JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sjølv om skatteflyktningen John Fredriksen er «møkk lei» av Noreg, har selskapa hans vore flittige brukarar av norske garantiordningar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei utflagga skipa til John Fredriksen har ikkje hatt noko imot garantien frå den norske staten.

Foto: Ints Kalnins / Reuters / NTB scanpix

2389
20170616
2389
20170616

Ein skulle tru at riggselskapet Seadrill, med John Fredriksen som storeigar, hadde eit heller kjølig forhold til den norske staten. På 2000-talet valde Seadrill, som dei fleste norske riggselskap, å flagge ut til lågskattland, fordi dei ikkje lenger fekk nyte godt av den låge reiarskatten. Fredriksen valde å bli kypriotisk statsborgar i 2006, og tok med seg milliardformuen sin. Han har mellom anna uttalt at han var «møkk lei» av Noreg, og at heimlandet gjorde han sjuk.

Nytta flittig

Men den djupe misnøya med Noreg har ikkje hindra Fredriksen-dominerte selskap som Seadrill i å nytte seg svært flittig av dei norske ordningane for eksportfinansiering. Berre det brasilianske oljeselskapet Petrobras har fått meir i garantiar frå Giek enn Seadrill har. I 2013 åleine gav Giek Seadrill garantiar for 3,3 milliardar kroner for utstyr til tre boreskip som vart bygde i Korea. Desse garantiane er openbert ikkje berre til hjelp for dei norske eksportbedriftene; dei er svært verdifulle for riggselskapa, som opererer i ein risikabel bransje med store svingingar.

Tom kasse

I mange år var Seadrill ei gullkanta forretning, som betalte ut enorme utbyte til aksjonærane. Så seint som i 2014 var dei samla utbyta frå Seadrill på kring 12 milliardar kroner. Så fall oljeprisen bratt, og Seadrill hadde sett av langt frå nok pengar til å kunne handtere krisa som kom. I år etter år hadde selskapet i staden valt å prioritere nyinvesteringar og utbyte. I februar i år skreiv Dagens Næringsliv at Seadrill er tyngd av ei uhandterleg gjeld på 116 milliardar kroner, og kjempar for å overleve.

Krisa i Seadrill inneber at Giek truleg må stå ved garantiane sine, og bruke norske skattekroner for å dekkje opp delar av tapa til det utflagga selskapet. Kor mykje det blir, veit vi ikkje enno. Men den norske staten har jo heldigvis ei djup kjelde å hente pengar frå.

Som konsulentane i Menon Economics skreiv i ei evaluering av Giek i fjor: «Ettersom staten (…) kan øke inntektene gjennom høyere skatter dersom tapene blir store kan statlige garantiinstitutter som Giek påta seg høyere risiko enn private aktører i markedet.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Giek gjev 15 gonger så

mykje drahjelp til

norsk offshoreindustri

som til miljøvenleg

energiproduksjon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis