Leiar
Uheldig flytting
Reinsdyr i Storheia vindpark.
Foto: Heiko Junge / NTB
Regjeringa har føreslått 100 millionar kroner for å leggja til rette for eit nytt vinterbeite for Sør-Fosen og Nord-Fosen sijte etter striden om vindturbinane på Fosenhalvøya. Norsk institutt for bioøkonomi har greidd ut saka. Dei har falle ned på Håmmålsfjellet-Sålekinna i Tolga, Os og Engerdal, som dei vurderer som eigna som vinterbeite.
Kor eigna det er, kan i høgste grad diskuterast. I alle fall vert det eit årleg styr for reineigarane og gjetarane – til ein høg økonomisk kostnad. Samlinga og sorteringa før transporten av reinsdyra krev store beitehagar på Fosen. Her trengst oppgradering av gjetarhus, bygging av lagerbygg, utbetringar av vegar til dyretransporten og så bortetter.
Nye beitehagar må ein òg laga til det nye vinterbeitet. Og truleg fleire beitehagar for å unngå samanblanding med tamrein frå andre distrikt. Eller mellom dei to Fosen-flokkane, for dei to skal ikkje gå i lag. Reiseavstanden til og frå Fosen krev nye bustader, gjetarhus og lagerbygg nær vinterbeitet.
Det vil ta tid før dyra ven seg til dei nye ukjende områda. Det krev tett tilsyn med dyra, med mange gjetarar. Skiftande snøtilhøve kan endra trekk- og beitemønster år for år, slik at nye gjerde må flyttast og setjast opp. Det kjem til å verta mykje bruk av skuterar og ATV-ar.
Så er det mogelege konfliktar med bøndene i området – eit område der det lenge har vore konflikt mellom reindriftsnæringa og landbruksnæringa. For å førebyggja nye konfliktar trengst det sperregjerde og inngjerding av innmark og hus. Dessutan er det er fare for at dyr frå Fosen-flokkane kan blanda seg med villrein frå Aust-Tolga.
Det skal lagast ei konsekvensutgreiing, men alt no bør ein kunna konkludera med at dette er for dyrt og lite tenleg. At eit landbruksdepartement kan gå vidare med dette tiltaket, er merkeleg. Det er som om dei ikkje har god nok praktisk kunnskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.