JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Korleis kan ein stogge den organiserte kriminaliteten i arbeidslivet? Dag og Tid
har spurt tre personar med god kjennskap
til feltet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3444
20170818
3444
20170818

Om vi skal stogge dei kriminelle nettverka i byggjebransjen, nyttar det ikkje å berre gå etter stråmennene, meiner Jonas Bals. Han har bakgrunn frå målaryrket og fagrørsla, og er no rådgjevar for Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Før i år gav han ut boka Hvem skal bygge landet, ei bok om den urovekkjande utviklinga i norsk byggjebransje.

– Dette handlar om ressursar og kompetanse, meiner Bals.

Til liks med Einar Haakaas viser han til det no nedlagde prosjektet «Operasjon Svartmaling» i Oslo som eit døme på kva som fungerer.

– I Oslo kjenner eg ikkje til ei einaste arbeidskrimsak som har ført til rettslege steg etter at ”Operasjon Svartmaling” vart lagd ned. Det er sjokkerande, seier Bals.

– Politiet må jobbe målretta og medvite for å ta bakmennene. Ein må gå etter dei som sit på toppen av pyramiden, og ta utbytet frå dei. Det nyttar ikkje å nøye seg med razziaer på arbeidsplassane, det fører berre til nokre utvisningar og fillesaker. Og justisministeren må gje klar og tydeleg beskjed om at dette feltet skal prioriterast høgare. Kampen mot arbeidslivskriminalitet er lågt prioritert ute i politidistrikta, meiner Bals.

Meir samarbeid

– Det viktigaste vi kan gjere for å få bukt med arbeidslivskriminaliteten, er å styrkje samarbeidet mellom politiet og kontrolletatane, meiner skattedirektør Hans Christian Holte.

– Det ligg eit konkret tiltak på bordet hos politikarane no: Å gje betre tilgang til å dele opplysningar mellom ulike etatar. Det handlar både om konkrete opplysningar i einskildsaker og meir overordna etterretning.

– I boka si legg Einar Haakaas fram ei rekkje døme på dårleg samarbeid mellom Skatteetaten og politiet. Kvifor er dette så vanskeleg?

– Det er mykje bra samarbeid mellom oss og politiet. Men i somme politidistrikt, til dømes i Oslo, har det vore manglande evne til å følgje opp dei sakene vi har sendt over. Det handlar både om ressursar, kompetanse og prioriteringar i politiet, seier Holte.

Resultat over tid

Hedvig Moe, assisterande Økokrim-sjef, viser til at regjeringa dei siste åra har oppretta sju regionale sentre mot arbeidslivskriminalitet. I 2016 etablerte regjeringa òg eit nasjonalt analyse- og etterretningssenter som skal arbeide mot økonomisk kriminalitet. Senteret er eit samarbeid mellom Skatteetaten, Tolletaten, NAV, Arbeidstilsynet og Politidirektoratet, og er lokalisert hos Økokrim.

– No må vi sørgje for at dette blir følgt opp skikkeleg. Eg trur dette er tiltak som vil gje resultat over tid, seier Moe.

– Boka til Haakaas tyder på at dårleg samarbeid mellom etatar har svekt kampen mot arbeidslivskriminalitet, og at det har vore eit ønske i Politidirektoratet om å redusere rolla til Økokrim?

– Eg oppfattar det slik at samarbeidet mellom kontrolletatane og politiet har blitt betre enn før. Politidirektoratet har det overordna ansvaret for alle delar av politiet, og eg har inntrykk av at direktoratet prioriterer kampen mot arbeidslivskriminalitet, seier Moe.
Ho legg vekt på at oppdragsgjevarane i byggebransjen òg bør bli meir medvitne.

– Både offentlege og private oppdragsgjevarar bør tenkje på meir enn berre pris når dei skal velje anbod.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I Oslo kjenner eg

ikkje til ei einaste

arbeidskrimsak som

har ført til rettslege

steg etter at «Opera-

sjon Svartmaling»

vart lagd ned.

Jonas Bals

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis