Utdanning
Språkveggen mellom forsking og samfunn
Høgare utdanning kostar nær tre kulturdepartement årleg, men samfunnsdebatten får lite att når mest all norsk forsking nyttar engelsk, utan samandrag og etablering av nøkkelord på norsk.
Di høgare ein kjem i den norske utdanningspyramiden, di færre nyttar norsk. Av norske forskingsartiklar vert ni av ti skrivne på engelsk. Lenger nede i pyramiden: Berre helvta av norske masteroppgåver er skrivne på norsk. Åtte av ti var norskspråklege i 1986, då eg var 27 år og i hovudoppgåvealder. Språkendringa held høgt tempo.
Fag- og formidling
Debatten om engelskprosentdelen i norsk forsking held fram, men det er ikkje det det handlar om her. Dette er ikkje ein klagesong over anglifiseringa. Ein stoggar ikkje Golfstraumen med ein champagnekork. Nei, her skal me berre sjå på to detaljar: samandrag og nøkkelordliste.
Heller ikkje dei kjem på norsk. Og det er dei som avgjer om det skal stå ein vegg eller eit vindauge mellom den engelskspråklege forskinga i Noreg og den norskspråklege ålmenta.
Det handlar om tre f-ar: fagspråk, formidling og folk. Med engelsk som forskingsspråk må formidlingsspråket vera norsk. Men er det det?
Fyrste ledd i formidlinga frå forsking til folk er samandrag og nøkkelordliste. Forskinga utviklar og etablerer sams fagtermar på tvers av tid og stad, for utan dei kan ikkje forskarane prata saman og forstå kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.