Vil ha fleire lenger i skulen
Høgre vil tilby ungdomen eit 11. skuleår. Statssekretær Saida Begum ser mot Danmark, der 50 prosent av 16-åringar tek eit ekstraår.
Eit 11. skuleår skal vere eit ekstra tilbod til dei som har behov for ei anna pedagogisk tilnærming enn vanleg klasseromsundervisning, ifølgje Høgre.
Foto: Berit Roald / NTB
Samtalen
Saida Begum
Statssekretær (H)
Aktuell
Var pådrivar for at Høgre skulle gå inn for eit 11. skuleår

eva@dagogtid.no
Høgre vil reformere ungdomsskulen og går inn for eit friviljug 11. skuleår. Statssekretær Saida Begum frå Oslo Høgre er blant pådrivarane.
– Eit 11. skuleår er eit verktøy for å tilpasse undervisninga meir til eleven og ei anerkjenning av at elevar lærer på ulik måte. Målet er å få fleire gjennom skuleløpet – å gjere dei betre budde til å klare vidaregåande.
– Er det korleis eleven gjer det i ungdomsskulen, som avgjer om han fullfører vidaregåande?
– Det har mykje å seie. Skilnader aukar gjennom skuleløpet, og det kan vere vanskeleg å ta att kunnskapshol på vidaregåande. Men eit 11. skuleår handlar ikkje berre om fagnivå. Det skal òg vere for dei som ikkje er klare for vidaregåande, dei som ikkje har bestemt seg for studiespesialiserande eller yrkesfag, eller for elevar som har vorte mobba og vil ta eit år i nytt klassemiljø. For å vere vellukka må elevgruppene vere mangfaldige.
– Vert dei det, når tilbodet er friviljug?
– Eg trur det er mogleg om tilbodet vert opplevt som attraktivt. Drammen og Oslo har tilbod om eit 11. skuleår i dag, og der vert elevgruppene sette saman ut frå mangfald. Det same ser vi i Danmark, der 50 prosent av elevane vel eit førebuande 11. skuleår. Der er det mangfald, og evalueringane syner at det er viktig. I tillegg trengst det lærarar som er erfarne i å løfte elevar, og ein annan pedagogikk og ei anna fagsamansetjing enn i den vanlege skulen. Å få kvar elev til å oppleve motivasjon og meistring er viktig.
– Er det ikkje ei fallitterklæring for den vanlege skulen om halvparten av elevane skulle ha behov for eit ekstraår?
– Nei, det betyr berre at vi må ha alternative opplæringsløp. Elevane har rett på tilpassa undervisning i dag òg, men det er store skilnader i behov mellom skular, på skular og i klasserom, og ikkje alltid like lett å gje den tilpassa undervisninga.
– Kan ikkje eit ekstra år gje insentiv til å ikkje setje inn ekstraressursar i ungdomsskulen?
– Det trur eg ikkje. Det er ingen motsetnad mellom dei to tinga. Vi skal gjere begge delar. Eit 11. år er eit ekstra tilbod til dei som har behov for ei anna pedagogisk tilnærming enn vanleg klasseromsundervisning.
– På 60-talet vart det gjort forsøk med eit valfritt 10. skuleår. Byggjer de på erfaringar frå den gong?
– Eigentleg ikkje. Det er vesentlege skilnader mellom tilbodet den gong og det vi føreslår no. Det 11. skuleåret skal vere etter modell frå Oslo og Drammen, med alternativt pedagogisk opplegg og høve til ei anna fagsamansetjing. Ekstraåret på 60-talet var eit vanleg skuleår der ein kunne ta opp fag.
– Korleis er erfaringane frå Oslo og Drammen?
– Veldig gode. Tilbodet i Oslo starta som eit forsøk under områdesatsingane (som skal medverke til betre levekår i område med store levekårsutfordringar, journ. merk.) og fungerte så godt at det no er permanent.
– Kan ikkje eit ekstraår forsterke sosiale skilnader?
– Eg trur det kan medverke til å utjamne sosiale skilnader. Året er friviljug, og tilbodet kan leggjast til ein vidaregåande skule fysisk for å ikkje kjennast stigmatiserande. I Oslo ligg det til ein av dei vidaregåande skulane med flest søkjarar. Eg trur det er betre å få tilbod som gjer at ein kan lære betre og fullføre vidaregåande, enn å gå vidaregåande år etter år utan å klare å fullføre. Alt før koronaen, i 2019, var det 110.000 unge under 30 år som verken hadde jobb eller studerte. Fleirtalet av dei hadde ikkje fullført vidaregåande. Får vi fleire av dei til å fullføre, kan vinsten i redusert utanforskap vere enorm.
– Lied-utvalet, som vurderte endringar i vidaregåande opplæring, tilrådde ikkje eit 11. skuleår.
– Ulike utval har føreslege ulike ting. Stoltenberg-utvalet (som såg på kjønnsskilnader i skulen, journ. merk.) var for eit 11. skuleår og meinte det var særleg bra for gutar.
– Kan det verte eit tilbod med overrepresentasjon av gutar?
– Det veit vi ikkje enno. Men vi veit at mange elevar er glade for tilbodet i dag. Lærarar fortel om elevar som har vore inneslutta og lite sosiale når dei starta, og som har blomstra både sosialt og fagleg i løpet av skuleåret. Ut frå dei erfaringane meiner eg tilbodet bør kome alle elevar som ønskjer det, til gode, uavhengig av kvar i landet dei bur.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det 11. skuleåret skal vere etter modell frå Oslo og Drammen, med alternativt pedagogisk opplegg.
Fleire artiklar
Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.
Foto: Sigbjørn Berven
Solide røter
Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.
Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.
Foto: Cappelen Damm
Den tunge kampen mot bileufori
Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Jim Watson / AFP / NTB
Trump ord for ord
Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.