Slik lever du endå lenger

Til dei som har, skal det verta gjeve. Di meir intelligent du er, di lenger vil du truleg leva.

I alle år har komande norske soldatar vorte IQ-testa. Den norske serien med IQ-testar er den lengste og mest omfemnande i verda.
I alle år har komande norske soldatar vorte IQ-testa. Den norske serien med IQ-testar er den lengste og mest omfemnande i verda.
Publisert

IQ og kognitive evner, det er få tema som skil meir mellom høgre- og venstreorienterte, mellom konservative og liberale. Påstanden om at det meste av potensialet for tenking og resonnering er medfødt, får det til å knyta seg i magen på dei som trur på sosialismen. Og det er på eit vis forståeleg. For om intelligens er sterkt arveleg, må ein gje avkall på utopien om at menneska er like og samstundes foranderlege.

Men det er ikkje til å koma forbi: IQ er eit godt mål på intelligens, og intelligens er noko ein arvar på nesten lik line med høgd og utsjånad. IQ har òg mykje større prediksjonskraft om framtidig karriere enn både klassebakgrunn og kva skule ein går på.

Forsvaret i Noreg har i alle år testa intelligensen til rekruttar på sesjon, noko forskarar verda over er særs glade for. Sesjonstestane til Forsvaret er den lengste og mest omfemnande historiske dataserien verda har på dette feltet.

Og dei norske testane viser det same som andre testar: Det er ikkje slik at om du ikkje har det i hovudet, så har du det i hendene eller føtene. Om du har gode allmennkunnskapar, så har du god ordforståing, bra minne og gode rekneevner, og du tenkjer snøgt. Har du god underliggjande generell intelligens, såkalla G, så er du god i det meste.

Døyr seinare

Men dette visste de nok frå før. Mindre kjend er samanhengen mellom høg IQ og god psykisk og fysisk helse. To av dei som har forska på helse og intelligens, er Bernt Bratsberg og Ole Røgeberg ved Frisch-senteret på Blindern. Funna deira må i grunnen seiast å vera deprimerande. Den siste tida har dei fått mest merksemd av di dei har dokumentert at IQ-en i Noreg er fallande, men i mai i fjor publisererte dei artikkelen «Childhood socioeconomic status does not explain the IQ-mortality gradient», som har vekt forunderleg lite interesse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement