Trur Høgre taper mest
Frp i opposisjon kjem til å forsyne seg av Sp si oppslutning på målingane, men fyrst og fremst av Høgre, seier Per Sandberg.
Frp-nestleiar Sylvi Listhaug (t.v.), Frp-leiar Siv Jensen, nestleiar Terje Søviknes og parlamentarisk leiar Hans Andreas Limi fortalde måndag at Frp går ut av regjeringa.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
Så braut firepartiregjeringa saman før det hadde gått eitt år. Tidlegare Frp-nestleiar og statsråd Per Sandberg meiner Frps regjeringsexit har lege i korta heilt sidan KrF gjekk inn i regjeringa.
– Eg åtvara òg sterkt mot å ta dei inn. Ikkje fordi det var KrF, men fordi det er stor skilnad på ei trepartiregjering og ei firepartiregjering. Når fire parti skal inngå kompromiss og forlik, vert politikken til kvart av partia viska ut, og den som har mest å tape på at primærpolitikken kjem i bakgrunnen, er Frp.
– Kva for primærpolitikk er det som har kome i bakgrunnen det siste året?
– Fiskeri- og næringspolitikken spesielt. Der har alt av utvikling stoppa opp. I det siste statsbudsjettet var det òg lite rørsle i skatte- og avgiftspolitikken og lite ny innsats til infrastruktur. Og moderniseringa og effektiviseringa av offentleg sektor har stoppa opp.
– Likevel har du stilt deg tvilande til om det var rett av Frp å gå ut av regjeringa no?
– Ja, eg ser framleis at dei kunne vorte verande i regjeringa, men prøvd å forhandle med Høgre, KrF og Venstre for å oppnå betre resultat for Frp. Om dei ikkje hadde fått betre resultat, hadde det vore større grunnlag for å gå ut av regjeringa. Men det er framleis eitt budsjett og to reviderte budsjett som skal leggjast fram denne perioden, så handlingsrommet ved å sitje i regjeringa ut perioden var der. No kan i staden mykje fantastisk godt arbeid som Frp har gjort i regjeringa, verte reversert fram mot 2021.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.