Vegen ut i verdshavaOm offshoremerdar blir ein suksess, kan det tyde slutten på den norske laksedominansen.

Om offshoremerdar blir ein suksess, kan det tyde slutten på den norske laksedominansen.

Publisert

Fram til no har lakseoppdrett vore avhengig av skjergard og fjordar som skjermar merdane for dei verkeleg store kreftene i havet. Her har Noreg hatt ein stor konkurransefordel på grunn av den oppskorne kysten. Men dersom store havmerdar viser seg å fungere, kan det endre spelereglane for heile næringa. I så fall kan enorme sjøareal i til dømes det nordlege Stillehavet bli attraktive stader å drive lakseoppdrett, område som ligg nær store marknader i Asia og Nord-Amerika. Offshoremerdar treng berre ein høveleg sjøtemperatur og nok straum for å fungere.

Kinesisk havmerd

I Kina har fleire investorar tenkt i slike banar alt. I mai i år leverte Wuchang-verftet i Qingdao i Kina ein havmerd til eit kinesisk selskap som vil satse på lakseoppdrett i Gulehavet. Den første smolten er allereie sett ut, skreiv bransjenettstaden Undercurrent News 1. oktober. Bileta tyder på at anlegget liknar mykje på den første havmerden til SalMar, og det er kanskje ikkje tilfeldig: Det var det same verftet som bygde merden for SalMar òg.

Dette kan vere starten på ei kinesisk storsatsing som kan skake heile laksemarknaden. Ei rekkje offshoremerdar er under bygging i Kina, og også staten har engasjert seg. Havmerden til SalMar er ei viktig årsak til interessa, meiner Carol Shang, marknadssjef i ingeniørfirmaet De Maas, som har fått mange av oppdraga. «Eg trur kinesiske styresmakter såg SalMars merd og tenkte: «Kvifor gjer ikkje vi det der?», sa Chang nyleg til Undercurrent News, og føydde til: «Når den kinesiske regjeringa ønskjer å gjere noko, gjer ho det på alvor».

Truga med utflagging

Også norske oppdrettarar har tenkt høgt om å satse til havs i kinesiske farvatn. I 2016 var Inge Berg, eineeigar av selskapet Nordlaks, misnøgd med at det tok så lang tid å få klarsignal for havfarmane sine i Noreg. Berg sa da til Dagens Næringsliv at han kanskje måtte flytte prosjektet sitt til Kina. «Det er ikke aktuelt for Nordlaks akkurat nå, men det kan bli konsekvensen på sikt dersom vi ikke får lov å investere i Norge», sa Berg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement