Kommentar
Ein dårleg dag for Trump
Lite er att av dei forsikringane president Trump har gitt om at det ikkje vart lagt press på Ukraina da USA bestemte seg for å utsetja overføringa av militærhjelp til Kiev.
Når ei orientering for kongresskomitear som arbeider med riksrettsprosess mot president Donald Trump, vert stempla som «lynsjing i eigenleg forstand av ordet», er det ein ordbruk som avslører at her er det ikkje overskot på saklege motargument. Og den forklaringa som ambassadør William B. Taylor gav tysdag 22. oktober, er kanskje det alvorlegaste problemet som den amerikanske statssjefen har fått i fanget hittil.
I «eigenleg forstand» er lynsjing det same som fysisk drap, og korkje ordet eller fenomenet har nokon ærerik plass i amerikansk historie. Drap på rettslause afrikansk-amerikanarar er kanskje best kjent gjennom Billie Holidays hese og hjarteskjerande blues «Strange Fruit».
Sanninga
Den første som forstod kor alvorleg Taylors innlegg kan verta, var Trumps trugne forbundsfelle, senator Lindsey Graham. Med unntak for ein kritisk merknad til Trumps politikk i Tyrkia har Graham stått last og brast med presidenten i alle saker, ikkje minst når Trump støyter på det vanlegaste problemet sitt: tilhøvet til sanninga. Så Graham, konservativ republikanar frå den like konservative sørstaten Sør-Carolina, ville ikkje vera med på den kritikken som Trump har fått for politikken sin i Ukraina-spørsmålet. Det er ambassadør Taylors fagområde, og det var lite att av Trumps resonnement da Taylor hadde snakka ferdig. Som protokollen fastset, gjekk forklaringa bak stengde dører, og slik det er vanleg i Washington, gjekk det berre få timar før New York Times hadde teksten og kunne gi han til lesarane.
Det farlege ved Taylor er at minnet hans er som Karlsons lim. I tillegg har 72-åringen 50 lytefrie år bak seg i det amerikanske forsvaret og i utanrikstenesta. Alt det han sa, slo ein påle gjennom dei nokså fantasifulle versjonane som Trump og folket hans har gitt til beste om politikken i Ukraina, særleg det spelet som presidentens advokat, Rudy Giuliani, har drive i Kiev. Ingen ting, ikkje ein einaste detalj, av det som Giuliani har lagt fram, har nokon kontakt med røynda. Versjonane hans kunne ha vore laga av Harald Heide Steen jr., og når vi først er inne på det fagfeltet, har det heller ikkje skorta på kvalitet i framføringa. Sidan amerikansk utanrikspolitikk tidvis kan vera ei alvorleg sak, har Giuliani ikkje vore å sjå i debattprogramma dei siste vekene – eit klokt val av dei som styrer med slikt.
Det har heller ikkje styrkt Giuliani at to av dei ukrainske kompisane hans vart arresterte på ein flyplass i New York, med einvegsbillett til Europa i lomma. Dei har drive forretningsverksemd i nær kontakt med Giuliani – som for snart 20 år sidan var ein akta borgarmeister i New York. Seinare har åtferda hans vore av aukande interesse for folk som arbeider i psykiatrien, eller som ein rutinert TV-journalist sa ved avslutninga av eit intervju: «Eg er bekymra for deg.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.