Kommentar
Militærmakta vender tilbake
Bruken av militærmakt for å løyse konfliktar er aldri blitt borte. Men dei siste få åra er militærmakt blitt mykje viktigare.
Tida frå slutten av Vietnam-krigen til om lag midt i det andre tiåret ut i det 21. hundreåret var ein eineståande epoke: I stadig mindre grad blei militærmakt nytta.
Ikkje minst gjaldt dette for USA. Vietnamkrigen førte til at militærmakt i vide krinsar blei sett på som illegitimt. Under presidentane Carter, Reagan, Bush og Clinton blei militærmakt stort sett brukt til humanitære intervensjonar i mindre land der ikkje andre stormakter hadde vitale interesser. Militærmakt var ikkje lyst i bann, men blei berre nytta i avgrensa grad.
Så kom George W. Bush og prosjektet hans for å byggje eit vestleg demokrati i Irak. Freistnaden var så katastrofal at den neste presidenten, Barack Obama, fekk som sin fremste programpost at militærmakt skulle bli brukt i så liten mon som mogleg.
I Europa var dette endå meir tydeleg: Etter at Sovjetunionen braut saman, nytta dei gamle europeiske stormaktene høvet til ei radikal nedbygging av heile militærmakta. Tyskland – landet som tradisjonelt blei sett på som eit bolverk for militarisme – blei, etter at 1968-generasjonen tok over, prega av pasifistiske førestillingar. Framtida skulle tuftast på internasjonalt samarbeid, felles tryggleik, frihandel og fri rørsle over landegrensene. Den nye europeiske statsskipnaden, EU, skulle helst berre bruke mjuk, ikkje-militær makt.
Når europearane på 1990-talet såg utover verda, fekk dei stadfest framtidsvisjonen om ei verd utan militærmakt: I Moskva sat eit regime som ynskte å bli ein del av Vesten. Noko av det same gjaldt for Kina, som etter at Mao Zedong døydde i 1976, var oppteke med å byggje opp økonomien. Bortsett frå ein kort krig mot Vietnam i 1979, som i Kina går under kodenamnet «Det defensive motåtaket mot Vietnam» (sic!), har Kina ikkje tatt i bruk militærmakt mot utanlandske fiendar på to generasjonar.
Autoritær kapitalisme
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.