Vitskap

Dyre draumar i Dronning Maud Land

Ein ny forskingsstasjon i Antarktis kan koste tre milliardar kroner. Dagens stasjon til 76 millionar har aldri vore fullt utnytta.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide ved Troll-stasjonen under befaringa sist veke. Ein ny stasjon er venta å koste mellom to og tre milliardar.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide ved Troll-stasjonen under befaringa sist veke. Ein ny stasjon er venta å koste mellom to og tre milliardar.
Publisert

Det er harde tider i Noreg, men sparekniven har ikkje nådd Antarktis. Sist veke flaug klima- og miljøminister Espen Barth Eide til forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land med statssekretærar, rådgjevarar, ekspedisjonssjefar, avdelingsdirektørar og departementsrådar, pluss toppsjefar i mellom anna Statsbygg, Norsk romsenter, Meteorologisk institutt, Forskingsrådet og Norsk Polarinstitutt. Turen var å rekne som ei befaring, for regjeringa vil oppgradere Troll-stasjonen. Statsbygg har levert konseptvalutgreiinga, og dei dyraste alternativa har ein prislapp på kring tre milliardar kroner.

«De globale klima- og miljøutfordringene gjør det stadig viktigere at Norge er til stede og driver forskning i Antarktis. En oppgradering av Trollstasjonen er helt nødvendig», heitte det nyleg i ei pressemelding frå Barth Eide. Men kva inneber oppgraderinga, og kva er dette for slags stad?

Nedsliten

Troll-stasjonen er ikkje mykje å sjå til. På avstand liknar han eit knippe containerar på pålar, strødd ut over berget ved fjellet Jutulsessen i Dronning Maud Land, 235 kilometer frå kysten og 1270 meter over havet. Stasjonen vart etablert av ein ekspedisjon i den sørlege sommaren 1989–90. I 2005 vart han oppgradert til heilårsbruk og fekk si eiga flystripe på isen.

Klimaet der er brutalt, med streng kulde og ekstreme vinterstormar. At Troll treng å rustast opp, er det liten tvil om. Bygningane var ikkje av beste kvalitet i utgangspunktet, og ei synfaring i 2020 synte at anlegget er nedslite. Stasjonen slik han står, har ikkje meir enn ti år att, meinte Statsbygg.

Men planane som no ligg føre, er ikkje ei oppussing. Konsepta for nye Troll er av ein heilt annan storleiksorden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement