JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil skyte feil ulv

Ulvemotstandarane vil skyte ned mykje av bestanden i ulvesonene. Men dei fleste ulvane som har drepe sau i Noreg, har kome frå Sverige.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sauebønder frå Stange i Hedmark troppa opp utanfor Stortinget med ein tilhengjar full av sauekadaver. Sauene var drepne av ulv.

Foto: Tor Richardsen / NTB scanpix

7849
20170623
7849
20170623

Rovdyrpolitikk

jon@dagogtid.no

Det skal handla om ulv, som så ofte før i Noreg. Og lat oss berre seia det med éin gong: Norsk ulvedebatt er ikkje særleg rasjonell. I skrivande stund vert miljøvernminister Vidar Helgesen berga frå mistillitsframlegget til Senterpartiet, som enda opp med å verta det einaste partiet som gjekk inn for å fjerna ministeren. Og kvifor vart ministeren berga? Han lovde å gjera det som til og med hans eiga stortingsgruppe hadde gått inn for: å gje løyve til å drepa mykje meir norsk ulv, noko han så seint som i vinter sa var ulovleg etter folkeretten, Bernkonvensjonen og Naturmangfaldslova.

Men vent? Skreiv vi norsk ulv? Ja. I fjor haust vedtok dei regionale rovviltnemndene ein samla lisensfellingskvote på 47 ulvar for vinteren 2016–2017, 24 av desse skulle vera innanfor ulvesona. Vedtaket vart som alltid klaga inn til Klima- og miljødepartementet, som i det store og heile har brukt å ignorera slike klager for ikkje å provosera bøndene og Sp, men der var ikkje Helgesen. Han reduserte kvoten til 15 ulvar, og berre utanfor ulvesona. I tillegg fekk han Lovavdelinga i Justisdepartementet til å laga ei utgreiing. Avdelinga konkluderte med at i fire ulverevir – og dei kan vera opp til 2000 kvadratkilometer store – ikkje var dokumentert tilstrekkeleg skadepotensial på husdyr og tamrein. Og når sant seiast skal, verkar det som om både Helgesen og Lovavdelinga har eit poeng når det gjeld Bernkonvensjonen, som vi skal koma attende til. Problema er i alle høve no soge, sidan Helgesen har lagt seg flatt i Stortinget.

Ulvemeldinga

Men det var altså dette med norsk ulv. For les ein ulvemeldinga til regjeringa, og meldinga kom i mars i fjor, og snakkar ein med ulveforskarar, som i denne artikkelen skal få vera anonyme av grunnar vi kjem attende til (sjå sidesak), og set vi oss inn i den internasjonale forskingslitteraturen på nordiske store rovdyr, og den er omfemnande, ja, så er det litt vanskeleg å forstå opphenget vi har på norsk ulv. For det er svensk ulv som drep norsk sau. Eller som det lakonisk står i Melding til Stortinget (2015–2016) 21 Ulv i norsk natur: «DNA-analyser viser at det først og fremst er ulv fra grenserevir og Sverige som gjør skade på beitedyr utenfor dagens ulvesone.»

Enkelt sagt: Når ein norsk ulv stikk frå flokken sin for å få para seg, stikk han austover for å finna friske avlspartnarar; ein svensk ulv trekkjer vestover. Vi siterer igjen frå ulvemeldinga: «Eksempelvis viste DNA-analyser at samtlige elleve ulver som døde (dei vart i hovudsak drepne, red. merk) i Norge fra juli 2014 til juli 2015 var født i svenske eller grenserevir.» Ingen av sauedreparane i denne perioden var frå heilnorske revir.

Sjå til Hadeland

Førre veke var ei stor veke på Hadeland. Då kom fyrst toppane frå Arbeidarpartiet og eit par mindre parti. Så kom Vidar Helgesen med store svarte bilar, deretter, på torsdag, dukka landbruksminister Jon Georg Dale opp i motorkortesje. Og sist, men på ingen måte minst, kom Erna Solberg lågt flygande i helikopter. Ein ulv, moglegvis to, hadde på 14 dagar teke minst 112 sauer på det sentrale Austlandet nord om Oslo. Kvar var den hovudmistenkte ulven frå, syner DNA-prøvene? Sverige. Ikkje ein einaste ein av dei ulvane Helgesen sa nei til å fella i vinter, var ansvarleg for massedrapa.

«Dette er en dramatisk situasjon», sa Solberg til VG. «Spesielt for de bøndene som er rammet av denne ulvens herjinger. De er selvsagt opptatt av økonomien i dette, men de er først og fremst opptatt av at dyrene sine skal ha det bra. De er glad i dem, og det er hjerteskjærende å se dem drept.»

På spørsmål om kva ho meinte om kritikken frå Sp, som held Helgesen direkte ansvarleg for sauedrapa, nekta ho for at ho kom på vitjing for å fiske røyster frå Senterpartiet: «Nei, jeg kom hit fordi dette er en vanskelig sak som regjeringen har jobbet mye med. Vi var raskt ute med fellingstillatelse etter ulveangrepene her, og vi har tillatt nye metoder, nemlig bruk av hund.» Og til dei som lurer: Både hundane og jegerane kjem frå Sverige.

Men sjølvsagt kom Solberg til det indre Austlandet for å fiske etter røyster. For så vanskeleg og infisert har ulveordskiftet og -regimet vorte, at det kan avgjera valet til hausten. For ulven er komen som gudesend til Sp og dimed dei raudgrøne. Ja, så langt har det kome at stort sett alle stortingsrepresentantane frå Høgre med tilhald i ulv- og saueområde, har gjeve uttrykk for open mistillit mot eigen miljøvernminister. Ryk det blåblå fleirtalet med eit par representantar frå det indre Austlandet, kan vi trygt rekna med at Støre i løynd takkar Fenrisulven. Eit anna spørsmål er kvifor Solberg og Helgesen ikkje kan fortelja pressa at dei ulvane dei ikkje tillèt vert felte, stort sett ikkje har noko med den norske ulveplaga eller sauedrepinga å gjera. Eller kanskje dei gjer det, men pressa vil ikkje øydeleggja ei god soge?

Rimeleg greitt

Men så er det også pressas rolle å skapa konfliktar for slik å skapa interesse for demokrati og val. Spørsmålet er likevel om vi ikkje har gått vel langt i ulvesaka. For i motsetnad til kva ein skal tru, er det nokså stor semje på Stortinget om at vi både skal ha ulv og få ned rovdyrplaga generelt og ulveplaga spesielt. Båe målsetjingane vert stort sett oppnådde. Det er no litt over ein million vinterfôra sauer i Noreg, og det vart truleg sleppt ut rundt 2,3 millionar sauer og lam på beite i vår. Tapa er i grunnen særs låge.

I 2015 vart det gjeve rovdyrerstatning for 20.133 sauer og lam. 680 av desse vart truleg tekne av ulv. I 2003 vart det gjeve erstatning for 31.800 sauer. Tala for ulv er nokså gode, sidan det vert teke omfemnande DNA-prøver når det er mistanke om at ulven har drepe dyra. Den lange trenden er at det vert gjeve færre og færre erstatningar for tap til rovdyr. Men ja, over tid har det vore ein liten tendens til ein svak auke i tap til ulv. Det er rett nok ikkje grunna ulvesonene og kjende ulverevir. «Hovedsaklig har de påviste tapene til ulv skjedd i områder utenfor faste revirer, og utenfor ulvesonen (…) (79–99 % av påviste skader den siste femårsperioden), og har ingen direkte sammenheng med ulv etablert innenfor ulvesonen.» Svensk ulv og ingen direkte samanheng, altså.

Kva seier Bern?

Så var det denne Bernkonvesjonen som Noreg har underskrive. Denne ratifiseringa er det så brei semje om på Stortinget at det ikkje éin gong i denne eller førre perioden stod noko som helst i Sps stortingsprogram om at dei vil ut av konvensjonen. Norsk ulv var i praksis utrydda i 1950- og 1960-åra. I 1971 var ulven freda i Noreg, og kort tid etter underskreiv vi Bernkonvensjonen. Då var det truleg ti dyr att i Sør-Skandinavia. Denne stamma regulerer vi saman med svenskane, og i 2014–2015 var ho truleg komen opp i 460 individ. Bernkonvensjonen er harde saker, og kjernen er Artikkel 6: Det skal vera forbod mot «alle former for forsettlig fangst og fangenskap og forsettlig dreping». Det finst nokre unntak:

«Det første generelle vilkåret er at det ikke finnes noen annen tilfredsstillende løsning. Det andre generelle vilkåret er at unntaket ikke vil være skadelig for bestandens overlevelse. Det mest aktuelle spesielle vilkåret er at unntaket skal avverge alvorlig skade på avlinger, husdyr, skog, fiske, vann eller annen eiendom. Etter internasjonal juridisk teori og praksis er unntaksadgangen etter artikkel 9 snever.»

Helgesen seier no at viltnemndene på ny skal få gje løyve til å skyta dyr i ulvesonene. Det spørst om det ikkje med den noverande empirien er langt utanfor folkeretten og Bernkonvensjonen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Bernkonvensjonen er harde saker, og kjernen

er Artikkel 6: Det skal vera forbod mot

«alle former for forsettlig fangst og

fangenskap og forsettlig dreping.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis