Vart skremd
Marhú Salas-Filip blei uplanlagt gravid som 19-åring.
Helsestasjonen bestilte aborttime.
Marhú Salas-Filip blei gravid som 19-åring og 28-åring. Det var to ulike opplevingar, fortel ho.
Foto: Privat
Samfunn
elovereide@gmail.com
– Det å bli gravid som 19-åring var ganske spesielt, seier Marhú Salas-Filip.
Salas-Filip fekk kjennskap til graviditeten då ho var innlagd på sjukehus etter ein alvorleg nyrebekkeninfeksjon. Ho var dauden nær og vog berre 47 kilo då ho blei friskmeld.
– Eg blei skremd av det heile, og helsestasjonen reagerte med å gje meg time til å ta abort på sjukehuset, sjølv om eg var usikker på kva eg ønskte å gjere. Faren var ikkje inne i bildet. Då eg kom på sjukehuset bad eg om ultralyd. Eg fekk sjå son min, og at hjartet slo. Då var ingenting anna lenger viktig, fortel Salas-Filip, som bur i Bærum.
Blei frisør
Salas-Filip bestemte seg for å utdanne seg til frisør, og det var slik ho møtte mannen sin. Han var hårmodell og begynte etter kvart å hjelpe til med å passe son hennar, slik at ho kunne fullføre lærlingtida, og det enda med både fagbrev og bryllaup. Men overskotet ho hadde som 19-åring var ikkje på same nivå då ho fekk barn nummer to, denne gongen som 28-åring.
– Eg jogga heilt fram til ei veke før termin første gongen, men med dottera vår var det både kvalme og bekkenløysing. Eg orkar ikkje bli med i akebakken som eg pleidde. Eg er eldre, og merkar det veldig godt.
Tøft som student
Ho merkar også forskjell på korleis ho blei behandla dei to gongane ho har vore gravid. Som 19-åring fekk ho blikk og negative kommentarar, men som 28-åring blei ho mottatt med forståing og støtte.
– Det var som om dei meinte at eg ikkje var moden nok til å få barn.
Sidan ho var så ung då ho fekk barn, har det blitt få ferieturar, og ho har ikkje førarkort.
– Men ungane har det dei treng, og eg ser fram til å oppleve å få barnebarn lenge før mi tid er over, seier Salas-Filip.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»