USA i Noreg

Det er ikkje berre lengten etter snø og kulde som driv US Marines til Troms.

Tre amerikanske marinesoldatar frå den første kontingenten som kom til Værnes i fjor. No er det klart at US Marines òg skal drive trening ved Setermoen i Troms.
Tre amerikanske marinesoldatar frå den første kontingenten som kom til Værnes i fjor. No er det klart at US Marines òg skal drive trening ved Setermoen i Troms.Tre amerikanske marinesoldatar frå den første kontingenten som kom til Værnes i fjor. No er det klart at US Marines òg skal drive trening ved Setermoen i Troms.
Publisert

Det er nye tider i nord. Opptil 700 soldatar frå det amerikanske marinekorpset skal trene ved Setermoen i Troms og ved Værnes i Trøndelag dei neste fem åra, og aktiviteten kan bli utvida. Marinesoldatane i Noreg skal rullerast, men det amerikanske nærværet blir kontinuerleg. I tillegg flyg amerikanske Poseidon-fly for tida overvakingstokt frå flybasen på Andøya, og USA skal byggje nye fasilitetar på Rygge for å kunne hyse fire av sine eigne kampfly der ved behov.

At russarane protesterer på dette, er som venta. Men også norske kritikarar meiner desse tiltaka er eit brot med den gamle basepolitikken: I 1949 slo regjeringa fast at det ikkje skulle etablerast basar for stridskrefter frå andre land på norsk jord så lenge Noreg ikkje er i krig eller direkte truga, og slik var det gjennom heile den kalde krigen.

På tvers av Trump

Det er fleire pussige sider ved den nye utviklinga. USA har forklart utstasjoneringa si av marinesoldatane med at dei treng å trene på vinteroperasjonar. Men om amerikanske soldatar treng å fryse og gå på ski, treng dei ikkje reise til Troms. Det er nok av vinterkulde å finne i både Alaska og Canada, og kysten av Alaska er ikkje heilt ulik den norske.

Meir interessant: Det utvida engasjementet er i strid med dei signala som har kome frå Det kvite huset det siste halvtanna året. Trump har gong på gong slått fast at Nato-landa må ta meir ansvar for forsvaret sitt sjølve, og at USA ikkje lenger vil ta storparten av kostnaden for tryggleiken til sine allierte. Trass i det, og trass i det joviale forholdet mellom Trump og Putin, utvidar altså USA det militære engasjementet sitt i Noreg monaleg. Og sjølv om forholdet mellom Russland og Nato har kjølna mykje dei siste åra, er det lite i utviklinga i nord som tilseier at vi treng eit vesentleg sterkare amerikansk militærnærvær på norsk jord enn under den kalde krigen. Den norsk-russiske grensa er framleis ein fredeleg stad, og seinast i vår samarbeidde Kystvakta og farty frå den russiske Nordflåten om ei søk- og redningsøving i Barentshavet, slik dei har gjort det sidan 1995.

Her trengst det nokre forklaringar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement