JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Striden står om
dommarar på deling

Domstoladministrasjonen vil ha ambulerande tingrettsdommarar som arbeider ved fleire domstolar. Dommerforeningen protesterer skarpt, og meiner slike stillingar kan vere ulovlege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dommerforeningen på synfaring til tre domstolar med sams leiing i Helgeland i mai 2018. Verten, den ambulerande sorenskrivaren Rolf Selfors, til venstre i midtrekkja.

Foto: Dommerforeningen

9283
20180629
9283
20180629

Justis

vidar@dagogtid.no

Stortinget har ikkje drøfta nyordninga. Dommerforeningen og domstolleiarane for fleire tingrettar meiner Domstoladministrasjonen med dette freistar «å omgå grunnlovs- og lovbestemte skranker for dommernes stillingsvern og vern mot forflytning».

– Dette er heilt ukjent for meg og fullstendig uakseptabelt, seier Jenny Klinge (Sp), første nestleiar i Justiskomiteen på Stortinget.

– Det er heilt klart at vi i Senterpartiet vil ta opp denne saka når vi kjem saman på Stortinget etter sommarferien, legg ho til.

Felles sorenskrivar

Sidan 2015 har fleire tingrettar i same geografiske område fått éin felles sorenskrivar som sjef. Det har skjedd etter kvart som sorenskrivarstillingar har blitt ledige. Til dømes er sorenskrivaren i Rana også domstolleiar for Alstahaug tingrett og Brønnøy tingrett. Sorenskrivaren er stasjonert i Mo i Rana. Med store avstandar betyr det at sorenskrivaren berre av og til er på «visitas» ved dei to andre tingrettane.

Domstoladministrasjonen og regjeringa har ynskt mest mogeleg fleksibilitet med tanke på framtidig domstolstruktur, nedlegging eller samanslåing av domstolar, som er politisk svært kontroversielt. Difor har ein hekta på «ordningar» som «konstituert» og «flytteplikt» ved tilsettingar som i beste fall er juridisk omstridde.

Ein ny domstolkommisjon er i arbeid. Han skal mellom anna vurdere framtidig domstolstruktur. Dommerforeningen har åtvara mot å føregripe arbeidet til kommisjonen og resultatet av vidare behandling, men har tala for dauve øyre.

Foreininga protesterer

Dommerforeningen, leia av Ingjerd Thune, har åtvara sterkt både mot ordninga med felles sorenskrivar og mot dommarstilling på deling mellom fleire domstolar. Det skjedde alt i ei høyringsfråsegn til Domstoladministrasjonen i 2015.

Dommerforeningen på­­peika også at det er opp til Stortinget å vedta struktur­endringar, og hevda med styrke at Domstoladministrasjonen ikkje hadde fullmakter til det. Dommerforeningen viste mellom anna til stortingsdokument frå Stoltenberg I-regjeringa i 2001 om organiseringa av domstolane. Dei påpeika også at det med felles sorenskrivar for fleire domstolar ville gå meir tid til administrasjon og mindre til dømmande verksemd, og at mykje tid ville gå med til reising dersom det var ein viss avstand mellom domstolane.

Domstoladministrasjonen har ikkje teke omsyn til dette. Fleire domstolar har fått felles leiing. Domstoladministrasjonen har også innført ambulerande tingrettsdommarstillingar ved fleire domstolar utan at saka har vore drøfta i det offentlege rom. Fleire slike stillingar har vore utlyste utan å vekke debatt.

Ein for seks domstolar

I mai i år lanserte Domstol­administrasjonen ein plan om å opprette ei stilling som tingrettsdommar for Gjøvik tingrett, Hedmarken tingrett, Sør-Gudbrandsdal tingrett, Øvre Romerike tingrett, Ringerike tingrett og Valdres tingrett. Gjøvik, Sør-Gudbrandsdal og Valdres tingrettar ligg i Oppland fylke. Hedmarken tingrett i Hedmark, Øvre Romerike tingrett ligg i Akershus og Ringerike tingrett i Buskerud.

Det ville bety at seks tingrettar i fire ulike fylke skulle dele på éin dommar, og at denne dommaren ville måtte ha seks sorenskrivarar eller sjefar.

To dagar etter at utspelet frå Domstoladministrasjonen kom, sende sorenskrivarane frå fem av dei seks nemnde tingrettane eit krast brev til Domstoladministrasjonen der dei protesterte mot planane: «Det fremstår (også) som både meningsløst og tilfeldig å skulle ha en felles dommerstilling i de foreslåtte tingrettene. Flere av de nevnte tingretter samarbeider i dag i svært liten grad. De befinner seg i flere ulike fylker under ulike lagmannsretter. En dommer som skulle ha en felles dommerstilling i de aktuelle domstolene ville få en helt uforutsigbar fremtid i et stort geografisk område. Vi antar at DAs forslag om en slik felles dommerstilling vil utelukke en rekke gode søkere, og ha store negative konsekvenser for rekrutteringen til domstolene. Til syvende og sist kan dette gå utover tilliten til domstolene, noe som vår rettsstat hviler på», skriv domstolleiarane.

Frå seks til tre

Seks veker seinare kom Domstoladministrasjonen tilbake og hadde no halvert talet på tingrettar som den eine tingrettsdommaren skulle tene: Gjøvik tingrett, Hedmarken tingrett og Sør-Gudbrandsdal tingrett.

20. juni svara domstolleiarane ved dei tre tingrettane: «Vi (….) fastholder at det fortsatt kan stilles spørsmål ved lovligheten av å opprette slike felles dommerstillinger.» «Dersom DA vil lyse ut stillingene som felles dommerstillinger, ber vi om at lovligheten av dette først forelegges Justisdepartementets lovavdeling for uttalelse.»

Dei tre sorenskrivarane leverer ei rekke argument mot å utnemne felles dommarar. Mellom desse er at ein domstol som arbeider effektivt, risikerer å misse dommarar til mindre effektive domstolar om ein innfører ei slik ordning.

«Dersom DA likevel velger å lyse ut stillingene som felles dommerstillinger, vil vi måtte komme tilbake til lovligheten av å flytte de aktuelle dommerne, dersom det senere skulle bli aktuelt», skriv sorenskrivarane.

Sterkt kritiske

– Vi er sterkt kritiske til framgangsmåten til Domstol­administrasjonen. Styret i Dom­stol­ad­ministrasjonen har gitt seg sjølv ei forskrift der ein i særlege tilfelle kan avvike frå dei vanlege reglane. Men slik vi ser det, held dei seg ikkje til si eiga forskrift, seier sorenskrivar Ingjerd Thune ved Gjøvik tingrett.

Ho var fram til i juni også styreleiar i Dommerforeningen.

Domstoladministrasjonen opp­lyser til Dag og Tid at ein arbeider med ei vurdering av dei problemstillingane dei fem domstolleiarane har reist, og at den truleg vil vere klar i august. Domstoladministrasjonen har derimot ingen planar om å legge saka fram for lovavdelinga i Justisdepartementet, slik domstolleiarane har bede om. Domstoladministrasjonen opplyser at dei arbeider ut frå ei forskrift for felles dommarstillingar som styret i Domstoladministrasjonen har vedteke.

Då direktøren presenterte ideen om felles dommar­­stillingar for styret i Domstol­­administrasjonen, la han opp til at det var snakk om at to og to mindre tingrettar med kort avstand eller ein stor og ein liten tingrett kunne dele ei dommarstilling. Ifylgje Domstoladministrasjonen har styret ikkje vorte informert eller involvert i planen om at dei seks tingrettane skulle dele ei dommarstilling.

Felles sorenskrivar

I 2016 innførte Domstol­administrasjonen ei prøveordning med felles sorenskrivar for to tingrettar: Nord-Gudbrandsdal og Sør-Gudbrandsdal og for Rana tingrett og Brønnøy tingrett. Deretter vart også Alstahaug tingrett innlemma med Rana og Brønnøy. Og i juni i fjor vart ordninga gjord permanent.

2. mars i år vart sorenskrivaren ved Salten tingrett i Bodø også utnemnd til sorenskrivar ved Lofoten tingrett i Svolvær. Her er ein avhengig av fly. Reisetid med bil er fire timar éin veg.

Sorenskrivaren ved Rana tingrett / Alstahaug tingrett og Brønnøy tingrett er Rolf Selfors. Han har sidan 2013 vore styremedlem i Domstoladministrasjonen og med det vore med på avgjerdene om felles sorenskrivar og tingrettsdommarar på deling.

Han opplyser at dei tre tingrettane han er leiar for, har til saman ti dommarstillingar inkludert sorenskrivarstillinga hans. Fem av desse er dommarfullmektigar. Både desse fem og tre av dei fire faste tingrettsdommarane er tilsette ved alle tre domstolane. Berre ein tingrettsdommar er tilsett ved Rana tingrett.

Han opplyser at det er tre og ein halv times reisetid mellom Rana og Brønnøy (Brønnøysund) og ein og ein halv time mellom Rana og Alstahaug (Sandnessjøen). Han opplyser vidare at dommarar frå Brønnøy rett som det er har rettssaker i Rana. Då reiser dei frå Brønnøysund, som ligg lengst i sør, til Mo i Rana kvelden før og bur på hotell.

Kostbar drift

Organiseringa har resultert i at kostnadane til reiser og samlingar av personalet minst to gongar i året blir dekt av eit eige budsjett på 600.000 kroner. Men samstundes er utgiftene til konstituering som sorenskrivar ved fråvær borte. Rolf Selfors meiner også det utgjer fleire hundre tusen kroner. Han tyr til slagordet «meir for pengane» om resultatet av organiseringa. På den måten freistar ein å demme opp for «dei dramatiske nedskjeringane i løyvingane til domstolane som Stortinget har gjort». Han meiner også at nyordninga betyr jamnare arbeidsfordeling mellom alle dommarane ved dei tre domstolane.

Han opplyser at det tidlegare var stipulert at sorenskrivaren brukte 30 prosent av arbeidstida si på administrasjon. Med to sorenskrivarar borte skulle det tilseie at han sjølv nyttar 90 prosent av arbeidstida si til administrasjon. Frå starten var han ei veke i månaden til stades ved Brønnøy og Alstahaug tingrettar. No er dette redusert til éin dag i månaden.

Selfors likar ikkje ordet fjernstyring om den jobben han har som ansvarleg for to domstolar der han ikkje er til dagleg. Han kallar det «avstandsleiing». Han vedgår at han er mykje mindre i retten enn før.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dette er heilt ukjent for meg og fullstendig uakseptabelt.

Jenny Klinge (Sp), første nestleiar i justiskomiteen på Stortinget

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis