JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Når dei valdelege styrer lovtolkinga

I 2009 måtte regjeringa trekkje det slette framlegget om eit blasfemitillegg i paragraf 185, den såkalla rasismeparagrafen.
I 2019 måtte politidirektøren trekkja ein ordre som bygde på hennar slette tolking av den same paragrafen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Etter ordre frå politidirektøren freista kristiansandspolitiet å sløkkja ei brennande bok og stogga valdelege motdemonstranter på torget i byen laurdag 16. november.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

6333
20191129
6333
20191129

For to veker sidan gav Politidirektoratet (POD) lokalt politi ordre om å nytta makt for å motverka skjemming av koranen under ein demonstrasjon i Kristiansand. Politidirektør Benedicte Bjørnland heimla ordren i si utvida tolking av den såkalla rasismeparagrafen (paragraf 185).

At ho tysdag vart tvinga til å trekkja ordren, minte om då regjeringa i 2009 måtte trekkja framlegget om å utvida same paragraf 185 med eit blasfemitillegg. I båe tilfella var justisministrane, Knut Storberget (Ap) den gongen og Jøran Kallemyr (FrP) no, med på framrykking og tilbaketrekking.

Det alvorlegaste i kristiansandsaka er motiva for POD-ordren, som liknar grunngjevinga for blasfemiframlegget til regjeringa i 2009: valdsfrykt.

Norsk konsekvensjuss

Bjørnland orsaka si feillesing av paragraf 185 med «kontekst»: valdelege religiøse i inn- og utland. Ein kontekst ho med fordel kunne ha vore merksam på, kjem her: Blasfemilovgjeving vert forma av to ulike rettsprinsipp – moraljuss og konsekvensjuss. Den fyrste forbyr handlingar som bryt med ei moralsk eller religiøs norm, og den sistnemnde forbyr handlingar som påviseleg har skadelege konsekvensar. Norsk lov har gått frå religiøst tufta moraljuss til sekulær konsekvensjuss.

Moraljussen ynskjer å skjerpa blasfemilovene, slik me ser i Pakistan, og i FNs menneskerettsråd (UNHRC), skipa i 2006, der press frå dei mange medlemslanda i Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC) i 2011 sytte for ein resolusjon som fordømde hån av religion.

Konsekvensjussen vil fjerna blasfemilovgjeving. Å banna eller å leggja Mormons bok på ein eingongsgrill har ingen påviseleg skadefylgje. Såleis føreslo Straffelovkommisjonen i 2002 å fjerna blasfemiparagrafen (paragraf 142), som forsvann i 2015.

Under radaren

Ein viss moraljuss har vendt attende i eit fleirkulturelt Noreg. Kvifor freista den raudgrøne regjeringa for ti år sidan å utvida rasismeparagrafen (paragraf 185) med eit blasfemitillegg, i etterkant av karikaturstrid og ambassadebrenning, og på eit vis i tråd med OIC? Jau, for å gje «et strafferettslig vern mot kvalifiserte angrep på trossetninger og livssyn». Kvifor? «For å forhindre alvorlige konflikter i samfunnet.»

At protestane i 2009 vart så kraftige at regjeringa trekte framlegget, må ha gått under radaren til politidirektøren, som då var politimeister i Vestfold, og justisministeren, som då var student. Anna kan ikkje forklåra at dei to juristane no har lese paragraf 185 som om framlegget likevel ikkje vart trekt.

Det er alvorleg at leiinga for den utøvande makta ikkje fekk med seg at den lovgjevande makta aldri vedtok eit blasfemitillegg i 2009, og seks år seinare dessutan avskaffa paragraf 142, den gamle blasfemiparagrafen.

Alvorlegast er likevel drivkrafta bak politiordren no og lovframlegget då: valdsfrykt.

Kristiansandsimamen

I Oslo i haust har det hendt at einslege har vorte banka opp av gjengar av unge menn som ikkje vil hemna seg på dei eller rana dei, men vera valdelege. Ein einsleg vandrar gjev etter for vald, men den utøvande makta kan ikkje gjera det.

I eit fleirreligiøst samfunn er det vondt å nå semje om ei blasfemilovgjeving. Men om det vert overlate til dei aggressive og valdelege å definera grensa, og leggja premiss for lovtolkinga, kva vert då bodskapen frå styresmaktene?

Fire dagar etter hendinga skreiv Omar Daaba, ein av dei som nytta vald i Kristiansand: «Alle videoer viser jo at vi løper rett på Thorsen. Ja, vi sparker ham. Og det har jeg ingen planer om å unnskylde eller bortforklare. Videoen viser at vi reagerer på en voldelig måte. Men det betyr ikke at vi er voldelige mennesker. Det betyr at vi er villige til å beskytte det som er viktig for oss, på tross av konsekvenser det måtte få for oss.» (Utrop, 20. november).

Seks dagar seinare refsa kristiansandsimamen Yasir Fawzi dei valdelege trusbrørne i heimbyen: «Hvis de kunne gjøre sånt med så mye politi til stede, Gud vet hva de kunne ha funnet på dersom politiet ikke hadde vært der.» (NRK, 26. november).

Fawzis kronikk og kritikk kom timar før politidirektøren måtte trekkja ordren.

«Vald fører fram»

Kva signal vert sendt til fredelege og fråfalne muslimar når dei valdelege får innverknad på lovtolking og politiordrar? Kva verknad har det på kvinner som freistar å stå opp mot den stundom strenge internjustisen i somme av miljøa? Kva vert bodskapen til dei unge som enno ikkje veit på kva kant av trua dei høyrer heime?

Èin bodskap frå den ut-
øvande makta er: Vald fører fram.

Eit multietnisk, multireligiøst, multispråkleg og multikulturelt Noreg vil øydast av multijurisdiksjon, ulov. Noreg har rom for meir enn éi tru, men ikkje for meir enn éi lov.

Dei som avgjer om bøker treng eit rettsvern mot skjemming, kan ikkje vere styrte av frykt for valdsmenn.

Retten til dei sterke

Kristiansandsaka handlar ikkje fyrst og fremst om ytringsfridom og blasfemi, men om kven som gjennom fysisk tvang skal definera lov og lovtolking.

Men er det ikkje konsekvensjuss å stogga lovlege handlingar når dei kan utløysa vald?

Nei, dette er ein juss som ikkje styrkar vernet til dei svakaste, men tvert om retten til dei sterkaste. Kva om eit livssyn har så liberale, fredsæle og få tilhengjarar at ein kan krenka det utan at alvorlege konfliktar oppstår i samfunnet? Er krenkinga då grei?

Eller motsett: Kva om eit livssyn har så aggressive, valdelege og mange tilhengjarar at dei lagar alvorlege konfliktar om boka deira vert krenkt? Er det eit slikt livssyn som treng eit særskilt rettsvern mot «kvalifiserte angrep»? Gjev ein slik praksis likskap for loven?

Sams for mange religionar er at krenkinga gjerne har kome og kjem frå fråfalne. Skal me senda politiet på dei òg? Ynskjer me ei lovtolking som kriminaliserer flyktningar som hånar den religiøsiteten dei flykta frå? Skal Noreg straffe menneske som har vore fengsla og torturerte for vantru dersom dei i det nye heimlandet held fram med å krenkja trua?

Håvard Rem er journalist
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kva signal vert sendt til fredelege og fråfalne

muslimar i Noreg når dei valdelege får innverk-

nad på lovtolkinga og politiordrane i landet?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis