Snakk mindre mildtTrumps nye tankar om tryggleik er velkomne, men treng meir kontantar og nyansar.Når 2017 no dreg seg mot ein ende, har verda sjeldan vore så tvidelt. Anten elskar du Donald Trump, eller du avskyr han. Anten tilber du brexit, eller du hata

Trumps nye tankar om tryggleik er velkomne, men treng meir kontantar og nyansar.

President i USA, Donald Trump, og president i Kina, Xi Jinping, då nordamerikanske og kinesiske forretningsmenn signerte ein handelsavtale i november i fjor.
President i USA, Donald Trump, og president i Kina, Xi Jinping, då nordamerikanske og kinesiske forretningsmenn signerte ein handelsavtale i november i fjor.
Publisert

Når 2017 no dreg seg mot ein ende, har verda sjeldan vore så tvidelt. Anten elskar du Donald Trump, eller du avskyr han. Anten tilber du brexit, eller du hatar det. Denne polariseringa er driven fram av dei gigantiske sosiale nettverka vi har fått i dag, og det fenomenet som kan omtalast som at fuglar med same fjørham flokkar seg saman.

Facebook oppmuntrar deg til å like eller ikkje like det du ser i nyhendevarslinga di. Twitter gjer det råd for deg å vidaresende eller like andre folks twittermeldingar eller blokkere brukarar som krenkjer kjenslene dine. Temmeleg raskt er du i ei filterboble der det elles berre er folk som deler ditt syn på verda. Resultatet er eit paradis ikkje berre for fake news, men òg for ekstreme syn.

Etter avsløringa av Harvey Weinstein som eit seksuelt rovdyr, er det skingrande røyster som insisterer på at alle menn er potensielle valdtektsmenn. Etter at ein (kvit) demonstrant døydde i Charlottesville i Virginia, insisterer andre fanatikarar på at alle kvite er rasistar. Kvite menn må difor vere rasistiske valdtektsmenn. Om du vågar å ta avstand frå denne nye doktrinen, stadfestar du berre hypotesen – for det er nett det du ville ha gjort, ikkje sant, om du var ein rasistisk valdtektsmann.

I denne binære verda er det ikkje mykje plass for tvisyn. Eg har hatt vanskar dette året med å forklare til og med for vener kvifor eg kan like somme sider ved Trump-administrasjonen samstundes som eg misliker andre. Og eg skulle ønske eg hadde fått ein bitcoin for kvar gong nokon har klaga over at haldninga mi til brexit har flaksa frå det eine til det andre. Nei, eg er berre ambivalent.

Eg hadde mykje sympati i fjor for dei veljarane som gav uttrykk for misnøye med status quo ved å røyste på brexit eller Trump. Men eg var òg svært klar over at det ville bli store vanskar med begge desse populistiske prosjekta, noko som har synt seg å stemme. Dette var ikkje flaksing frå det eine til det andre. For lenge, lenge sidan var dette kjent som nyanse.

Eit godt høve til meir ambivalens er Trump-administrasjonens nye nasjonale tryggingsstrategi (NSS), som vart offentleggjord 18. desember. Som vanleg var mange kommentatorar klare til å fordøme dokumentet og spå den snarlege enden på verda, om lag som katastrofen som venteleg ville kome som følgje av slutten på nettnøytraliteten – politikken som krev at internetttilbydarane skal handsame alle data likt – og vedtaket om dei republikanske skattekutta. I røynda er denne nye NSS ei stor forbetring i høve til den førre administrasjonens freistnader på «strategisk tolmod».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement