JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Putin i alle kanalar

Då Vladimir Putin heldt sin årlege pressekonferanse no i desember, slo han fast at det i heile Russland ikkje var noko alternativ til han sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5564
20171222
5564
20171222

«Det er ikkje jobben min å stilla opp med politiske konkurrentar. Vil de ha fleire tital av desse Saakasjvili-ane som spring rundt frå den eine Majdan-plassen til den andre? Problemet til dei som ynskjer å bli ein verkeleg opposisjon, er at dei må koma opp med saker som folk vil tru på.»

Slik formulerte Vladimir Putin seg då han under det årlege presseshowet i Moskva no nyleg svara på eit utal av spørsmål frå meir enn 1600 journalistar. For den russiske presidenten var problemet med den manglande politiske opposisjonen i Russland ikkje stort: Han kunne berre halda oppe namnet til den tidlegare georgiske presidenten og noverande opposisjonsleiaren i Ukraina, Mikheil Saakasjvili. Deretter kunne han slå fast at opposisjonen ikkje har noko som helst å fara med. Det at Russland har ein opposisjon som anten er i eksil, under jorda, under påtale for ulike brotsverk eller drepen under uklåre omstende, var ferdig snakka på eit par minutt, av ein pressekonferanse som tok innpå fire timar.

Etter vestleg målestokk verkar dette arrogant, på grensa til det utolelege. Faktum er likevel at Putin har rett, på sitt vis. Når det russiske folket går til stemmeurnene 18. mars neste år, vil han vinna med 70–80 prosent av røystene. Det betyr at han vil vera president til 2024. Då vil Putin ha styrt Russland i 25 år, nesten like lenge som Stalin. Om Putin har helsa, vil han etter 2024 sannsynlegvis halda fram som ein opphøgd monark frå ein posisjon i bakgrunnen. Han vil då liggja godt an til å slå Stalin.

Ikkje føre undergangen

Med andre ord er det slik at Putin ikkje representerer noko regime føre undergangen. Det såg ein godt under pressekonferansen: Putin verka kanskje noko mindre engasjert enn kva ein har sett tidlegare. Men av journalistane i salen blei han behandla som ein orientalsk fyrste, og i samla flokk tagg dei om å få stilla spørsmål til herskaren. Dersom ein journalist ikkje sette seg ned etter at spørsmålet var stilt, såg Putin hardt på han og sa: «Sit ned!»

No er det ikkje slik at Russland ikkje har ei mengd problem. Det verste er at dei fleste russarar har opplevd nedgang i levestandarden dei siste åra. Landet er engasjert i to krigar, ein i Ukraina og ein i Syria. I den amerikanske Kongressen er dei fleste samde om at Russland er USAs erklærte fiende. Også dei fleste andre internasjonale leiarane held Putin på god avstand. I tilhøve til Vesten er Russland blitt ein internasjonal paria.

Ikkje noko år hadde vore betre eigna til å endra denne internasjonale posisjonen enn 2017, altså rett før Putin skal bli valt for nye seks år som president. Ei rekkje forhold har tala til Russlands fordel: USA har ein president som er så upopulær som det er mogleg å bli. Den europeiske unionen er prega av forvirring og oppløysing. Kina er naturlegvis ein langt større økonomi enn Russland, men svakare militært. Samstundes har den russiske politikken i Midtausten vore rimeleg vellukka, om ein ser bort frå at dei russiske våpna har halde oppe monsterregimet til Assad-familien.

Putin kunne altså, om han hadde hatt eit ynske om å koma på talefot med Vesten, ha brukt det året som snart no er gått, til å gjera noko fornuftig. Heilt tilsikta har Putin unnlate å gjere dette. I staden har han halde fram med krigen i Aust-Ukraina. I Midtausten har han bygd opp ein antivestleg koalisjon med Iran, med Assad-regimet i Syria og delvis den tyrkiske sultanen Tayyip Erdogan på slep. Målet for det heile er å trenga USA og vestlege interesser ut or Midtausten.

Den euroasiatiske verda

Bak det heile ligg det verdsbiletet som den styrande eliten i Moskva har bygt opp dei siste åra. Noko forkorta går det ut på at det eksisterer eit euroasiatisk kontinent med Russland og Kina som kjerneland, og denne euroasiatiske verda utgjer motpolen til USA. I dette verdsbiletet har dei vesteuropeiske landa ikkje noka sjølvstendig rolle. Anten må dei slutta seg til den euroasiatiske verda, men om dei held fast ved alliansen med USA, vil dei bli meir og meir pressa militært og økonomisk av den euroasiatiske alliansen. Det er altså tilhøvet til Kina – ikkje til Vesten – som får prioritet for den sittande leiaren i Kreml.

For små land som Noreg, heilt i skjeringspunktet mellom Russland og Vesten, blir ikkje dette lett å leva med. Russarane har då også vist dei siste par åra at dei ikkje set mykje inn på å vera vener med oss, no sist med arrestasjonen av den tidlegare norske grenseinspektøren Frode Berg i Moskva. Går me attende til 2016, blei Atle Berge utvist, også han skulda for spionasje. Han var sjefen for Ølen Betong, den einaste vellukka norske industribedrifta i Russland. I 2015 blei heile det norske samfunnet sett på prøve då fleire tusen menneske frå Midtausten og Sentral-Asia kom over ei tidlegare hundre prosent kontrollert grense.

Så kva gjer me med utsikta til at dette held fram i minst seks nye år? Det er ikkje så mykje me kan gjera, bortsett frå å søka dialog der det er mogleg, freista å halda det statlege tilhøvet til Russland på eit så godt nivå som me kan, og elles syta for at det norske forsvaret blir så sterkt at me ikkje med éin gong det oppstår ei krise, må tilkalla hjelp frå Nato.

Så får me berre håpa på betre tider.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Putin kunne altså, om han hadde hatt eit ynske om å koma på talefot med Vesten, ha brukt det året som snart no er gått, til å gjera noko fornuftig.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis