JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Stillaste staden

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2201
20181005
2201
20181005

Til Auschwitz kjem 9000 besøkjande kvar dag. Det er litt sol, og på plenane veks det Maria gullsko og kløver. Alt eg høyrer, er stega av mjuke sko. Berre stille joggesko og litt rasling i grusen, knirking på betonggolva. Kontrasten er stor til fargeklattane som stikk seg fram i berget av sko me går forbi.

Forfengelege sko, sko med fletter, pynt og høge hælar. I alle fall ikkje skorne til nokon utan håp. Sko for moro, for flørt. Barnesko. Sko som varslar draumar og framtid. Slett ikkje fornuftige sko. Sjølv tuslar me forbi i våre fornuftige sko. Berre guiden snakkar stille. Me lyttar i kvar våre høyretelefonar.

Eg har sonen min med. Han er 13 og eit halvt. Alle under 14 vart sende direkte til krematoriet, med mindre dei var velbygde og snakka tysk. Han er det og gjer det. Han er blond, breiskuldra og blåøygd. Eg trur eg heller ville sett han døy raskt.

Eg har ikkje lov, gjev meg ikkje lov, til å gå forbi utan å sjå dei i auga. Her er bilete av kvinner på ei side, menn på den andre. Dei er meg. Trassige, håpefulle, skjemtande, skamslåtte, skamklipte, utviska, i rørsle, storøygde, livredde. Me går her. Storøygde og livredde. Dei er for mange til at eg kan sjå alle. Og på desse veggane heng berre bileta av nokre få. Ei av dei er meg. Utan hår og med større munn. Me har same fødselsdag, og då ho vart drepen, var ho om lag like gamal som eg er no.

To tonn. To tonn med fargelaust, gammalt hår. Eit heilt rom. Flettene stikk fram her og der. Eg har freista å finna vekta på hår. Ifølgje KK (6. august 2012) kan langt og tjukt hår vega 28–56 gram. Eg vil ikkje rekna ut kor mange menneske som forsvann for dette berget av hår. Men eg gjer det likevel. Om alle hadde hatt passe langt og nokolunde tjukt hår, er reknestykket 2.000.000 delt på 40 er lik 50.000. Då er ingen menn eller kortklipte. 50.000. Det er alle som bur i Tønsberg eller i Ålesund.

Håret, skoa og bileta. Det er fargelaust. Ein masse. Ser du etter, finst gullskoa, ei kvit flette eller det blikket du aldri kjem til å gløyma.

I grøfta mellom togskjenene og vegen til krematoriet i Auschwitz veks det minneblom.

Ingvil Brügger Budal

Ingvil Brügger Budal er mellomalderforskar og norskdidaktikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis