JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Overlét ansvaret til mannen

Erna Solberg overlét til ektemannen å avgjere om aksjehandlane han gjorde, var av slik storleik at dei kunne gjere henne inhabil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5773
20231110
5773
20231110

Kommentar

vystad@online.no

Då Erna Solberg vart grilla i Stortinget denne veka, vedgjekk ho ansvar for å ha vore inhabil og at ho kunne gjort meir for å unngå det.

Men: Ho viste stadig til «avtalen» ho inngjekk med ektemannen Sindre Finnes då ho vart statsminister 2013. Etter den munnlege avtalen skulle han informere henne om større aksjehandlar, kjøp eller sal, som kunne skape habilitetsproblem for henne som statsminister. Elles kunne han halde fram med kjøp og sal av aksjar, men ikkje dagshandlar (day-trading). Nokon definisjon om kva som ligg i større aksjehandlar, har Solberg ikkje sagt noko om korkje frå den tid «avtalen» vart inngått, eller under høyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Lite tillitvekkande

Det er tankevekkande og lite tillitvekkande. Såleis meinte ho i 2021 at eit aksjeinnehav i Norsk Hydro til ein verdi av 150.000–200.000 kroner i 2021 ikkje gjorde henne inhabil i samband med at ho kunne gje Hydro ein fordel. I dag strekker ho seg så langt som til å seie at ho kanskje var inhabil, sett i lys av kva lovavdelinga i Justisdepartementet har uttala om Anniken Huitfeldts habilitetssak.

Dette fekk Frps representant komiteen, Carl I. Hagen, til å konkludere med at Erna Solberg hadde «outsourca» ansvaret for habilitetsvurderingar i første hand, rett nok til protestar frå Solberg, men med støtte frå SVs komitérepresentant, Audun Lysbakken, som bora vidare på temaet.

Solberg fekk spørsmål om kva ho faktisk hadde gjort for heile tida å ha oversikt over aksje­transaksjonane til ektemannen. Komiteen fekk unnvikande og lite presise svar. Solberg uttala tidlegare i haust til Klassekampen at ho ikkje ein einaste gong fann grunn til å stille spørsmål til ektemannen om aksjeinnehavet hans. Ho kunne ikkje «mistru» mannen sin, sidan dei hadde ein «avtale».

«Han» og «vi»

Solberg veksla mellom å bruke «han» og «vi» om aksjehandlane saka gjeld. Sidan dei har felleseige, kan ho ikkje heilt distansere seg frå aktiviteten. Den har også vore synleg gjennom skattemeldingane. Til dømes kom det i meldinga for 2021 fram at mannen hadde teke opp millionlån som han ifylgje det Solberg uttalar nå, vart forklart som lån til aksjekjøp. Men utan at det fekk henne til å stille nye spørsmål.

Samstundes brukte ho «trepartssamarbeidet» i arbeidslivet mellom stat, næringsliv og fag­organisasjon som «våpen» i forsvaret av mannen, Sindre Finnes, si rolle som fagsjef i Norsk Industri. Ho argumenterte for at det ikkje var suspekt eller negativt at mannen i denne samanheng kunne arbeide for å påverke politikken. Og skulle ein forstå henne rett: utan at det skapte habilitetsproblem for henne.

Dette står i ein viss motstrid til dei signala embetsverket ved Statsministerens kontor tidlegare har opplyst vart kommunisert før Erna Solberg vart statsminister i 2013.

Inntrykket frå utspørjinga i komiteen er at mange av medlemene er sterkt kritiske til korleis Erna Solberg har handtert pliktene og ansvaret ho hadde for å halde seg orientert om aksjehandel og mogleg inhabilitet.

Resultatet er at Solberg nå vedgår at ho har vore inhabil i mange saker. Kor mange saker det er snakk om, vil ho ikkje seie noko om. Ho seier det vil vere ei ugjerleg oppgåve å finne ut kor mange saker det gjeld. Ho kontra spørsmål om kartlegging med at det ville «krevje eitt års arbeid frå lovavdelinga» å lage ei slik oversikt.

«Er det verkeleg så mange inhabilitetssaker», spurde Lan Marie Berg frå Miljøpartiet.

«Full oversikt»

Kvar gong Erna Solberg gjennom åtte år som statsminister fekk spørsmål om mannens aksjar, var standardsvaret at ho hadde full oversikt, og at det ikkje var noko problem. Det var også svaret hennar før valet i haust.

Så feil kan ein altså ta: 3400 aksjehandlar til ein samla verdi av om lag 130 millionar kroner i løpet av statsministertida. Mistanken om at Solberg trenerte opplysing av saka før valet i haust av omsyn til valet, er ikkje blitt svekt i tida som har gått.

Erna Solberg fekk under kontrollhøyringa spørsmål om ho hadde måtta gå av om avsløringane hadde kome medan ho sat som statsminister. Til det svara ho at det kom an på kva dei partia som stod bak regjeringa hennar, meinte. Ho hadde tilsynelatande inga meining om dette sjølv.

Det indikerer at ho ikkje har gjeve opp tanken på å vende tilbake til statsministerbustaden med Sindre Finnes på slep. For Solberg har nyleg proklamert: Vi skal ikkje skiljast.

Ho fekk også spørsmål om ho vil kunne vere statsministerkandidat med ei så alvorleg habilitetssak i bagasjen. Svaret her er at det er opp til kvart parti å avgjere kven som skal vere partileiar og statsministerkandidat.

Representantar for alle partia i komiteen, også hennar eige parti, meiner dette er ei alvorleg sak. Inntrykket etter høyringa er at Stortinget ikkje kan akseptere at Solberg har handtert aksjehandel og habilitetsspørsmål så lemfeldig.

Straff

Carl I. Hagen utfordra Erna Solberg med spørsmål om å innføre straffesanksjonar for ein som grovt bryt habilitetsreglane. Det ville ikkje Solberg vere med på. I staden kontra ho med at ho har stått åtte veker i vedvarande mediepress, og meinte det var ei belastning i denne samanhengen. Sagt på ein annan måte: å stå i søkelyset frå media er straff nok.

Spenninga nå ligg i kva grad Høgre vil slutte seg til eit såkalla «daddelvedtak», som etter alle solemerke kjem, med sterk kritikk mot den avgåtte statsministeren. For Høgre sine to representantar i komiteen blir spørsmålet: Skal dei velje å ta mest omsyn til Erna Solberg eller tenkje meir på kva som tener partiet? Godkjentstempel frå Høgre, kan bli ein bumerang.

Vidar Ystad er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis