Tida har gått frå toget
Fly og drosje fraktar langt fleire personar enn NSB. Likevel skal jarnbanen få minst 170 milliardar til investeringar dei komande ti åra.
Alle samfunn har heilage kyr, hevdar sosialantropologane, symbol ein som utanforståande ikkje kan forstå utan fyrst å ha levt lenge mellom dei innfødde. Her i Oslo er ei av kyrne trikken. Kvar vinter står han fast i snøfennene og vert sperra inne av ulovleg parkerte bilar. Året gjennom øydelegg trikken asfalten og hindrar vanleg trafikkflyt, og når det regner eller vert salta, rustar han, støtt og stendig.
Kostnadene er store, og vinsten er liten for både innbyggjarane og kommunane, men like sikkert som at nokon gjer framlegg om å innføra billeg og fleksibel leddbusstransport i staden, like sikkert er det at politikarane og innbyggjarane seier nei, nei og nei.
Men den heilage kua stoggar ikkje ved Oslo-grensa, ho gjer seg gjeldande i store delar av Noreg. For det er ikkje berre trikk som går på skjener, det gjer òg tog, i eit av verdas mest grisgrendte land.
Reiknemeistar Mo
Idar Mo bur i Sogndal og utarbeidde i si tid transportstastikken til Statistisk sentralbyrå, etter dette har han arbeidt i samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylke. I svært mange år har han sendt lesarbrev og publisert artiklar om tog versus buss. Han får sjeldan svar, og det endå han er svært konkret i talbruken og faktagrunnlaget.
Dag og Tid har sendt ut e-brev til departement og politikarar om tala til Mo. Vi har heller ikkje fått svar, men her er ein gjennomgang av det Mo meiner å ha funne ut. Dag og Tid har freista å røkja etter tala til Mo og har så langt ikkje funne feil, men vi kan sjølvsagt ikkje garantera at dei alltid er rette; og jamvel om tala skulle vera litt feil, endrar det neppe hovudbiletet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.