Svenskane gjer motsett av oss Svenskane tek inn i historielæreplanane det Noreg tek ut. – Det er viktig at vi diskuterer også det historiske innhaldet i faget, seier Kenneth Nordgren.

Svenskane tek inn i historielæreplanane det Noreg tek ut. – Det er viktig at vi diskuterer også det historiske innhaldet i faget, seier Kenneth Nordgren.

Då dei noverande svenske læreplanane i historie for grunnskulen vart laga, var målet å gå vekk frå generelle og overordna kompetansemål, som Noreg no kan kome til å innføre.
Då dei noverande svenske læreplanane i historie for grunnskulen vart laga, var målet å gå vekk frå generelle og overordna kompetansemål, som Noreg no kan kome til å innføre.
Publisert Sist oppdatert

– Det er problematisk når det historiske faktainnhaldet i historiefaget får for stor vekt til fordel for metode og kjeldelære. Men det er òg problematisk om vi ikkje legg vekt på innhaldet og gjer faget til eit reint ferdigheitsemne, meiner Nordgren, som er professor i samfunnsvitskapsdidaktikk ved Karlstads universitet.

Han er ein av dei som står bak utarbeidinga av dei noverande svenske læreplanane i historie for grunnskulen. Då dei vart laga i 2011, var målet å gå vekk frå generelle og overordna kompetansemål, som Noreg no kan kome til å innføre.

I skissene til nye læreplanar for samfunnsfag, historie, geografi og samfunnskunnskap i Noreg, som Dag og Tid skreiv om førre veke, er referansar til konkrete tema, hendingar og tidsepokar fjerna til fordel for formuleringar om at elevane skal lære å «reflektere over kva demokrati inneber», «samanlikne ulike styreformer» og «undersøke bakgrunnen for sentrale krigar og konfliktar i ulike periodar».

Svenskane gjekk ifølgje Kenneth Nordgren frå ein læreplan utan presiseringar av kva konkret innhald elevane skulle kunne noko om, til konkrete mål. No seier læreplanane til dømes at elevane i 1., 2. og 3. klasse skal lære om steinalderen, bronsealderen og jarnalderen, forteljingar om gudar og heltar i gresk og nordisk mytologi og korleis vi kan sjå på dei i vår eiga tid.

– Dei tidlegare planane vart kritiserte for ikkje å gje lærarane særleg informasjon om kva innhaldet i faget skulle vere, og for å føre til skilnader i kva dei ulike skulane og lærarane underviste i. Oppdraget vårt var å gje faget eit sentralt innhald som skulle vere felles for alle, men sjølvsagt òg med rom for at skulane kunne gje læreplanen lokalt preg, seier Nordgren.

Detaljar og metode

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement