JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Jordas gull er ikkje utan gråstein

Sjølv den grunnaste jorda må vere meir verd i morgon enn ho er i dag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4855
20171013
4855
20171013

Ein heilt vanleg dag, i ei heilt vanleg lokalavis på Vestlandet, skal nokon kanskje ekspropriere grunn til bygging av ein idrettshall:

«Advokaten reknar det som lite sannsynleg at jordbruksverdien av matjorda blir lagt til grunn ved ei eventuell oreigning, her er det snakk om kvadratmeterpris på mellom 20 og 35 kroner. Ei samanlikning med tomteprisar viser at ei ferdig regulert og opparbeidd tomt kanskje seljast for 850 kroner per kvadratmeter.»

Treng eg forklare? Vi treng ved alle høve ikkje gå til den meir omtala jordvernsaka i Bergen, der 1000 mål jord skal verte bilforretningar, eller Ikea-jordet på Vestby, for å finne høve til å diskutere det kvardagslege jordvernet. Dei små åkerlappane, dei som saman lagar dei tre prosentane av Noreg som er jordbruksareal, er stort sett slikt småplukk. Halvpartane av dei graskledde teigane våre er på under ti mål. Ballparkar i dag kan ikkje konkurrere med framtidige bolledeigar.

Triste lovendringar

Difor er det ikkje noko anna enn trist at Noreg for halvannan månad sidan fekk 3700 færre konsesjonspliktige, 12.300 færre bupliktige og 13.600 færre odelsretta eigedommar, idet nye lover som aukar arealgrensa for kva som i praksis er eit gardsbruk (eigedommar som er omfatta av konsesjonsplikt, driveplikt, buplikt og/eller odelsrett) frå 25 til 35 dekar, tredde i kraft.

Det er likevel ikkje desse dekarane denne teksten fyrst og fremst skal handle om. Når vi diskuterer om vi skal verne eller bygge ned dei 3 prosentane av Noreg som er jordbruksareal, diskuterer vi dei fulldyrka teigane, dei overflatedyrka teigane og innmarka. Jorder som er djupe nok til å kunne pløyast, eller kor minst 50 prosent av arealet er dekte av kulturgrasartar og beitetålande urter.

Dette er gullkorna. Men desse hadde ikkje vore særleg mykje verde utan all gråsteinen som held dei på plass. Og det er denne gråsteinen vi no verkeleg er på veg til å miste.

Djevelen ligg i detaljane

Fylgjande setning er henta frå Rundskriv M-2/2017 «Driveplikten under jordloven», sendt frå Landbruks- og matdepartementet til kommunane, fylkesmennene og Statens landbruksforvaltning 1. september 2017. Les nøye:

«Lovens uttrykk bruksstørrelse må forstås som størrelsen på jordbruksarealet, ikke brukets totalareal. Størrelsen på jordbruksarealet må ses i sammenheng med arealets avkastningsevne

Setninga er skriven for å rettleie styresmakter i å gje fritak frå driveplikta – altså høve til å late vere å halde i hevd. Storleiken, avkastingsevna og produksjonseigenskapane på jordbruksarealet ligg til grunn for om eigedommen skal førast vidare eller ikkje.

Djevelen ligg i skilnaden på jordbruksarealet og totalarealet: Når styresmaktene skal vurdere om produksjonseigenskapane og avkastingsevna til garden er god nok til å verte vidareført, skal ikkje utmarka reknast med.

95 prosent av Noreg er ikkje, og har aldri vore, rekna inn i jordbruksarealet. Likevel er over halvparten av det eigna som husdyrbeite, ifylgje Nibio. Men vi klarar ikkje eingong å nytte halvparten av potensialet i jorda i dag. Éi av årsakene er nedbygging og konkurrerande interesser – hyttebygging, skogplanting og jakt, til dømes.

Meir buing til hyttefelta

Kommunar som bygger ned fulldyrka matjord, vert bua ut. All honnør for det. Kommunar som regulerer utmarka full av hyttefelt og alpinbakkar og skogsbilvegar, vert derimot jubla – dei «satsar», skapar «verdiar» og «nye arbeidsplassar». Men å selje ut, hole ut og bygge ned utmarka reduserer verdien av alle gardsbruk.

Syn meg den gardskjøpar som ikkje sjekkar totalarealet før ho finn ut om ho skal by på eit bruk. Utmark er sommarfôr, som gjev meir vinterfôr, det er husdyrmosjon som unngår at dyra trakkar opp stadig våtare bøar. Om prosentdelen sau på utmarksbeite har gått noko ned, er framleis 85 prosent av dei på fjelltur kvart år. Til og med 30 prosent av kyrne våre får seg ei reise i utmarka, saman med brorparten av geitene og jamvel ein og annan heldiggris. Norsk jordbruk ville sett temmeleg annleis ut utan utmark.

Ikkje for at vi eigentleg treng nokon forskingsinstitusjon for å fortelje oss kva utmarka vår er verd. Vi kunne berre sjå oss over aksla, til den gong gullet var det grøne graset og jobben å få dyra dit det heile tida vaks. Hadde ikkje forfedrane våre sett verdien i desse beitemarkene, hadde dei fleste av oss ikkje vore til.

Departementet flaggar nye tider høgt i marknadsføringa av det nye regelverket. Eg vel likevel å kalle det historielaust. Om reiskapane, bøndene og samfunnet elles har endra seg, er nemleg landskapet det same. Og det er framleis det som ligg til grunn for ein jordbunden matproduksjon.

Siri Helle

Siri Helle er journalist
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Å selje ut, hole ut

og bygge ned utmarka

reduserer verdien av

alle gardsbruk.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis