JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Fem motiv for å myrda

Eg vart nøydd til å svara då ein ungdom spurde meg: Kvifor drep dei?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Spansk politi arresterer ein mann som dei mistenkjer er medlem i IS.

Foto: Jose Jordan / AFP / NTB scanpix

6031
20170609
6031
20170609

Frå min ståstad ser eg fem mogelege motiv for den jihadistiske terroren. Dei kan opptre kvar for seg, men heng saman som fingrane på ei hand, og om dei samlar seg, alle fem, tek dei liv.

MARTYREN

For gudlause er det absurd, men for truande er det gravalvorleg: Å falla i krig og døy som martyr sikrar deg ei æve i paradiset i staden for i helvetet.

I ein monsterbokhandel i Dubai, der Jo Nesbø dominerte inngangen, fann eg i barnebokavdelinga ikkje J.K. Rowling, men fargerike bøker som likna dei eg voks opp med på bedehuset heime: Forteljingar og illustrasjonar som synte at jorda var skapt for 6000 år sidan, at endatida var nær, og at livet på jorda hadde to utgangar: paradiset og helvetet.

Av di eg sjølv voks opp med evig fortaping som røyndom, kjenner eg helvetesfrykta som uroar mange muslimar. Ho slapp ikkje taket før eg vart vaksen. Som bibelomsetjar forstod eg korleis førestillinga kom inn i historia.

Protestantisk frelse på dødslægje og sotteseng er ikkje for alle. Massemordaren i Nice i juli i fjor hadde svikta familien og tradisjonane. Før åtaket vart han refsa og fekk kunngjort at han var fortapt. Dei om lag 500 drepne og skadde på strandpromenaden var eit wild card til paradiset. I det motivet ligg òg eit menneskesyn som høyrer til i ei passivaggressiv herrefolktenking.

MOTSTANDSKAMPEN

For somme har gutta på skauen-heroisme gjeve hemnhugen og hatet ei retning etter tiår med vestlege militæråtak mot muslimske land.

Medan eg var med på å omsetja Bibelen, var eg fleire gonger i Egypt. Sjåføren synte god kjennskap til persongalleriet i Midtausten-forteljingane. Han fortalde meg at han byrja å taka Koranen på alvor etter Golfkrigen i 1991. Året etter drog han for fyrste gong som pilegrim til Mekka. Same vekkinga såg eg hjå innvandrarar der eg då budde i Noreg. Gode asylsøkjarvener stadfesta at Golfkrigen auka opphavsmedvitet.

Dei militære åtaka som Vesten heldt fram med, i Afghanistan, Irak og Libya, mønstra motstandsrørsler i Midtausten. Rørslene gav hemnen eit helteandlet som ein motstandsmann vil kjenna att. Gradvis vart den nasjonale identifiseringa med gamalt eller nytt heimland erstatta av ein større identitet. Dei lokale lidingane og vestlege løgnene hadde vorte for mange.

MANNDOMEN

Å kriga mot storsamfunnet kan styrka ein manndom som er svekt av eit liv som annanrangs i likestilte og liberale Vesten.

Om du er ein mann flaska opp på patriarkat, vert du audmjuka av å leva mellom kvinner og innfødde menn som har langt betre løn og levekår enn du har sjølv. Den kjønna utdanningskløfta hjå dei innfødde går enda djupare hjå dei innvandra. Ti år med finanskrise og høg arbeidsløyse har svekt vona om å stå byrg på eigne bein, slik det sømer seg ein son av patriarkatet.

Du står med eit bein i ein tradisjon der du som mann er pyramidespissen i det gjævaste folket på jorda, men med eit anna bein i eit samfunn der ureine kvinner risikerer å verta sjefen din – om du då får deg arbeid. Du veit at for deg og borna dine, som for den innfødde white trash-familien i nabolaget, er det ingen snarveg som leier til ein betre stad.

MENTALITETEN

Du fylgjer lover som for ein del var meint for krigstid, når du som ein av hundre les Koranen som ei bokstaveleg og personleg lovbok.

Ein imam synte meg frå klasserom til klasserom då eg vitja koranskulen i Kongemoskeen i Lahore. Sjølv var eg seks år då eg ville lesa Bibelen frå perm til perm. Desse gutane gjer det på ordentleg. Dei er frå seks til seksten år, og dei sit dagen lang og ruggar fram og attende medan dei mumlar koranvers som vert utanåtlærde tatoveringar i sinnet. Somme av versa er høg poesi, somme gjev bod om å myrda gudlause. I vår var eg ved koranskular i byar i Belgia. Eg trur at dei er mindre hjernevaskande, men eg trur ikkje godt om boka. Heilage skriftar er mellom anna lovsamlingar.

Noregs lover nyttar me i fredstid. I krigstid held me oss med andre lover, og tillèt til dømes avrettingar. Etter Paris-terroren i fjor sa den franske presidenten i fjernsynet: «Me er i krig.» Han sikta til terroråtaka, ikkje flyåtaka. Snart er det berre sentrum som skil mellom krigane.

MISJONEN

At me ikkje ser på misjon som eit motiv, har fleire grunnar. Misjonsstrategiane er så ulike dei vestleg-kristne at me ikkje kjenner dei att. Og då me byrja å sjå på kristen misjon som forkasteleg, rekna me det òg som forkasteleg å mistenkja andre for misjon.

Men at òg ikkje-vestlege ynskjer å erstatta heidenskap og hedonisme med gudsfrykt og monoteisme, er vel ikkje merkelegare enn den misjonsiveren som fekk Vesten til å kristna land i andre verdsdelar. Den kristne verda har ikkje monopol på misjonsbodet. Eg voks opp i ei rørsle som spleisa på livsopphaldet til misjonærar hjå dei innfødde i Bolivia. I Noreg var me 40.000 pinsevenar som heldt liv i tusen barnerike misjonærar, sende ut for å kristna heidenske land, ikkje av vondskap, men for å gje dei eit betre liv i denne verda, utan drikk og spel, utruskap og øydelagde heimar, og for å gje dei ei æve i paradis.

Misjon er òg indremisjon. Terroråtaka er ekstrem indremisjon. Eit trugsmål mot kalifattenkinga er det store fleirtalet av moderate muslimar som trivst og blomstrar i heidenskapen, og lèt som om det er fredstid. Korleis kan dei britiske jihadistane få talet på overvaka til å veksa frå éin av hundre muslimar til to av hundre? Frå 23.000 til 46.000?

Som jihadist må du då spørja deg: Korleis vekkja dei lunkne trusfellane og tvinga dei til å velja side? Svaret kan vera ei krisemaksimering av konflikten og ei polariserande tilspissing – ikkje berre gjennom terroråtaka i seg sjølve, men kan henda endå meir gjennom dei valdelege motterroråtaka frå innfødde som før eller sidan kan koma som ein respons.

Då har me det gåande, nett slik jihadistane ser det føre seg.

Håvard Rem er forfattar, poet og
fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å kriga mot storsam-

funnet kan styrka ein

manndom som er svekt

av eit liv som annan-

rangs i likestilte og

liberale Vesten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis