Ville fjerne stats-støtta til Human Rights Service bør misse statsstøtta på 1,8 millionar kroner, tilrådde Integrerings- og mangfaldsdirektoratet i fjor. Ingenting skjedde.
Human Rights Service bør misse statsstøtta på 1,8 millionar kroner, tilrådde Integrerings- og mangfaldsdirektoratet i fjor. Ingenting skjedde.
Hege Storhaug, informasjonsansvarleg i HRS, signerer bøker i Asker kulturhus i 2015. Bestseljaren Islam. Den 11. landeplage vart omtalt som eit «sentralt prosjekt» for HRS i rapporteringa til IMDi.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Stiftinga Human Rights Service (HRS) er ein profilert og ofte krass deltakar i debatten om innvandring og islam i Noreg. HRS får 1,8 millionar kroner i årleg støtte frå staten gjennom ei ordning kalla «Tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet». I mai i fjor tilrådde Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) i ein rapport at HRS burde takast ut av støtteordninga, fordi verksemda til organisasjonen ikkje er i samsvar med føremåla med tilskotet. Rapporten har til no ikkje vore offentleg kjend.
Denne tilskotsordninga skal mellom anna «medverke til auka deltaking i, og auka tillit til, samfunnet blant innvandrarar og barna deira». 19 millionar kroner vart i fjor fordelt på 16 ulike organisasjonar.
IMDi meiner at verksemda til HRS ikkje er i tråd med intensjonen bak tilskotet, og skriv i rapporten: «HRS har de senere årene hatt en retorikk som av flere blir ansett som fremmedfiendtlig og muslimfiendtlig. En slik retorikk kan skape polarisering og bidra til å svekke tilliten til samfunnet blant deler av innvandrerbefolkningen».
Ville ta ut fem
Direktoratet har ansvar for å følgje opp rapporteringa frå organisasjonane som får dette tilskotet. I fjor bad Justisdepartementet IMDi om å lage ein rapport om arbeidet til organisasjonane som fekk støtte gjennom denne ordninga. Rapporten skulle brukast av departementet i ein gjennomgang av korleis verksemda til støttemottakarane bidreg til å fremje føremålet med tilskotet.
Rådet frå IMDi var at fem av organisasjonane burde takast ut frå tilskotsordninga. Ein av desse er altså Human Rights Service, som vart starta av Rita Karlsen i 2001. Dagleg leiar Karlsen og informasjonsansvarleg Hege Storhaug utgjer i dag HRS saman med Nina Hjerpset-Østlie, som er redaktør for nettstaden Rights.no. HRS har fått statsstøtte sidan 2002.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.