Stengde døra for Document-bok
Prosa-redaktør Merete Røsvik droppa ei bokmelding av ei kontroversiell bok om innvandring etter at ho hadde lese ei ny bok om ytringsfridom.
Prosa-redaktør Merete Røsvik tvila lenge på om ho skulle publisere ein melding av Halvor Foslis bok Mot nasjonalt sammenbrudd. Til slutt vart svaret nei.
Foto: Ilja C. Hendel
Bakgrunn
Dette er saka
I 2019 kom boka Mot Nasjonalt sammenbrudd. Norge i masseinvandringens tid av Halvor Fosli (Document Forlag).
Tidsskriftet Prosa trekte ei planlagd melding av boka.
Avgjerda vart grunngjeven med det politiske innhaldet
i boka.

YTRINGsfridom
christiane@dagogtid.no
Torsdag den 7. mai fekk bokmeldar, skribent og forfattar Per Hem eit e-brev som overraska han. I april hadde han levert ei melding av boka Mot nasjonalt sammenbrudd av Halvor Fosli (Document Forlag) til Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforenings (NFFO) tidsskrift, Prosa.
Saka var ferdig redigert og klar for trykk, men plutseleg såg det ut til at Prosa-redaktør Merete Røsvik hadde fått kalde føter. I eit e-brev til Hem skreiv ho at ho hadde bestemt seg for ikkje å publisere meldinga likevel.
«Det er rett og slett fordi eg har skifta syn på kva det signaliserer at eg gir plass til ei såpass alarmistisk bok som dette, frå Document forlag som representerer politiske haldningar eg meiner ikkje bør få etablere seg som ’innafor’. Det utløysande for at eg ombestemte meg, var at eg las Bjørn Stærks bok Ytringsfrihet annotert», skriv ho.
Røsvik kan òg fortelje at ho spurde redaksjonsrådet til råds, og at «(...) alle fem var samde i at eg ikkje burde gje boka denne typen merksemd».
I redaksjonsrådet sit kommentator Hege Ulstein, journalist Eivind Torgersen, språkforskar Toril Opsahl, professor Håvard Friis Nilsen og omsetjar Eve-Marie Lund.
– Gav ikkje dødsstøyten
Per Hem seier til Dag og Tid at ingen bøker har krav på å bli melde. Det som gjer denne saka spesiell, er at meldinga vart trekt på eit svært seint tidspunkt.
– For meg har saka to aspekt. Det eine er det frie ordet. Røsvik kallar Foslis bok alarmistisk utan å ha lese henne, og er det ei god grunngjeving for ikkje å melde ei bok? Bokmeldinga mi er ganske kritisk, og eg trur ikkje Fosli ville ha vore veldig nøgd med henne. Men eg gav ikkje Fosli dødsstøyten, slik eg trur Røsvik hadde håpa på.
Det andre aspektet Hem er oppteken av, er omsynet til bokmeldarar og andre som blir bedne om å lage stoff til tidsskrift og aviser.
– Vi kan ikkje ha det slik at ein forfattar og meldar bruker mykje tid på å melde ei bok, alt er klart, til og med språkvasken, og så blir det plutseleg ikkje noko av. Ting må vere meir føreseielege enn det.
Hem kravde å få ein kompensasjon for at meldinga ikkje kom på trykk, i tillegg til honoraret dei hadde avtalt. Halve fortenesta er å få meldinga på trykk, meiner han. «Som skribent er man avhengig av å synes i offentligheten, ellers blir man ikke lagt merke til og får heller ikke nye oppdrag», skriv han i kravet, som vart avvist av Prosa-redaktøren.
– Ukritisk formidling
Dag og Tid har fått sjå e-postutvekslinga mellom Røsvik og Hem. I eit e-brev sendt 15. juni, etter at Hem hadde klaga, skriv Røsvik at meldinga frå Hem ikkje var så god som ho hadde håpa, og at redaksjonsrådet delte denne vurderinga.
Overfor Dag og Tid forklarar Røsvik at avgjerda om å droppe bokmeldinga vart teken etter ei totalvurdering der synet på både boka, forlaget og meldinga spelte inn.
– Eg tenkte at Per Hem kunne gje ein god og kritisk analyse av argumentasjonen i boka. Den første teksten han leverte, oppfatta eg som ei ukritisk formidling av innhaldet i boka, med berre nokre få, lite substansielle innvendingar. Det var ikkje den typen kritisk analyse eg hadde bede om. Eg sende ei lang tilbakemelding der eg oppmoda han om å gå meir inn i påstandane og argumentasjonen, seier ho.
Dermed leverte Hem ein ny versjon, som Røsvik omtala positivt overfor han.
– Framleis hadde eg ikkje ein slik tekst eg hadde ønskt, men under tvil valde eg å fokusere på det positive og sa eg ville publisere. Etter at eg las boka av Bjørn Stærk, følte eg meg ikkje komfortabel med avgjerda eg hadde teke. Eg sende meldinga til redaksjonsrådet og sa eg var i tvil om eg ville trykkje teksten. Eg fekk ei eintydig attendemelding frå redaksjonsrådet om at analysen ikkje var god nok.
Røsvik seier at Hem alt hadde fått eit utvida honorar, og at kompensasjonskravet vart avvist fordi ein slik kompensasjon ikkje er vanleg. Ei dårleg grunngjeving, meiner Hem, som synest det burde vere sjølvsagt å kompensere i ei sak som denne.
– Ureieleg påfunn
Hem reagerer sterkt på at Røsvik, etter å ha takka ja til bokmeldinga hans, kjem med ei tilleggsgrunngjeving der kvaliteten på teksten hans også vert tema.
«Når Prosas redaktør legger til at hun ikke var fornøyd med anmeldelsen, oppfatter jeg det som et ikke redelig påfunn i ettertid i et forsøk på å berge seg – og å vri debatten bort fra hovedsaken, nemlig uprofesjonelt redaktørarbeid og et tvilsomt forhold til ytringsfriheten. I april ga hun uttrykk for at hun var meget godt fornøyd med teksten, og da hun i mai sa fra at anmeldelsen ikke kom på trykk likevel, hadde hun helt andre begrunnelser. En hvilken som helst redaktør ville selvsagt ha tatt opp eventuelle behov for kvalitetsforbedringer før anmeldelsen gikk igjennom nåløyet. Jeg er en erfaren sakprosakritiker som ikke er ukjent med hvor kvalitetslista ligger, for å si det slik. Vi hadde ingen uoverensstemmelser under arbeidet med teksten, men jeg hadde en klam følelse av at Røsviks kommentarer til førsteutkastet jeg leverte primært skyldtes misnøye med at jeg ikke var kritisk nok til Foslis bok. Hun ville ha en anmeldelse som stod bedre til hennes eget positive syn på innvandring», skriv Hem i eit e-brev til Dag og Tid.
Røsvik tek på si side sjølvkritikk for ikkje å ha vore ærleg overfor Hem om vurderinga av teksten.
– Eg ser i ettertid at det var dumt å ta omsyn i ein slik situasjon, for eg var ikkje nøgd. Då eg seinare hadde bestemt meg for å ikkje trykkje meldinga, tenkte eg at eg ikkje trong seie det. Hovudgrunnen er den eg skreiv til han, men det hadde òg med måten han tilnærma seg teksten på. Eg fekk ein følelse av at Prosa vart eit talerøyr for Foslis påstandar. Det var eg ukomfortabel med, og eg tenkte at eg må jo faktisk ikkje publisere.
Omtala som farleg
Den fulle tittelen på Foslis bok er Mot nasjonalt sammebrudd. Norge i masseinnvandringens tid, og prosjektet vert skildra slik på smussomslaget: «Norge er i ferd med å bli omgjort til et helt annet sted, og det skjer i et tempo uten historisk sidestykke. Masseinnvandringen, som har pågått i flere tiår og fremdeles vedvarer, medfører store økonomiske og sosiale kostnader, og utgjør en eksistensiell trussel mot velferdsstaten, men også nasjonalstaten som sådan.» Bokprosjektet er støtta av både Fritt Ord og NFFO.
Fosli slo gjennom i ålmenta med ein svært omfattande bok om Kristiania-bohemen i 1994, Kristianiabohemen: byen, miljøet, menneska, og var sjølv redaktør i Prosa i perioden 2000–2005. Dei siste åra har han først og fremst markert seg som ei innvandringskritisk røyst, som forfattar, skribent og i sosiale medium. Han har vore politisk rådgjevar for Senterpartiet, og han er nyleg henta inn for å vere med i Fremskrittspartiets innvandringspolitiske utval, leidd av Sylvi Listhaug. I mai tok han til i stillinga som kulturredaktør på den innvandringskritiske nettstaden Document.no. Den førre boka frå Fosli, Fremmed i eget land, var basert på intervju med personar som følte seg framandgjorde i Groruddalen i Oslo som følgje av innvandringa.
Eit søk på Google og i tekstarkivet Retriever syner at Foslis siste bok knapt har vore meld i media, med unntak av i Dag og Tid, der omtalen var blanda, og Dagen, der omtalen var positiv. Boka er derimot kommentert i aviser som Klassekampen og Dagbladet, begge stader kritisk. Klassekampens politiske redaktør, Bjørgulv Braanen, skriv mellom anna at det han ser på som det ideologiske prosjektet til Fosli, ei innsnevring av det norske nasjonalitetsomgrepet som utestengjer mange innvandrarar og etterkommarane deira, er uhaldbart og farleg. Kommentaren vart igjen sterkt kritisert av Document Forlag-sjefen Christian Skaug på Document.no.
Ikkje eit prinsipp
Dag og Tid spør Røsvik om avgjerda om å droppe bokmeldinga inneber at Prosa vil avvise alle bøker frå Document Forlag.
– Så langt har eg ikkje tenkt, men dersom bøkene som kjem derifrå står i stil med nettstaden, er det nok ikkje dei eg vil kaste meg over først.
– Er rammene for kva bøker som blir melde i Prosa, snevra inn med dette?
– Det er ikkje mange bøker som blir melde i Prosa. Vi har seks nummer i året og kanskje fem meldingar per nummer. Eg har sett ei grense, men det er ikkje eintydig kva som vil falle innanfor og utanfor. Ulike politiske haldningar skal få kome til uttrykk, men dei fleste vil ha ei grense for kva dei gir merksemd, seier Røsvik og peiker på debatten om no-platforming, eller scenenekt og boikott, altså at enkelte debattantar blir nekta plass og merksemd.
– Eg er nok blant dei som meiner at ikkje alle har rett til å kome til orde, eller ikkje synest det er likegyldig kven ein gjev merksemd. Eg ønskjer å bruke sjansen eg har aktivt. Dette handlar ikkje berre om kva som blir gjeve merksemd, men måten det blir gjort på. Gode analysar er det alltid plass til.
Snudde om ytringar
Bjørn Stærk er skribenten og forfattaren Røsvik viste til då ho vende tommelen ned for bokmeldinga til Hem. Stærk gav i 2013 ut boka Ytringsfrihet. I åra etterpå har han endra oppfatning om kven som bør få merksemd i ålmenta, og i fjor kom boka om ytringsfridom ut i ei ny og endra utgåve, Ytringsfrihet annotert.
– Eg starta på ein ytringsliberal ståstad. Det har skjedd ein del i verda som har undergrave det eg skreiv i 2012–2013. Korleis fungerer debattar når ein gjev mykje plass til islamhatarar og andre innvandringsmotstandarar? Slik eg såg det den gongen, var det plass til alle, og alt var greitt. Det som i praksis har skjedd, er snarare at farlege idear har vunne reell politisk makt og ei større rolle i ålmenta i mange land, seier han.
Stærk seier han òg prøver å ta perspektivet til dei som ikkje er som han.
– Eg lever trygt og godt som ein høgt lønt kvit mann. Går debattane gale, går det ikkje utover meg. Men det går utover dei som har meir som står på spel, som muslimar og innvandrarar.
Stærk har ikkje lese boka til Fosli og vil ikkje ta stilling til avgjerda i Prosa, men seier dette:
– Ein redaktør har eit ansvar for vala ein tek – for kva ein løftar fram og ikkje. Enkelte redaktørar tenkjer at dei berre speglar verda kring seg. Eg trur at når ein formidlar noko, er ein med på å forme ålmenta. Eg synest alle med slike yrke bør tenkje gjennom kva ein løftar fram.
– Kan ein slik tankegang vere med på å snevre inn det offentlege rommet og ytringsfridommen?
– Kva meiner ein med rom og ytringsfridom? Det er mange bøker og ytringar der ute. Kvar gong ein person får merksemd, får ein annan mindre. Det kan ikkje vere ei prinsippsak at alt skal vere synleg i ålmenta, seier Stærk.
Han seier folk ytst til høgre er blitt lytta mykje til over lengre tid.
– Synspunkta frå Document er etablerte og er blitt lytta til i fleire tiår. Det er mange andre debattar som ikkje er blitt løfta fram. Noreg er fullt av menneske med skuffene fulle av upubliserte bøker og kronikkar. Eg liker tanken på at ytringsfridommen skal få fram det mangfaldet av røyster som kanskje ikkje blir høyrde elles. Då er ikkje eg så bekymra for Document Forlag. Dei har fått meir enn nok merksemd, mellom anna av folk som meg.
Fryktar polarisering
Skribent Anki Gerhardsen vert bekymra når ho høyrer om prosessen i Prosa. Gerhardsen har engasjert seg i ei rekkje kontroversielle debattar, skriv fast i Aftenposten-spalta «Medierevisjonen» og deltek mellom anna i ytringsfridomskommisjonen nedsett av regjeringa.
– Eg synest det er viktig å melde bøker som ligg i ytterpunktet for kva som er comme il faut å meine i Noreg, også for å ta til motmæle. Fosli er dessutan ei kjend røyst i ålmenta, og når ein først har avgjort å melde boka, blir eg bekymra for det reelle motivet for å endre planane, slik dei har gjort i Prosa. Eg merkar stadig oftare eit press mot ytringsfridommen, og det handlar særleg om ein kan debattere med ytre høgre eller ikkje. Det synest eg er skummelt.
Gerhardsen understrekar at ho ikkje har lese boka til Fosli og ikkje kan seie noko om kvaliteten. Debatten er ho derimot oppteken av på prinsipielt grunnlag.
– Dette har ikkje med sympatiar eller antipatiar å gjere. Men utelukkar ein desse personane frå samfunnssamtalen, trur eg at ein bidreg både til polarisering og martyrstatus. Det er noko av det som uroar meg mest.
Gerhardsen seier det kan vere krevjande og tungt å gje rom for røyster med kontroversielle eller ubehagelege haldningar.
– Mange er opptekne av at ein berre skal snakke med dei reine og ranke. Ein kan bli uroa for sitt eige omdømme om ein bryt desse forventningane.
No-platforming er eit konsept Gerhardsen er sterkt imot.
– Eg forstår ikkje kva som er problemet med å diskutere med nokon ein er djupt usamd med. Gjer ein det på ein god måte, trur eg det øver opp refleksen til publikum på kva som er gode haldningar og ikkje, og at det fremjar demokratiet. Det er skadeleg å feie ting under teppet. Eg trur det aukar aggresjonen hos dei som blir oversette.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg forstår ikkje kva som er problemet med å diskutere med nokon ein er djupt usamd med.
Anki Gerhardsen, skribent og debattant
Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.