Unnasluntring med den store resesjonenKvifor nedturen vara så mykje lenger enn han skulle.Det har gått ti år sidan Lehman Brothers-konkursen sende det globale finanssystemet ut i fritt fall. Kvifor er denne datoen annleis enn kva annan dato som helst? Inga
Kvifor nedturen vara så mykje lenger enn han skulle.
Figur 1.
Illustrasjon: Federal Reserve of St. Louis
Det har gått ti år sidan Lehman Brothers-konkursen sende det globale finanssystemet ut i fritt fall. Kvifor er denne datoen annleis enn kva annan dato som helst? Inga særskilt årsak. Men jubileum ved runde tal har evne til å gje folk ein grunn til å sjå attover på røynsler, og kan hende til og med lære av det. Så korleis tek svaret på krisa seg ut ti år etter? Tja, det kunne ha vore verre. Men det kunne – og skulle – ha vore mykje betre.
Og spørsmålet er: Skjønar vi det? Og svaret på det er: Kva meiner du med «vi», kvite mann? Nokre av oss skjønar det utilstrekkelege med krisehandsaming – men det har vi i grunnen alltid gjort. Men dei som stod i vegen for å gjere det som burde vore gjort, med svært få unntak, har ikkje sett feila dei gjorde, og konsekvensane det fekk, i auga.
Lat oss starte med det som gjekk bra, på eit vis. Stilte overfor ei overhengande finansiell nedsmelting gjorde politikarar stort sett det som måtte gjerast for å avgrense skaden. Tiltaka deira omfatta bergingspakkar til bankane, som burde vore meir rettvise – altfor mange bankfolk vart berga saman med bankane sine – men som var effektive. Det var òg mange naudforsyningar med kreditt, som var lite kjende, men viktige – til dømes det å oppretthalde kredittrammene for dollar til sentralbankar utanfor USA.
Resultatet var at den akutte fasen til finanskrisa, som eg framleis tenkjer på som «herregud, vi kjem til å døy alle i hop»-fasen, var relativt kortvarig. Han var skremmande og gjorde enorm skade – USA mista seks og ein halv millionar jobbar i løpet av året etter Lehman-konkursen. Men som du kan sjå i figur 1, vart graden av finansielt stress snøgt mindre i 2009, og var meir eller mindre attende til det normale i løpet av sommaren.
Likevel, kjapp finansiell betring skapte ikkje kjapp betring for økonomien som heilskap. Som figuren syner, var arbeidsløysa høg i mange år; vi kom ikkje attende til noko som likna full sysselsetjing før langt ute i den andre perioden til Obama.
Kvifor gav ikkje finansiell stabilitet ei rask vending attende til det normale? Fordi finansielt samanbrot ikkje var det viktigaste i den kraftige nedgangen. Den verkeleg store faktoren var bustadbobla – som bankkrisa var eit symptom på. Då bustadbobla sprakk, leidde det direkte til eit dramatisk fall i bustadinvesteringar, som det går fram av figur 2. Det var i seg sjølv nok til å skape ein djup resesjon, og vegen opp att var både langsam og ufullstendig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.