JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Urokkeleg i støtta si til predikantane

Same kva avsløringar som kjem om norske mirakel­predikantar, kan dei rekne med støtte frå avisa Norge IDAG.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finn Jarle Sæle, Norge IDAG-redaktør, og Anita Apeltun Sæle overrekte ein heiderspris til Svein-Magne Pedersen under sommarstemnet til avisa på Bildøy i juni. Prisen er ein statuett som forestiller Moses med dei ti boda.

Stillbilete frå YouTube

7500
20181214
7500
20181214

Religion

peranders@dagogtid.no

Det er tunge tider for norske mirakelpredikantar. TV-pastoren Jan Hanvold, mannen bak TV Visjon Norge, kom ikkje godt frå NRK-dokumentaren Pengepredikanten i 2016. Hanvold lova velsigningar til dei som gav pengar til Visjon Norge, samla inn over ein milliard og bygde opp eit eigedomsimperium. No strevar selskapet hans økonomisk.

I år har VG hatt fleire kritiske artiklar om predikantane Svein-Magne Pedersen og Tom Roger Edvardsen, som båe har tilbydd forbøn mot betaling og lova at Gud kunne kurere folk for sjukdomar med dei sjølve som mellommenn. Vennesla-baserte Pedersen dreiv fram til i sommar ei Teletorg-teneste der han tilbaud forbøn for folk til 14 kroner minuttet. Pedersen har mellom anna hevda at Gud kunne kurere kreft og HIV via bønene hans. Han har i tillegg kritisert skulemedisinen: I 2013 stod det på nettsida hans at «Kreftforskningen har stått nesten på stedet hvil de siste 60 årene, og kreftbehandling har vært lite vellykket.»

Gjennom stiftinga Misjonen Jesus Leger har Pedersen òg bede om pengar til 24 barneheimar i India der organisasjonen hadde «2000 munner å mette». VG avdekte i november at Pedersen berre har finansiert to barneheimar, og den einaste som er i drift, tilbyd berre leksehjelp.

Stiftingstilsynet har no opna sak mot Misjonen Jesus Leger. Etter VG-sakene i sommar la Pedersen og Edvardsen ned tenestene sine på Teletorget. Forbrukartilsynet meiner at dei to driv ulovleg marknadsføring for alternativ behandling i kvart sitt blad – «Legedom» og «Helbredet» – og trugar no predikantane med tvangsmulkt.

Full støtte

Men same kva avsløringar som har kome om predikantane: Avisa Norge IDAG, med Finn Jarle Sæle som redaktør, skriv aldri eit vondt ord om Pedersen, Edvardsen eller Hanvold, men forsvarer dei i tjukt og tynt. Sæle og Hanvold har òg eit forretningssamarbeid: I 2007 gjekk Kristen Mediaallianse, eigarselskapet bak Norge IDAG, saman med Visjon Norge om kjøpet av Forum Kino i Bergen, som skulle omgjerast til vekkingssenter. Da Svein-Magne Pedersen oppretta eit avdelingskontor i lokala i 2007, sa han til Bergens Tidende: «Vi skal fylle hele salen med folk som vil bli friske av kreft og alle andre sykdommer.»

Forholdet mellom Svein-Magne Pedersen og Norge IDAG har vore nært sidan avisa vart grunnlagd i 1999. I 2001 vart Pedersen kåra til «årets namn» av avisa. I sommar, i kjølvatnet av fleire VG-avsløringar av verksemda til predikanten, vart han tildelt ein heiderspris av Norge IDAG. Avisa har òg samarbeidd med Pedersen om mange arrangement, og «mirakelkveldane» hans er eit vanleg innslag på sommarstemna til avisa. Og gjennom åra har Norge IDAG sett på trykk ei lang rekkje artiklar som fortel om plager som folk har blitt kvitt takk vere forbøna til Pedersen: lungekreft, grå stær, angina, prostataproblem, migrene, Bekhterevs sjukdom, isjas, leddgikt, astma og plattfot, for å nemne noko.

Falske håp

På nokre måtar er Norge IDAG ei vanleg avis, som «arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk», ifølgje nettsida. Dette er ei mellomstor avis i norsk målestokk, med nesten 11.500 i opplag i 2017. Norge IDAG kan vere svært kritisk til mykje i det norske samfunnet, men aldri til predikantar som Pedersen. Avisa har gjennom åra skrive svært mange artiklar om velgjerningane hans og fortalt om dei mange som har blitt lækte gjennom forbøna hans.

Når Norge IDAG dekkjer predikantar som Pedersen heilt ukritisk, sviktar avisa oppgåva si, meiner Preben Aavitsland. Han er professor i medisin ved Universitetet i Oslo og har kritisert både kristne aviser og leiarar i Den norske kyrkja for å vere unnfallande overfor mirakelpredikantane.

– Dersom Norge IDAG ukritisk fortel historier om alvorleg sjuke som har blitt friske gjennom forbøn, kan det knapt kallast journalistikk. Skal du setje fram påstandar om at nokon blir kurert for kreft gjennom bøn, må du leggje fram eit minimum av dokumentasjon. Om ein lèt seg blende av at Pedersen kallar seg kristen, og difor støttar alt han gjer, er avisa knapt verd å bere namnet avis. Det er eit pressetisk problem, seier Aavitsland.

– Om nokon har vondt i ryggen og gjev litt pengar til nokon som driv med forbøn, er det ikkje så gale. Men om nokon er alvorleg sjuk og trur på desse historiene, kan dei få eit falskt håp om hjelp. Eg synest dei kristne media generelt burde vere mykje meir kritiske til desse predikantane. Det verkar som om mange misser den kritiske sansen berre nokon kallar seg kristne, seier Aavitsland.

Stort ansvar

– Når ein publiserer saker som handlar om læking av alvorlege sjukdomar gjennom bøn, bør ein tenkje nøye gjennom det ein skriv, seier Elin Floberghagen, generalsekretær i Norsk presseforbund.

Ho understrekar at ho ikkje har sett seg inn i Norge IDAGs dekning av mirakelpredikantane og difor uttaler seg på generelt grunnlag.

– Men ein tek på seg eit stort ansvar dersom ein vidareformidlar den typen påstandar ukritisk. Ein bør ha ein kritisk distanse, ta naudsynte atterhald og ha god dokumentasjon. Ei avis skal ikkje føre lesarane bak lyset. Og dersom ein har bindingar til dei ein skriv om, er det god presseskikk å vere open om det, seier Floberghagen.

– Forkasteleg

Avisa Dagen har eit overlappande publikum med Norge IDAG i det kristenkonservative Noreg, men Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk har vore langt meir kritisk til verksemda som Pedersen, Edvardsen og Hanvold har drive.

– Vi har kritisert dette på leiarplass i mange år. Teletorg-verksemda til Pedersen var heilt forkasteleg. Ein skal ikkje ta seg betalt for å be for menneske.

– Kvifor har Norge IDAG og Dagen valt så ulik tilnærming til desse predikantane?

– Det har nok med synet på journalistikken å gjere. Vi meiner at ein skal drive kritisk undersøkande journalistikk også på kristenverda, og kristne aviser har eit særleg ansvar her. Norge IDAG ser ut til å vilje forsvare predikantane uansett kva dei gjer. Det er ikkje greitt. Kritisk journalistikk er eit gode på alle samfunnsfelt, seier Selbekk, som har rosa VG for gravesakene om Svein-Magne Pedersen.

– Har Dagen sjølv sjekka nokre av historiene om folk som skal ha blitt friske ved forbøn?

– Vi har ikkje drive med slik omfattande faktasjekk som VG har gjort. Men eg er ikkje framand for å gjere det, og vi har skrive kritisk om einskildsaker der det vart hevda at folk var blitt lækte etter forbøn.

Balansegang

–?Er det ein vanskeleg balansegang for Dagen, dette? Når du kritiserer Pedersen, Edvardsen eller Hanvold, får du ofte svært krasse lesarinnlegg mot deg?

– Ja, og vi får nokre oppseiingar. Når vi har gjeve støtte til VG for dekninga deira av Pedersen, kostar det. Slik er det berre. Men det handlar om å vere reieleg i journalistikken.

– Det verkar som om somme meiner det viktigaste er at konservative kristne held saman: «Det er oss mot det sekulære samfunnet, og vi kristne må ikkje kritisere kvarandre»?

– Mange meiner det, men eg er grunnleggande usamd. Meiningsbryting og debatt er eit gode, og vi må kunne kritisere kvarandre. Men her møter vi sterk ideologisk motstand frå dei som meiner det er gale å skrive kritisk om andre kristne, fordi det svekkjer den kristne rørsla. Eg vil tru dette ligg til grunn for lina til Norge IDAG, seier Vebjørn Selbekk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Norge IDAG ser ut til å vilje forsvare predikantane uansett kva dei gjer. Det er ikkje greitt.

Vebjørn Selbekk, redaktør i Dagen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis