Formue av gode gjerningarEpistelWalid al-KubaisiJesus vandra frå landsby til landsby og forkynte menneska gode verdiar i livet. Disiplane hans var med. Ein dag dei gjekk forbi ein ruin, såg disiplane noko som glitra. Det viste seg å vera ei skattkiste.

Målarstykket «Jesus og den rike mannen» av Heinrich Hofmann (1889).
Målarstykket «Jesus og den rike mannen» av Heinrich Hofmann (1889).
Publisert

Jesus vandra frå landsby til landsby og forkynte menneska gode verdiar i livet. Disiplane hans var med. Ein dag dei gjekk forbi ein ruin, såg disiplane noko som glitra. Det viste seg å vera ei skattkiste.

­– Du må grava henne opp, sa disiplane til Jesus.

­– De kan gjera det. Eg har ein annan skatt eg vil henta.

Då Jesus kom til byen om kvelden, banka han på ei dør som vart opna av ei eldre kvinne, og spurde om dei tok imot ein gjest.

­– Vær så god, sa kvinna og leidde han inn i stova der sonen etter kvart kom med mat.

Medan dei åt, ville Jesus vita korleis han hadde det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement