Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Landsbyen som ikkje vil døy

HIRURE: – Om eg ikkje kjem til himmelen, så gjer det ikkje noko. Eg har hatt himmelen min i dette livet, her i Hirure. Om dei så drep 20 eller 30 av oss, blir eg verande her.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein tyrkisk soldat skaut småbrukaren Ramazan Ali (70) tysdag 1. juni 2021. Han kan  aldri meir vatne åkrane eller hauste inn nøtter frå utmarka rundt Hirure.

Foto: Christian Peacemakers Teams Iraqi Kurdistan

9924
20210709

Bakgrunn

Saddam Hussein

President i Irak frå 1979 til den amerikanske invasjonen i 2003

Dødsdømd og avretta i 2006

Anfal

President Hussein gav i 1988 skriftleg ordre om ein militæraksjon for å utrydde den kurdiske bygdekulturen.

Han lånte ordet «anfal» frå eit vers i Koranen. Verset handlar om deling av krigsbytte. Soldatar raserte over 3000 landsbyar.

Anfal-museet i Suleimania opplyser at 181.000 mista livet. Mellom dei var jezidiar, assyrarar, shabakar, armenarar og andre minoritetar.

Okkupert av Tyrkia før 2021

Okkupert i militæraksjon i 2021

Noverande militær framrykking

Tyrkisk militærbase

Strategisk fjell

Tyrkisk dronebase

Ny base freista etablert

Nord-Irak

erfolk@online.no

«Aref Omer» seier dette da vi står ute på gardsplassen hans. Slik forholda er no, finn eg det tryggast å ikkje bruke det verkelege namnet hans.Naboar seier som han: «Hirure er landsbyen vår. Her blir vi.» Alt er fredeleg. Gradstokken viser godt over 40 grader. Samtidig veit dei og eg at mange har flykta. Einaste lyden kjem frå ein drone som sirklar over oss. Hirure ligg sju–åtte kilometer sør for grensa mellom Irak og Tyrkia.

Eg er på ei lita rundreise i eit av dei krigsherja områda i Nord-Irak. Tre tilsette i den amerikanske organisasjonen CPT er vegvisarar. CPT er Christian Peacemaker Teams – Iraqi Kurdistan. Christopher er amerikanar. Kamaran og Ronak er kurdarar. Ronak er flyktning frå Iran, men bur i Nord-Irak no. Ho kombinerer deltid i CPT med laboratoriejobb på eit sjukehus i Suleimania, ein by som er jamstor med Oslo. Dei dokumenterer, utan å velje side i krigen. CPT har godt omdømme fordi dei stiller opp for sivilbefolkninga.

For meg er dei døropnarar. Vi slepp gjennom dei fleste sjekkpunkta i krigsområdet etter at Ronak har forklart kvifor CPT denne gongen har med seg ein person med norsk pass.

Historisk bakgrunn

Mange europearar veit ikkje at Tyrkia har ført krig i Nord-Irak heilt sidan 1990-åra. Enda færre kjenner den historiske bakgrunnen.

General Mustafa Kemal Atatürk, som grunnla staten Tyrkia i 1923, måtte forhandle med England og Frankrike om delinga av Det osmanske riket, taparen frå første verdskrigen. Atatürk la eit nytt kart på forhandlingsbordet. Kartet viste eit Tyrkia som omfatta dei nordlege og svært oljerike delane av det som i dag er Irak og Syria. Atatürk nådde ikkje fram. Han måtte godta dei grensene stormaktene dikterte for den nye staten.

Dei siste åra har president Erdogan brukt Atatürk-kartet frå 1920 for å vise at Tyrkia har «rett» til delar av dei to nabostatane. Han vil flytte grenser og ta ein historisk revansj.

Kurdisk innbyrdeskrig

I 1997 deltok Tyrkia i den siste fasen av ein årelang innbyrdeskrig mellom dei to største kurdiske partia. Tyrkiske fly støtta bakkestyrkane til Kurdistans demokratiske parti (KDP) mot Patriotisk union Kurdistan (PUK). Samtidig hevda Tyrkia at dei berre skulle nedkjempe geriljastyrkar frå PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet).

PUK-leiar Jelal Talebani (1933–2017), som var president i Irak frå 2006, godtok ikkje det tyrkiske argumentet. Han meinte Tyrkia var ute etter å skade den kurdiske kampen for sjølvstyre innanfor staten Irak: «Med PKK som påskott vil dei hindre at eit føderativt Kurdistan veks fram i området», sa Talebani da eg møtte han i 1998. Eit føderativt Kurdistan kunne bli eit hinder for tyrkisk ekspansjon.

Seinare har det vorte fleire krigar. Med ei ikkje namngitt regjeringskjelde skreiv tidsskriftet Lvin i 2008 at Tyrkia da hadde 3235 soldatar og spesialstyrkar fordelte på 13 basar på irakisk jord. I dag er det minst 38 basar. Tyrkia okkuperer no tre landområde og fører krig for å utvide dei, slik kartet viser.

Den vakraste landsbyen

– Hirure er den største landsbyen i distriktet, seier «Aref».

– Og den vakraste, legg han til.

– Ja, til og med ein tyrkisk soldat som kom ned hit frå den nærmaste basen, sa at landsbyen vår er vakker.

Han peiker oppover mot den nybygde artilleristillinga som soldaten kom frå.

Eg forstår det «Aref» seier om himmelen i dette livet. Det er så utruleg vakkert her. Husa ligg innimellom høge lauvtre av mange slag. Nokre skal vere meir enn 100 år gamle. Store og små blad med ulike grønfargar er som eit tak over oss. Rikeleg med vatn. Alt er så frodig. Åkrane ligg nær sjølve landsbyen. Før det tyrkiske åtaket i april var det frukthagar i utmarka. Nøtter og andre nyttevekstar voks vilt. Bikubane gav ei sikker attåtinntekt.

Familiane levde godt her. Hirure hadde eigen grunnskole. No er alt usikkert. Dei siste åra har den tyrkiske krigen mot PKK-geriljaen aldri vore langt unna. Men verken geriljaen eller tyrkiske soldatar kom til Hirure.

Natta som endra alt

Før daggry 24. april gjennomførte fly og dronar tolv åtak tett inntil Hirure. Seinare har dei gong på gong sleppt bomber og starta brannar. Hus er øydelagde. Bikubane og dei verdfulle nyttevekstane finst ikkje lenger. Ein droneoperatør bomba ei vasskjelde nær vegen fram til Hirure nokre timar før vi kom.

– Vi kan ikkje gå dit, svarar «Aref» da eg ber om å få sjå og fotografere nokre av dei øydelagde husa.

Lauvverket er så tett at vi ikkje ser resultata av bombeåtaka sjølv om avstanden er kort.

– Viss vi går dit, kan dei skyte på oss.

«Aref» peiker igjen opp mot dei to artilleristillingane som tyrkiske soldatar bygde i mai. Oppe på åsryggen ser eg overvakingskamera som er retta mot landsbyen. Tyrkia ser oss – og vil at vi skal vite det.

Distriktsleiar Sabry

Hirure er ein av mange landsbyar i Kani Masi-distriktet. Distriktsleiar Sarbast Sabry møter oss i rådhuset. Den regionale kurdiske regjeringa utnemner distriktsleiarane. Det liknar utnemning av norske fylkesmenn. Sabry forklarer kor øydeleggande den tyrkiske krigføringa er for landsbyane og næringslivet i distriktet hans.

Han tar ein pause for å kontrollere, underteikne og stemple eit skjema som ein funksjonær legg framfor han:

– Kvar dag får eg slike søknader om erstatning frå småbrukarar og andre. Denne gjeld mellom anna 115 nedbrende epletre.

Sabry seier at mukhtar – den valde leiaren i landsbyen – gjennomgår og skriv under før søknaden blir levert på rådhuset.

– Dei som lir skade, har rett på erstatning. Eg sender søknaden til landbruksdepartementet.

CPT har påvist at tyrkiske styrkar driv snauhogst i okkupert område og sel tømmer til møbelindustrien i Tyrkia.

– Eg veit ikkje, svarar distriktssjef Sabry da eg spør om omfanget.

– Tyrkia bygger vegar der, fram til statsgrensa. Området er okkupert. Eg får ikkje kome dit, sjølv om eg er representant for regjeringa.

– Folket betaler

Sabry fortel at ei tyrkisk bombe nyleg slo ned berre 100 meter frå rådhuset. Sjølv tilhøyrer han Kurdistans demokratiske parti (KDP), det sterkaste av regjeringspartia i Nord-Irak.

– Tyrkia bombar åkrane og frukthagane. 25.000 mål er brende. Befolkninga her betaler prisen for krigen mellom PKK og Tyrkia. Dei må løyse konfliktane seg i mellom. Det må dei gjere i Tyrkia og ikkje i Irak. Og dei må bruke fredelege, politiske metodar.

Han legg til at naudhjelp ikkje nyttar:

– Krigen må stoppast. Eg kjenner lukta av eit nytt Anfal, seier distriktsleiaren til slutt.

Anfal er namnet på den militære utryddingskampanjen mot kurdarane som Iraks president Saddam Hussein gjennomførte for 33 år sidan. (Sjå faktaboks.)

Kak Saeed, ein av dei eldste i landsbyen Kesta, snakka òg om Anfal:

– Vi vil ikkje forlate landsbyen. Men no kan det hende Tyrkia avsluttar det Saddam ikkje klarte å fullføre.

Småbrukaren frå Hirure

Søndag 20. juni 2021 besøkte eg to av naboane til «Aref»: Ramazan Ali, ein 70 år gammal småbrukar og kona hans. 19 dagar tidlegare måtte dei forlate Hirure. No ligg Ramazan til sengs, i eit overfylt husvære i byen Zakho.

– Vi har alltid delt landsbyjorda i to, seier Ramazan.

– Det er først den delen som treng vatning. Det er jorda og dei frukthagane som er nær husa i landsbyen. Den andre delen er dalsidene utanfor landsbyen. Der treng vi ikkje vatne.

Ramazan forklarer at husdyra beita der.

– Vi hausta nøtter og frukt frå mange treslag. Det var òg andre nyttevekstar. Der hadde vi bikubane. Alt dette var ein del av livsgrunnlaget vårt.

Ein tyrkisk soldat skaut Ramazan Ali i ellevetida tysdag 1. juni. Han vatna ein åker.

– Granaten slo ned tre meter bak meg, og så vart det heilt svart, seier han frå sjukesenga.

Tyrkia hadde «nøytralisert» enda ein kurdisk småbrukar.

Naboar bar Ramazan inn i ein bil og køyrde til det lokale sjukehuset i Boguva. Så vart det ambulansetransport til sjukehuset i Zakho. Han var pasient på det offentlege sjukehuset i åtte dagar.

– Legane fjerna granatsplintane i den venstre foten og ankelen min. Meir gjorde dei ikkje. Eg har framleis splintar i ryggen og hoftene. Eg må til eit privat sjukehus viss eg skal få dei fjerna. Og det har vi ikkje pengar til, seier Ramazan og ser på kona si.

– Og slett ikkje etter at vi har mista inntektene både frå åkrane og frå utmarka.

Ramazan veit at han ikkje blir småbrukar igjen.

– Tyrkia fører krig mot oss sivile, ikkje mot PKK. Ta med deg den helsinga frå meg til politikarar og andre i Noreg! seier han.

Ramazan prøver å sette seg opp i senga når han seier dette. Eg ser korleis han rykker til av smertene frå dei tyrkiske granatsplintane som han ikkje har pengar til å få fjerna. Orda hans får meg til å minnast både det Jelal Talebani sa for 23 år sidan, og at Atatürks Stor-Tyrkia-kart er nesten 60 år eldre enn PKK.

Süleyman Soylu, som er innanriksminister i Tyrkia, heldt i mai ein tale til tyrkiske soldatar i ein base nokre kilometer frå landsbyen Hirure. Han snakka klart: «Målet vårt er det same her som i Syria. Vi har kome for å bli i Irak.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Tyrkia fører krig mot oss sivile, ikkje mot PKK. Ta med deg den helsinga frå meg til politikarar og andre i Noreg!

Ramazan Ali, småbrukar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis