JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Ap etter etter krigstida

Kva vert det sosialdemokratiske grunnfjellet om Ap nærmar seg 25 prosent?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5098
20170825
5098
20170825

Kva kjem det av at Arbeidarpartiet som opposisjonsparti før eit stortingsval, nærmar seg 25 prosent på meiningsmålingane? Når Ap ved fire av nitten stortingsval etter krigen har vore i opposisjon, har partiet, til dømes i 1985, gjerne sett 40-talet. Fallet vert ikkje mindre oppsiktsvekkjande når me veit at det ikkje er ein sentrumskoalisjon, men eit Høgre/Frp-ministerium dei går til val mot.

TUSENÅRSSKIFTET

Folk har røysta annleis etter 2000. Etterkrigstida var over. Tusenåret byrja med terror, og slik 22. juli nær halverte Frp her heime, har venstresida i Vesten aldri kome seg heilt etter eit 11. september som vart følgt av London- og Madrid-massakrane. Og med finanskrisa forsvann ikkje berre den geopolitiske, men òg den økonomiske tryggleiken som dei sosialdemokratiske folkhem-partia såg seg som garantistar for. Veljarvandringa vart ikkje mindre med flyktning- og folkevandringa i 2015.

I vala i Frankrike og Nederland no i vår vart dei sosialdemokratiske partia nær utraderte. At tendensen i Noreg førebels vert mildare, kjem ikkje berre av at me gjekk klar av finanskrisa, men òg av at det partipolitiske landskapet vårt inntil vidare er langt meir stabilt enn i vesteuropeiske land der sperregrensa ikkje finst, og partipolitiske nyskapingar går rett i regjering.

GRUNNFJELLET

Kva vert grunnfjellet i eit Ap med under 30 prosents oppslutnad?

Dei halvaksjonistiske og urbane raudgrøne er synlege i alle vestlege storbyar, og vil her heime prega valresultatet i Oslo, men dei har demografien mot seg. Dei er ikkje mange nok til å avgjera folkerøystingar og nasjonsval, og dei går heller til Raudt, SV og MDG enn til Ap.

For Ap vert innvandrarveljarane viktigare. Dei har òg demografien på si side. For eit skumpande Ap, som får røystene til tre av fem innvandrarar og fire av fem muslimar, har dette vorte ei viktig veljargruppe, men ikkje eit grunnfjell.

PARTILEIAREN

Ap-fallet handlar òg om ein omstridd partileiar. Støre lek i fleire endar. Venstresideveljarar lit ikkje på han i økonomiske og distriktspolitiske spørsmål. Fagforbunda er uvande med figuren. Gro Harlem Brundtland likna etter kvart ei landsmoderleg Bestemor Duck, medan mange Donald-ar ser på Støre som ein Fetter Anton meir enn ein landsfader. Samstundes har rikmannssonen i eit tiår vore den mest populære politikaren blant folk flest, men òg ein av dei som intellektuelle finn det bryet verdt å samtala med.

Eit SV som har lege under sperregrensa, veks fram mot valet, men det veg lite. Kva Ap-fallet denne gongen ikkje kjem av, er eit stort SV. Når eit Ap i opposisjon har vore under 40-talet, i 1973 og 2005, har eit anna venstreparti i opposisjon, SV, liggje på kring 10 prosent. I etterkrigstida er lågmålet for ei venstreside i opposisjon 42,7 prosent. På ferske målingar får ei samla venstreside no berre ein tredel av røystene.

SENTERPARTIET

Støre lek ein annan stad òg. I sentraliseringsspørsmål, frå Vestlandet til EU, har venstresidas mogelege statsminister ikkje høgare truverd enn den borgarlege. Den store veksten til Senterpartiet i fjor og i vår har vore ein norsk variant av EU- og sentraliseringsmotstanden i nasjonale rørsler som hjå oss òg synte seg i eit nasjonalt spørsmål om kommunar og regionar.

Di nærare me kjem sjølve valet, di meir vert røystegjevinga taktisk. For å berga Solberg-regjeringa skal høgreveljarar for fyrste gong røysta Venstre. Men slik somme røyster taktisk for å halda på ein statsminister, gjer andre det for å unngå ein. Nye Sp-veljarar kan trekkja røysta si til ein statsministerkandidat dei ikkje lit på i dei spørsmåla som er så viktige for dei at dei mellomlanda i Sp.

HØGRESIDA

Ap lek òg til høgre. I den underjordiske veljartunnelen mellom Ap og Frp, der Ola meir enn Kari har gått fram og attende i snart tre tiår, kunne ein no tenkja seg at mange fann vegen frå regjeringsslitne Frp til opposisjonsfriske Ap, men nei – ikkje denne gongen. Mange potensielle Ap-veljarar lit ikkje på Støre i verdi- og migrasjonspolitikken. For dei som ikkje såg ein statsmann i den norske utanriksministeren som fekk karikaturstriden og ambassadebrannane i fanget i 2005, vert nye terroråtak ei påminning om hendingar som under vanlege omstende ikkje ville ha hatt noko å seia i ein valkamp tolv år etter.

Etter tusenårsskiftet har veljarar flest gått korkje til venstre eller til sentrum, men til høgre. Så seint som i 1993 fekk dei tre raudgrøne partia så mykje som 62,6 prosent, medan dei to noverande regjeringspartia nøydde seg med drygt 20. På NRK-målinga i førre veke var dei to konstellasjonane jamstore. 60/20 nærmar seg 40/40.

Slik går det når det er vanskeleg å sjå skilnad på Ap og Høgre i dei store politiske spørsmåla, og når berre veljarar til parti kring sperregrensa, og ikkje mogelege Ap-veljarar, tek beina fatt kvar gong nokon ropar «ulv!» om regjeringspartnaren til høgre for Høgre.

Håvard Rem er forfattar, poet
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Etter tusenårskiftet

har veljarar flest gått

korkje til venstre eller

til sentrum,

men til høgre.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis