London School of Economics publiserte i 2012 ein rapport basert på over ein million eigedomstransaksjonar i perioden 1995–2010. Målet var å undersøkje korleis lokalisering i ein av Englands nesten 10.000 bevaringsområde påverka eigedomsprisane. Sett under eitt var eigendomar i bevaringsregulerte område 23,1 prosent meir verdfulle enn andre eigendomar. Sidan eigendomar i bevaringsregulerte område generelt har betre lokalisering, var det naudsynt å justere for det. Jamvel med den strengaste prisjusteringa kom dei historiske eigedomane 8,5–9,5 prosent betre ut.
Realdania publiserte i 2015 ein rapport basert på ei undersøking av over ein million bustadtransaksjonar sidan 1992. Rapporten viser mellom anna at bevaringsverdige einebustader i heile Danmark vart selde til 18 prosent høgare kvadratmeterpris enn ikkje-bevaringsverdige bustader. For einebustader med høgast bevaringsverdi var meirverdien 30 prosent. For husvære med dei høgaste bevaringsverdiane var meirverdien tilsvarande 18 prosent.
Kulturmiljö Halland har undersøkt meir enn 40 000 transaksjonar av einebustader og tomannsbustader i regionen i perioden 2005–12. Metoden deira tek utgangspunkt i det svenske Skatteverkets taksering av alle eigedomar i Sverige. Medan alle omsette ikkje-bevaringsverdige bustader hadde ein pris som var 1 prosent høgare enn takseringa, hadde bevaringsverdige bustader samla sett ein pris som var 8 prosent høgare enn takseringa.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
London School of Economics publiserte i 2012 ein rapport basert på over ein million eigedomstransaksjonar i perioden 1995–2010. Målet var å undersøkje korleis lokalisering i ein av Englands nesten 10.000 bevaringsområde påverka eigedomsprisane. Sett under eitt var eigendomar i bevaringsregulerte område 23,1 prosent meir verdfulle enn andre eigendomar. Sidan eigendomar i bevaringsregulerte område generelt har betre lokalisering, var det naudsynt å justere for det. Jamvel med den strengaste prisjusteringa kom dei historiske eigedomane 8,5–9,5 prosent betre ut.
Realdania publiserte i 2015 ein rapport basert på ei undersøking av over ein million bustadtransaksjonar sidan 1992. Rapporten viser mellom anna at bevaringsverdige einebustader i heile Danmark vart selde til 18 prosent høgare kvadratmeterpris enn ikkje-bevaringsverdige bustader. For einebustader med høgast bevaringsverdi var meirverdien 30 prosent. For husvære med dei høgaste bevaringsverdiane var meirverdien tilsvarande 18 prosent.
Kulturmiljö Halland har undersøkt meir enn 40 000 transaksjonar av einebustader og tomannsbustader i regionen i perioden 2005–12. Metoden deira tek utgangspunkt i det svenske Skatteverkets taksering av alle eigedomar i Sverige. Medan alle omsette ikkje-bevaringsverdige bustader hadde ein pris som var 1 prosent høgare enn takseringa, hadde bevaringsverdige bustader samla sett ein pris som var 8 prosent høgare enn takseringa.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.