JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Vil ha fram nyansane

Sjef for Politiets utlendingseining Arne Jørgen Olafsen ser ikkje grunn til å kritisere politiet sitt arbeid i Kongsberg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Politiet gjer undersøkingar i Kongsberg sentrum. Alle dei fem som vart drepne i Kongsberg, vart drepne etter at politiet fekk kontakt med gjerningsmannen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

4709
20211022

Samtalen

Arne Jørgen Olafsen

Sjef for Politiets utlendingseining

Aktuell

Politiets handtering i Kongsberg

4709
20211022

Samtalen

Arne Jørgen Olafsen

Sjef for Politiets utlendingseining

Aktuell

Politiets handtering i Kongsberg

eva@dagogtid.no

Det står fram som ein tragedie i tragedien når det kjem nyhendemeldingar som den vi fekk førre torsdag, om at alle dei fem som vart drepne i Kongsberg, vart drepne etter at politiet fekk kontakt med gjerningsmannen.

Dei to fyrste polititenestepersonane som kom til Coop Extra-butikken i Kongsberg sentrum onsdag kveld, hadde våpen, men lét verneutstyret liggje i bilen for å gå «rett i aksjon». Etter å ha vorte skotne mot to gonger med pil og bue inne i butikken, trekte dei seg tilbake til inngangspartiet i butikken, syner ein video VG har fått tilgang til. Like etter klarte gjerningsmannen å kome seg unna politiet.

Dag og Tid har snakka med Arne Jørgen Olafsen. Han er i dag sjef for Politiets utlendingseining, men var tidlegare politimeister i Follo politidistrikt og visepolitimeister i Øst politidistrikt. I tillegg var han medlem av utvalet som i 2016 og 2017 vurderte politiets væpningspraksis.

– Er terskelen for å bruke våpen for høg?

– Det har eg ikkje grunn til å seie, men det er heller ikkje eit tema det er forska på enno. Eg veit at Politihøgskulen no vurderer om det skal forskast på. Men det er klart at når alle tilfelle med bruk av skytevåpen skal til Spesialeininga for politisaker og i tillegg vert vurderte av media, er konsekvensane store også for dei som skyt. Konsekvensane er jo alt store nok for den det vert skote mot, og så vert det mykje i tillegg.

– Har dette noko å seie for avgjerda om å bruke våpen eller ikkje?

– Det kan godt vere det påverkar politifolk i ulik grad. Alt vert jo granska i minste detalj. Samstundes er vi ikkje gode nok til å diskutere kva som er godt, og kva som er dårleg arbeid generelt, slik eg ser det. Vi diskuterer det perfekte og det straffbare, men vi tek ikkje i tilstrekkjeleg grad stilling til eller diskuterer nyansane i mindre godt og godt politiarbeid elles.

– Kva lærer politiet om våpenbruk og situasjonar der dei kan måtte bruke våpen?

– Dei skal ha minst 48 timar i året der dei øver på skyting og arrestasjonsteknikkar. Utover det er det mykje opp til den enkelte korleis dei søkjer å utvikle seg. Dei kan diskutere med kollegaer, lese eller drive mental førebuing. Her er det sikkert ulik kultur frå tenestestad til tenestestad for korleis ein lærer av kvarandre og evaluerer hendingar.

– De to fyrste politibetjentane som kom til matbutikken i Kongsberg, gjekk inn i butikken væpna, men før dei hadde rokke å ta på seg verneutstyr. Kva vurderingar er det politiet må gjere i ein slik situasjon?

– Eg kjenner denne saka berre frå media, men eg vil tru dei vurderte kor mykje det hasta. Og så må vi ikkje gløyme at dei her hadde fått beskjed om at det var snakk om ein person med pil og boge. Før Kongsberg er det vel ingen som har tenkt at pil og boge høyrest så farleg ut. Men dei visste at det var det vi kallar plivo, pågåande livstrugande vald, og kan ha vurdert det som viktigare å gå i gang enn å bruke eit ekstra minutt til å ta på seg verneutstyr. Det er lett å sitje etterpå og vurdere om det var lurt eller ikkje, men eg ser ikkje grunn til å seie at det var ei feilvurdering.

– Kva instruks er det politiet jobbar etter i ein slik situasjon?

– Plivo, som dei fekk melding om over sambandet, inneber å avvike frå normal taktikk. Det normale er å prøve å få gjerningsmannen ut. Her skal politiet i staden storme inn med større risiko. Samstundes må dei bruke hovudet og vurdere risiko også i ein slik situasjon, og tenkje på tryggleiken både for seg sjølv og for publikum. Det seier seg sjølv at inne i ein butikk vil det vere svært uoversiktleg.

– Å jage ein gjerningsmann i ein butikk kunne vel ha sett fleire andre i fare?

– Ja, og det er slike vurderingar ein må gjere. Skal det avfyrast skot, er det viktig at ein har mest mogleg oversikt. Det kan vere så mangt bak hyllereolar, kassaapparat og den typen ting.

– Korleis ventar du at politiets jobb i Kongsberg vert følgd opp?

– Det er varsla at politiet skal evaluere handteringa i samsvar med beredskapsrutinar. Om nokon meiner det bør vurderast av eksterne, vert opp til departementet å avgjere. Ut frå det som har kome fram så langt, ser eg derimot ikkje grunn til å kritisere politiet. Reint politifagleg ser det ut til at politiressursane kom til staden svært raskt, men når fem personar er drepne etter den fyrste kontakten med politiet, som er svært uheldig, er det naturleg at dette vert evaluert og undersøkt grundig.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Konsekvensane er store også for dei som skyt.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis