Kommentar

To pass for framtida

Det norske forbodet mot dobbelt statsborgarskap stammar frå den tida då folk nesten aldri vende heim att om dei først steig om bord i amerikabåten.

Publisert

Stadig fleire land endrar lovene sine for å tillate doble statsborgarskap. Sist ute var Danmark. Noreg er no det einaste landet i Skandinavia, og eit av berre seks i Europa, som framleis forbyd det. Eit fleirtal på Stortinget går no inn for å greie ut på nytt om vi bør tillate doble statsborgarskap her til lands også.

Sjølv er eg norsk og har budd i Frankrike sidan 2002. Eg oppfyller krava til å verte fransk, men vel ikkje å søkje sidan Noreg ikkje lèt meg ha dobbelt statsborgarskap. Om eg vert aldri så frankofil, er eg jo norsk på botnen. Sjølv om resultatet 7. mai er avgjerande for meg, kan eg difor ikkje røyste på nokon av hanane i kampen om det franske presidentpalasset.

Korrupsjonsjeger Eva Joly var heldigare enn meg. Ho gifta seg med sin franskmann før 1970. Den gongen slapp ein å gje frå seg det norske passet sitt når ein vart fransk. Slik kunne ho endre verda. Ein kan verken verte dommar, presidentkandidat eller europaparlamentarikar for Frankrike om ein berre er norsk.

Unntaka som dominerer

Mange nordmenn går altså alt rundt og kan vifte med to pass, på heilt lovleg vis. Iranarar får til dømes alltid innvilga doble statsborgarskap fordi nasjonaliteten deira rett og slett ikkje lèt seg «seie opp». Tal frå UDI viser at 52 prosent av søkjarane i perioden 1. januar 2010–30. juni 2013 fekk innvilga permanent dobbelt statsborgarskap. 13 prosent fekk eit tidsavgrensa løyve. Men avslaga som kjem, kan setje folk i absurde, fortvilte situasjonar.

Lege Geir Frivold tok ei seksårig spesialutdanning innan hjartesjukdom i USA som han ikkje fekk godkjend i Noreg. Han fekk jobb ved eit statseigd sjukehus i California og måtte difor ha amerikansk statsborgarskap. Då mista han automatisk det norske. Kona og borna er norske. Borna bur i Noreg. Frivold kan aldri ta ut permisjon fordi han då kan miste statsborgarskap, opphaldsløyve og jobb i USA.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement