JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Dei fire krigane i Ukraina

KIEV: Vanlege borgarar i Ukraina skjønar no at framtida til landet heng på eitt spørsmål: Kven tek knekken på kven?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Fotgjengarar som ramlar på glatta Kiev, lèt vanlegvis skjellsorda hagla over styresmaktene. Men denne vinteren er ikkje folk så emosjonelle.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB scanpix

14478
20181207

Andrej Kurkov

Ukrainsk forfattar som skriv på russisk

Fødd i Leningrad i 1961

Busett i Kiev i Ukraina

Faren var ukrainar og testpilot for Sovjetunionen

Har skrive ei rekkje romanar og barnebøker

Omsett til meir enn tretti språk

Romanen Døden og pingvinen kom på norsk i 2006

I 2010 kom romanen Venn av avdøde på norsk

Andrej Kurkov skriv fast frå Ukraina for Dag og Tid

Lett desembersnø knitrar under skorne. Somme gonger lavar det ned for mykje snø om natta, og om morgonen ligg byen fastfrosen i bilkøar. Det er no eingong slik at vegane i Kiev brukar vera lamma i rushtida, men om vinteren er denne tilstanden meir langvarig på grunn av snøen.

Bilførarar og fotgjengarar som ramlar på glatta lèt vanlegvis vreiden og skjellsorda hagla over dei som styrer i byen, og over ordføraren, sjefen sjølv, som no er den kjende boksaren Vitalij Klitsjko. Men denne vinteren er ikkje folk så emosjonelle. Ein person datt, ja vel, kom seg berre stilt på beina att og gjekk vidare.

I desse dagane er innbyggjarane i Kiev meir årvakne og meir uroa. Livet deira vert no i mindre grad påverka av daglegdagse trivialitetar, men i større grad av storpolitikken. Og storpolitikk no handlar ikkje om ukrainsk innanrikspolitikk. Eigenleg har ein aldri kunna kalla det storpolitikk heller.

Det som er avgjerande for vanlege borgarar i Ukraina no, er den globale geopolitikken. Dei skjønar at framtida for Ukraina heng på eitt spørsmål: Kven tek knekken på kven? Vil USA og Europa skvisa ut Russland? Eller vil Russland knekkja alle dei andre? Nei, sjølvsagt spelar Ukraina ei viktig rolle i denne globale konfrontasjonen. Til tider har Ukraina òg ei katalysatorrolle, får den ukrainsk-russiske konflikten opp på eit nytt nivå.

Men no er det ikkje så mange nye nivå att. Stoda er fastlåst, ein har gradvis glide inn i ei blindgate på høgste nivå, og etter det er det mogeleg at ein får ein fullskala kald krig, det har ein no snakka lenge om. Det kan jamvel verta ein brennheit krig.

Høgtid i moll

Men no på denne tida vert den ukrainske hovudstaden pynta til fest med elektriske girlandrar, det er jolemarknader og all slags nyttårspynt å sjå. For berre eitt år sidan var det òg feststemning på denne tida. Men i år er lufta tyngre og mykje meir urovekkjande.

Nyhendemeldingane frå fronten er ikkje så ulike dei som kom i fjor: I dei daglege bulletinane vert det meldt om nye såra og drepne ukrainske soldatar, det vert meldt om skyting og at det vert svara med ny skyting. Det vert meldt om drepne og såra russiske friviljuge og separatistar. Men denne krigen som no har rasa i fem år, går føre seg 800 kilometer frå Kiev.

Den siste tida har ikkje krigen vist så mykje att i dagleglivet her i Kiev, etter at dei blodige kampane i 2014–2015 gjekk over til å verta stillingskrig med dagleg artillerield. Kva er det som har endra seg no mot slutten av 2018? Folk har vorte vane med å leva i eit land som ikkje er stabilt, eit land som er i krig. Kva er det som no har fått dei til å verta endå meir urolege for framtida? Kva framtid vert det for dei sjølve – og for borna deira? Ja, er det uro for framtida til Ukraina i det heile?

Saka er den at i eit land som er i krig, har folk litt etter litt byrja å tenkja i krigskategoriar. Ikkje berre dei 300.000 som har kome attende frå fronten, men òg alle dei andre borgarane. Og når ein byrjar å tenkja i krigskategoriar, så vil ein, anten ein ynskjer det eller ikkje, gå inn i ein krig mot alle dei ein ikkje likar.

Det går føre seg ei radikalisering av samfunnet. Kvar einaste sivile konflikt eller protest tek form av krigshandlingar. Og om ein no ikkje reknar med den verkelege krigen i Aust-Ukraina, så ser ein kampar på frontane i tre andre krigar. Det er berre éin av desse krigane som er militær. I Azovhavet og Kertsjsundet. Men om sjøkrigen litt seinare. Fyrst vil eg ta føre meg to andre krigar. Desse krigsslaga ljomar over heile Ukraina.

Krigen i Kiev

Ein kan korkje høyra eller sjå den røynlege krigen i Kiev. Her er det ein politisk krig som vert utkjempa. Men han er så intens at ein mest må samanlikna med verkelege krigshandlingar. Ukraina ventar på presidentvalet i mars 2019. Og rett etter dette fyrste valet skal det haldast parlamentsval hausten 2019. Framtida for landet og utfallet av den militære konflikten mellom Ukraina og Russland er avhengige av desse vala, både det fyrste og det andre. Og meir enn nokon gong før.

Ifylgje data frå praktisk tala alle samfunnsvitskaplege og politiske institutt er det Julija Timosjenko som har størst sjansar til å verta president i Ukraina i 2019. I dag er over 12 prosent av veljarane reie til å røysta på henne. Ho starta valkampen alt i sumar. Reklamen hennar gav bod om «ein ny kurs for landet». Her lova ho skattereform og mange andre nyvinningar.

Dokumentet som greier ut om den nye kursen for Ukraina, er på meir enn 400 sider. Det vart lagt fram på eit forum Julija Timosjenko skipa til for støttespelarane sine. Sjølv sa ho at ho hadde teke sjølve reformideen frå ulike føredrag i Roma-klubben, og ho hadde jamvel bygd på politiske røynsler frå Franklin D. Roosevelt.

I dette dokumentet har analytikarar funne både plagiat og sjølvplagiat, og også heilt ut fornuftige idear for økonomisk reform. Men plakatbukkane med andletet til Julija Timosjenko, som no pyntar vegkantane på alle motorvegar i Ukraina, lovar ikkje veljarane ein ny kurs. Lovnaden er billegare gass til folket, ei halvering av prisen.

Det seier seg sjølv at veljarane ikkje kan skjøna alle dei spissfindige økonomiske detaljane. Men som i tidlegare tider har dei trua på at den rette presidenten kan gjera både gass, straum, brød og mjølk mykje rimelegare berre ved å gje påbod om det.

Leiaren i Partiet for folk flest, Sergej Kaplin, har enno ikkje kunngjort at han kjem til å stilla til presidentvalet, og han ville i alle fall ikkje ha nokon som helst sjansar til å koma med – om det så var ti kandidatar i finalen. Men han fann ut at han skulle utnytta reklamekampanjen til Julija Timosjenko i sin eigen reklamekampanje. Så no ser ein ofte attom plakatbukken til Timosjenko ein annan bukk med bilete av Sergjej Kaplin. Timosjenko lovar å halvera gassprisen, men Sergej Kaplin gjev forbrukarane lovnad om at prisen skal ned til ein fjerdedel.

På andreplass i ratinga ser me Vladimir Zelinskij, moromann på TV og filmskodespelar. Han har ikkje kasta seg ut i presidentkapplaupet offisielt, men har allereie nesten 8 prosent av veljarane bak seg.

Oligarken

Interessant nok er det ifylgje opplysningar gravejournalistar sit inne med, oligarken Igor Kolomojskij som finansierer både Timosjenko og Zelinskij.

Sjølv reiste oligarken frå Ukraina då det vart for mykje støy på grunn av konflikten med president Petro Porosjenko. I tillegg arbeider Vladimir Zelinskij for den populære TV-kanalen «1+1». Eigaren heiter Igor Kolomojskij.

Oppslutnaden om den noverande presidenten, Petro Porosjenko, gjev han berre tredjeplass på lista. Det er samstundes både dårleg og ikkje heilt vonlaust, om ein no tenkjer på at han tidleg på vårparten berre låg på femteplass. Slagordet Porosjenko har valt før valkampen, lyder slik: «Armeen, språket, trua».

Dette klårgjer fullt ut det Petro Porosjenko har oppnådd i sin presidentperiode. Han har verkeleg fått nytt liv i den ukrainske armeen, og på hans initiativ er det innført språkkvotar både i radio og fjernsyn. I samsvar med dette skal størstedelen av det som vert kringkasta, vera på ukrainsk mål. Det har vorte svært mykje mindre russisk å høyra i eteren.

Og så har ein sjølvsagt dei vellukka forhandlingane med Det økumeniske patriarkatet i den ortodokse kyrkja i Konstantinopel–Istanbul. Dei gjorde den ukrainske ortodokse kyrkja uavhengig av Moskva-patriarkatet. Det har endåtil gjort presidenten til ein religiøs aktør! Men trass i alle desse fortenestene går ikkje oppslutnaden over 7 prosent.

Praktisk tala alle presidentkandidatane, med unntak av den sitjande presidenten, lovar at det fyrste dei skal gjera når dei vert valde, er å få slutt på krigen i Donbass og å få til ei forsoning med Russland. Ingen av dei har i klårtekst fortalt korleis dei har tenkt å gjera dette. Og i full samforståing er alle tagale om Krim.

Dei som mest høglydt lovar å få ein rask slutt på krigen, er leiarane for dei prorussiske partia og presidentkandidaten deira, Jurij Bojko (femteplass med 5,5 prosent). Men til liks med dei ukrainske nasjonalistane har dei ikkje nokon som helst sjanse. Og det er berre på eitt vis ein kan få gjort slutt på krigen slik stoda er no – å kapitulera for Russland og offisielt godta at Krim er eit territorium i Den russiske føderasjonen. Og så må styringsleia endrast, bort frå kursen som er retta mot EU og NATO.

Det verkar som dei i Kreml har valt å satsa på Julija Timosjenko. Det inneber ikkje at ho kjem til å verta russisk agent dersom ho vinn. Men hennar politiske «fleksibilitet» kan få dei syrgjelegaste fylgjer for Ukraina. Ho greidde å visa dette til gagns i Kreml i 2008 då ho og Putin underteikna tvangsavtalar om transitt og kjøp av gass.

Frå Kreml har ein gong på gong fått høyra at dei er reie til å forhandla med Ukraina, med kven som helst, berre ikkje med Petro Porosjenko. Partiet hans, Petro Porosjenko-blokka, vert jamleg kalla «krigspartiet» av Vladimir Putin og Sergej Lavrov, og dei ser det som meiningslaust å freista koma til semje med desse om noko som helst.

Sjøkrigen

Julija Timosjenko sjølv hevdar at Petro Porosjenko no ynskjer å innføra unntakstilstand i heile Ukraina, og føremålet skal vera å få utsett presidentvalet fordi det er ho som leiar på meiningsmålingane (det er unntakstilstand berre i dei områda som grensar til Russland). Om ein skal fylgja logikken til Julija Timosjenko, vil ein finna ut at spesialstyrkane frå den russiske marinen som gjekk til åtak på og arresterte ukrainske militære farty og mannskap, gjorde dette som ein direkte konsekvens av ein særskild og gjennomtenkt provokasjon frå Petro Porosjenko for å torpedera presidentvalet.

I røynda var åtaket på dei ukrainske marinefartya berre kulminasjonen på ein lang sjøkonflikt. Her har Russland freista skapa uovervinnelege økonomiske problem for den delen av det industrialiserte Donbass som er kontrollert av Ukraina, framfor alt for byen og handelshamna Mariupol.

Herifrå, på denne sjøvegen, vert det skipa ut både produkt frå føretak i tungindustrien og landbruksprodukt som skal eksporterast. Heilt sidan Kertsj-brua i Azovhavet vart bygd, har det vore umogeleg for tankskip og båtar med større tonnasje å gå inn for å lasta varer i hamna i Mariupol.

Samstundes sette styrkar frå den russiske marinen og FSB-båtar i verk eit strengt kontrollregime i Kertsjsundet. Dei tok til med å stansa og kontrollera praktisk tala alle skip som gjekk inn og ut av Azovhavet. Dei fyrste seks månadene i år har 727 skip vorte stansa og kontrollerte av Russland.

Nokre gonger vert dei haldne attende nokre timar, andre gonger fleire dagar. Vareflyten til og frå Mariupol gjekk drastisk ned. For denne regionen, der dei fleste arbeider på fabrikkar i tungindustrien, er det livsviktig at hamna skal kunna fungera normalt.

Den andre årsaka til konflikten i Azovhavet er at Russland etter annekteringa av Krim reknar heile Kertsjsundet som sitt eige kystterritorium. Det er i strid med avtalen om bruk av Azovhavet og Kertsjsundet som Ukraina og Russland underteikna i desember 2003 etter ein tidlegare konflikt, då Russland freista hærta den ukrainske folketome øya Tuzla, som ligg nær Kertsjsundet.

I september i år gjekk to hjelpefarty frå den ukrainske marinen ut frå Odessa gjennom Kertsjsundet til den ukrainske hamna Berdjansk. Ferda var ikkje problemfri, jamvel om ein knapt kan kalla desse to småbåtane krigsfarty. Men dei vart følgde av titals verkelege krigsfarty frå Russland, og over dei sirkla russiske krigsfly.

Sjølvsagt vart denne siglinga som dei to ukrainske båtane gjorde gjennom sundet, framstilt som ei heltegjering i ukrainske massemedium. Det kan sjå ut som det var etter dette nokon i Kreml slo fast at frå Svartehavet skulle det ikkje lenger gå nokon som helst ukrainske militære farty eller andre båtar inn i eller ut frå Azovhavet. Det var nett difor dei ukrainske båtane vart tekne.

Og dei hadde ikkje eingong nærma seg den arka i Kertsjbrua som er den einaste mogelege passasjen inn i Azovhavet. I tillegg hadde Russland blokkert arka med ein sandlekter. Etter at Russland no med krigsmakt har teke ukrainske sjøfolk og skip, kan ein tala om at krigen på ny har kome over i ein varmare fase. Russland har no teke ukrainske krigsfangar.

Men Russland ser tydelegvis ikkje på dette som nokon militæroperasjon, korkje hærtakinga av ukrainske krigsskip eller at dei tok mannskapet som krigsfangar. Dei vart førte til Moskva saman med seks såra og sette i eit vanleg fengsel. Dei vart tvinga til å ta av seg uniformene og kle seg i vanleg fengselsdrakt. Så no har Russland 26 fleire ukrainske gislar innesperra i fengsel. Og sjøkrigen vil heilt sikkert halda fram, det er berre uvisst når: før presidentvalet – eller etter.

Tollkrigen

Det er òg ein annan krig som pågår i Ukraina. Den har ikkje noko med Russland å gjera. Fronten i denne krigen går langs den vestlege tollgrensa til Ukraina. Her er det ukrainske tollarar som krigar mot ukrainske smuglarar. Dei skyt her òg, og det er såra og drepne. Dei frekkaste smuglarane kjempar no for å få løyve til å legalisera bilar i Ukraina utan å måtta betala toll eller avgifter.

Heilt ulovleg, ved hjelp av muter, har dei drive med å ta inn gamle bilar frå Europa. No prøver dei å blokkera grenseovergangane mellom Ukraina og Polen, Ungarn og Slovakia for å få dette til. Det er meir enn 100.000 slike bilelskarar og smuglarar i Ukraina.

Det er òg ein armé, og det er ein armé av folk som ikkje bryr seg særleg om dei verkelege krigshandlingane i Donbass og Azovhavet. Desse folka skal òg røysta ved presidentvalet, og dei vil røysta for den populistiske kandidaten som gjev lovnad om toll- og avgiftsfri innførsel av bilar til Ukraina. Me får takka Gud for at ingen av kandidatane har lova dette til no.

Men, som ein seier her i Ukraina, «det er ikkje kvelden enno». Den verkelege presidentvalkampen har ikkje byrja enno, jamvel om det no ikkje er så lenge å venta.

Andrej Kurkov

Omsett av Olav Nils Thue

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjøkrigen vil heilt sikkert halda fram, det er berre uvisst når: før presidentvalet – eller etter.

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis