Fosen-reinen:

Problem på flyttefot

Å flytte Fosen-reinen til Østerdalen, slik regjeringa no jobbar for, bidreg berre til nye konfliktar, ifølgje Os-ordførar Ivar Midtdal (Sp).

Staten har lova reindrifta på Fosen nytt tilleggsbeiteareal på vinterstid.
Publisert

Etter at Høgsterett slo fast at vindkraftutbygginga på Storheia og Roan i Trøndelag var i strid med urfolkrettane, har staten inngått avtalar om å skaffe dei to gruppene av reineigarar som har drift i områda Sør-Fosen sijte og Nord-Fosen siida, tilleggsareal for vinterbeite, for å bøte på rettsbrotet. Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) har greidd ut aktuelle område, og kome med ei tilråding om vinterbeite i området Håmmålsfjellet-Sålekinna i Østerdalen. Og i revidert nasjonalbudsjett har regjeringa no sett av 100 millionar kroner for å jobbe vidare på grunnlag av tilrådinga. Det har skapt reaksjonar i dei tre kommunane som då vert råka, Os, Tolga og Engerdal.

Ivar Torvidsson Midtdal (Sp), som er ordførar i Os kommune, kallar løyvingane i revidert budsjett både overraskande og overkøyrande.

– Vi har hatt kontakt med staten sidan rapporten frå Nibio kom i september, og visste ingenting om dette på førehand. Nibio-rapporten fekk vi heller ingen informasjon om på førehand, så her har vi kjensla av at staten kjem og overkøyrer både kommunane og grunneigarane. Dei rettar opp i uretten på Fosen ved å gjere seg skuldige i ny urett her, seier han.

– Kva har kontakten dykkar med staten gått ut på?

– Vi bad om møte med departement og ministrar med det same Nibio-rapporten kom, og sa frå om at vi såg på ei flytting hit som nokså uaktuelt. Det er stor konflikt mellom reindriftsnæringa og landbruksnæringa her frå før, som følgje av at tamreinen i Femunden vinterbeiteområde trekkjer ut av det lovlege området sitt og inn i nett dette området. Vi har gjort klart at vi ikkje vil snakke om erstatningsområde for Fosen før den konflikten er løyst.

– Kvifor er det konfliktfylt med tamrein i området?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement