i undervisning vere ei slik hjelp – ikkje berre til å roa med, men òg til å vekke med? Kan leik få stille jenter ut av skalet og inn i trivselen, og ta vekk litt av det negative sjølvbiletet mange jenter slit med?

melding utan leik

Kva skal vi håpe på når dei nye læreplanane etter kvart kjem trillande ut frå direktorat og departement? Verken «leik» eller «lek» er nemnt ein einaste gong i stortingsmeldinga Fag – fordypning – forståelse, En fornying av kunnskapsløftet som kom i fjor. Til samanlikning står orda «refleksjon» og «reflektere» til saman 62 gonger. Det er viktige verdiar på vegen mot vaksenlivet. Men det er, som Margreth Olin har sett filmlinsa mot i det siste, den akutte læregleda òg.

Ikkje teoretiser og abstraher! Konkretiser og praktiser! Norsk skule har alt å tene på å sjå heile læringspotensialet born har: hovud, skulder, kne og tå – og alt der i mellom.

Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På same måte som kropp og hovud ikkje

er ulike læringsarenaer, treng ikkje

teori og praksis vere ulike fag.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis