Stereo Kvifor har me eigentleg to høgtalarar i stova? Eg blir sitjande i sofaen ei stund og sjå på båe to.
Kvifor har me eigentleg to høgtalarar i stova? Eg blir sitjande i sofaen ei stund og sjå på båe to.
Den dyre kjøkkenradioen som eg kjøpte til sambuaren min ein gong ho hadde bursdag, har berre éin høgtalar. Når me dreg på stranda, har me med oss ein liten høgtalar for å høyre podkast, radio eller musikk. Ungdommane som høyrer på musikk frå mobilen, brukar berre éin høgtalar. Me høyrer kanskje ikkje på dei same songane, men i all hovudsak går det ut på det same: lyd, rytmar, instrument, speling, song.
Heime i stova har me altså to høgtalarar.
Det er så lenge sidan eg kunne høyre lyd kome frå fleire kantar, at eg har gløymt korleis det er. Tidvis har eg høyrt så dårleg at det ikkje har gått an å nyta musikk. Andre gonger har eg kunna ta på høyreklokker og spele så høgt at lyden har gått gjennom skallen og blitt registrert på andre sida. Eg har også nytta eit spesialhovudsett som har sendt lyd rett inn i skallen. Kanskje det berre er eg, men denne lyden blir heilt daud og utan klang.
For to veker sidan var eg på sjukehuset og blei operert av ein pessimistisk lege. Han snakka til meg som om eg skulle vere glad berre eg overlevde, fekk eg inntrykk av, og utan håp om betring. Men ei veke seinare skjedde det noko rart. Då gutungen ropte «feeerdig!», kunne eg høyre at han sat på badet, og ikkje på «pappadoen» i gangen. Det daude øyret hadde opna seg. Det kom lyd frå alle kantar.
Eg forta meg å hjelpe han med noko han eigentleg burde ha klart sjølv. Det var ikkje tida for pedagogikk og opplæring. Så sprang eg attende til stova, benka meg framfor platespelaren og høyrde musikken kome frå alle kantar. Sofaen var plutseleg plassert midt i bandet, og musikarane stod rundt meg. Eg blei sentrum av musikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.