Utdanning
Vil ha fleire lenger i skulen
Høgre vil tilby ungdomen eit 11. skuleår. Statssekretær Saida Begum ser mot Danmark, der 50 prosent av 16-åringar tek eit ekstraår.
Eit 11. skuleår skal vere eit ekstra tilbod til dei som har behov for ei anna pedagogisk tilnærming enn vanleg klasseromsundervisning, ifølgje Høgre.
Foto: Berit Roald / NTB
Høgre vil reformere ungdomsskulen og går inn for eit friviljug 11. skuleår. Statssekretær Saida Begum frå Oslo Høgre er blant pådrivarane.
– Eit 11. skuleår er eit verktøy for å tilpasse undervisninga meir til eleven og ei anerkjenning av at elevar lærer på ulik måte. Målet er å få fleire gjennom skuleløpet – å gjere dei betre budde til å klare vidaregåande.
– Er det korleis eleven gjer det i ungdomsskulen, som avgjer om han fullfører vidaregåande?
– Det har mykje å seie. Skilnader aukar gjennom skuleløpet, og det kan vere vanskeleg å ta att kunnskapshol på vidaregåande. Men eit 11. skuleår handlar ikkje berre om fagnivå. Det skal òg vere for dei som ikkje er klare for vidaregåande, dei som ikkje har bestemt seg for studiespesialiserande eller yrkesfag, eller for elevar som har vorte mobba og vil ta eit år i nytt klassemiljø. For å vere vellukka må elevgruppene vere mangfaldige.
– Vert dei det, når tilbodet er friviljug?
– Eg trur det er mogleg om tilbodet vert opplevt som attraktivt. Drammen og Oslo har tilbod om eit 11. skuleår i dag, og der vert elevgruppene sette saman ut frå mangfald. Det same ser vi i Danmark, der 50 prosent av elevane vel eit førebuande 11. skuleår. Der er det mangfald, og evalueringane syner at det er viktig. I tillegg trengst det lærarar som er erfarne i å løfte elevar, og ein annan pedagogikk og ei anna fagsamansetjing enn i den vanlege skulen. Å få kvar elev til å oppleve motivasjon og meistring er viktig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.