Utanriks
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Regjeringsmannen tømmer eit glas med raud iste, faldar hendene over eikekafébordet og tek tolmodig opp att poenga sine, så ingen kan vera i tvil:
– Vi vil ikkje berga heile verda, vi vil berre berga oss sjølve. Det er difor vi meiner at krigen i Ukraina bør stansa. Vi bryr oss om Ungarns interesser. Vi bryr oss ikkje om russarane, og vi bryr oss ikkje om ukrainarane. Det er så enkelt.
Balázs Orbán held augnekontakten gjennom dei 1980-talsinspirerte brillene og lèt oppsummeringa setja seg. Det er som om ho på ein gong fortel at det ikkje er meir å snakka om – og samstundes opnar for uendeleg mange oppfølgingsspørsmål.
Så bankar ein av assistentane hans på døra for fjerde eller femte gong for å gjenta at tida er ute.
Intellektuell kraft
Sommaren 2021 var det masseprotestar i Budapest, då det ungarske parlamentet under Viktor Orbán gjorde det ulovleg å «fremja» homoseksualitet og flytande kjønnsidentitet overfor mindreårige.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.