Krig
Ukraina 2024: fåfengd føde
To dagar før det nye året tok til, opplevde heile Ukraina, inkludert Kyiv, det største russiske missil- og droneåtaket nokon gong.
Kyiv-ordførar Vitalij Klitsjko synfer eit bustadsområde som er hardt råka av russiske åtak frå lufta 2. januar 2024.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Ein ny trist dag føyer seg til historia om hovudstaden – 29 sivile vart drepne, og mange vart skadde. Åtaket med missil og dronar vara til morgonen, og heile byen heldt seg vaken inntil lyden av «faren over»-signalet kunne høyrast.
Den følgjande natta gav ikkje mykje høve til søvn. Irina Khazina, enkja etter den første forleggjaren min, fekk ikkje sove. Ho sat i gangen heile natta – redd for eit nytt åtak. Om morgonen drakk Irina te og tok metroen til ein av byens best kjende loppemarknader, Petrivka, der ein kan kjøpe alt frå bøker til mat og antikvitetar.
«Eg ønskte så sterkt å vere blant folk», forklarte ho. For å rettferdiggjere denne turen på eit vis, kom ho med eit spesifikt mål. I to tiår har ho kjøpt krydder frå den same marknadskvinna. Det første ho gjorde denne gongen òg, var å gå til krydderseljaren. Den velkjende kvinna stod bak disken, og berre det at ho var der, roa ned Irina og gav henne styrke. Ho kjøpte krydder, også nokre eksotiske slag frå Jemen for å ha i kaffien. Ho småprata med marknadskvinna om livet og krigen, og gjekk så for å ete frukost tvers over gata frå marknaden, i ein krymtatarkafé. Ho bestilte bakverk med lam og hygde seg lenge med frukosten i den stille kafeen.
«Det var færre folk på marknaden enn vanleg», sa Irina. «Men veit du kva? Krymtatarane har inkludert ukrainske pannekaker på menyen sin! Det er eit oppslag om det på døra.»
Irina feira det nye året saman med familien til dottera Alena. For første gong på mange år var det ikkje ho som laga festmaten, det var det Alena og mannen hennar som sytte for.
Medan ukrainarane feira nyåret, flaug det russiske dronar over landet. I Kyiv gjekk natta utan eksplosjonar, men det kan ein ikkje seie om Odesa, der ein nedskoten russisk drone trefte eit høghus. Ein bebuar vart drepen og fleire vart skadde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.