Tornar mot kuttforslag
Lagdommar Per Jordal meiner kuttforslaga frå Domstolkommisjonen trugar sorenskrivarrolla og gjer norske tingrettar mindre uavhengige.
Nedlegginga av tingrettar som no er føreslegen, kjem til å svekkje høve for rett bevisvurdering fleire stader i landet, meiner lagdommar Per Jordal ved Gulating lagmannsrett.
Foto: Helge Skodvin
Domstolsreform
Som ein spør, skal ein få svar, heiter det. Denne veka fekk regjeringa svar frå to av utvala ho har sett til å vurderer korleis reglar og strukturar kan effektiviserast.
Måndag føreslo kraftskatteutvalet å avvikle ordningane som gjev kommunane direkte skatteinntekter frå vasskraft. Tysdag gjekk Domstolkommisjonen inn for å redusere talet på tingrettar i landet frå 60 til 22 og å kutte 21 av dagens 34 jordskifterettar.
Dei som spør seg kvifor Senterpartiet gjer det så godt, kan med andre ord òg ha fått nokre nye svar.
Kutta i tingrettar og jordskifterettar er kommisjonens svar på eit ønske frå regjeringa om å sikre effektivitet, kvalitet og sjølvstende hjå domstolane for å gjere dei «i stand til å imøtekomme fremtidige teknologisk og samfunnsmessig endring».
Justisminister Jøran Kallmyr sa at framlegget fekk han til å «lette litt på augnebryna», og at det var både dristig og radikalt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.