JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Mindre sterk vil ikkje seie svak

Førestillinga om kvinner som mindre robuste enn menn er overmoden for skraphaugen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvinner får framleis ikkje konkurrere i skiflyging. Det norske kvinnelaget i hopp tok bronse i VM i stor bakke i Oberstdorf i år. Frå venstre: Silje Opseth, Anna Odine Strøm, Maren Lundby og Thea Minyan Bjørseth.

Foto: Terje Pedersen / NTB

5373
20210305
5373
20210305

Kommentar

siri@dagogtid.no

No, når det nærmar seg 8. mars, vel eg å byrje denne kommentaren med å slå fast éin av særs få kjønnsskilnader vi ikkje får gjort noko med: Om vi ser stort og generelt på det, er menn sterkare enn kvinner. Det er ikkje noko kjekt. At muskelmassen hos ein vaksen mann utgjer kring 40 prosent av kroppsvekta, medan ei kvinne slit med å kome særleg over 32 prosent, står rett og slett fram, for meg, som skikkeleg urettferdig. Særleg i kombinasjon med den hersens feittprosenten som skal vere så mykje høgare i min kropp. Greitt nok at amming krev sine kaloriar, men kva skal ei moderne kvinne på toppen av næringskjeda elles med alt dette feittet?

Den biologiske verda er urettvis, men sosiale menneske treng ikkje legge seg ned og gråte for den del. Snarare tvert om: Sidan vi ikkje får gjort noko med denne beviseleg urettvise styrkeskilnaden, vert det ekstra viktig å ikkje gjere han viktigare enn høgst naudsynt.

Vi kan til dømes byrje med å kvitte oss med førestillinga om at fordi kvinner er mindre sterke enn menn, er vi svakare – i tydinga mindre robuste.

Slår eg inn opne dører no, seier du? Diverre ikkje. Vi skal sjå på nokre døme.

Ustolt idrettshistorie

Fyrst til idretten, og her drar vi verkeleg med oss ei brokete historie. Sjølvaste nasjonalsporten, langrenn, var til dømes høgst motvillig til å sleppe kvinner til – Noreg var einaste nasjon som stemde mot kvinnelangrenn på programmet til OL i Oslo i 1952. Ikkje berre var det ukvinneleg med damer som pusta og pesa og sleva etter målstreken, kvinner måtte ikkje anstrenge seg slik, det var ikkje godt for dei, og framleis er tremila lengste distanse i kvinnelangrenn. Kvinner får ikkje gå noka femmil.

19 år etter at Anette Sagen prøvehoppa 174,5 meter i skiflygingsbakken i Vikersund, har kvinner enno ikkje fått konkurrere i skiflyging. Ja, for tida er det knapt så dei får konkurrere i det heile: No hoppar kvinnene i VM, men i storbakken gjer dei det så å seie utan oppladning. Der skiforbundet har klart å koronagjennomføre 24 verdscuprenn i storbakke for herrar, har kvinnene berre vorte prioriterte med to, så langt eg har klart å telje meg fram til.

Den ytlege argumentasjonen er økonomi: Kvinner som hoppar, er dårlegare butikk og vert ikkje prioriterte. Men ulike reglar er diskriminerande, og årsaker kan framleis godt ligge lenger bak: at kvinnekroppen framleis vert oppfatta som mindre robust enn mannekroppen.

Kvifor skulle regelverket elles vere som det er i til dømes ishockey? Kvinner kan få spele og konkurrere så lenge dei held seg unna fysiske taklingar. Verneutstyret er i byrjinga likt: hjelm med gitter og kroppsvern, men sjølv om gutar frå tolv års alder får lov å takle som vaksne menn, dei vaksne endåtil berre med halvvisir, må vaksne kvinner framleis halde seg til mild kroppskontakt – bak heildekkande gitter.

Tunge sjukepleieløft

Idrettslaga kan kome med alle dei praktiske orsakingane dei vil: Dette er god, gamaldags toskeskap som eit land som søker likestilling, bør legge bak seg – ikkje minst fordi det rett og slett er feil.

Berre sjå korleis vi tenker på to viktige yrkesgrupper i samfunnet vårt: Framleis er ein byggeplass ein for tung arbeidsplass for kvinner. Berre éin av ti foreldre rår jenteborna sine til å velje slike yrkesfag, medan berre ein av tolv medlemmar i Norsk Sykepleierforbund er menn. Det er sjølvsagt fleire årsaker til at mannsdominerte arbeidsplassar er ein tøffe stadar å vere for kvinner, men tyngda i arbeidet bør ikkje få vere ei av dei.

For kva er tyngst: å løfte murstein eller betongblokker som er døde og kan løftast i mengder og til tidspunkt løftaren sjølv bestemmer? Eller å få gamle, lamme fru Trengereid opp av senga på ein måte som verken gjer vondt fysisk eller skadar verdet hennar, men likevel skjer fort nok til at det som skal ut, kjem i toalettskåla og ikkje nokon annan stad?

Førebiletet ved havet

Kvar kjem dette biletet av kvinner som sarte og vevre frå? Vi har det med oss frå historia, men ikkje frå brorparten av kvinner som har levd. Truleg er det berre eit bitte lite sjikt i øvste overklasse som høver inn i stereotypen. Eg skal trekke fram eit døme på resten av oss:

Vedlegg 10 til boka Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860–1980 består av Anne Håsteins tekst «Ei fiskarkvinne fortel om sitt liv». I fiskevêret Bulandet jobba Anne Håstein på krambua og vart gift med ein fiskar som diverre døydde i sjukdom tidleg. Då tok Anne over båten «Josefine» og dreiv fiske kombinert med ymse jobbar og born heime – og det heile utan veg: «Trur eg lyt fortelje at i alle desse åra eg var enkje og deltok i arbeidslivet, måtte eg i båt. Kva det vil seie å stå opp vintersdagen, tømme ein robåt for snø og sjø, og så ro – kanskje i sterk vind til arbeidsplassen – forstår berre dei som har prøvd det», skriv ho.

Ho var ikkje noko overmenneske likevel. Ho var ei kvinne som gjorde det som trong gjerast, i ein kropp som tolte det han måtte tole.

Men ein førebilete, det var ho. Ei heilt ekte kvinne. Vi treng å høyre fleire forteljingar om slike. Så mange at forteljinga om den sarte, porselensliknande kvinnekroppen druknar i mengda. For det er der ho høyrer heime – på havbotnen, historias største skraphaug.

Siri Helle er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis