Sjakk matt i Stortinget
Det er svært tungt å få ut informasjon om det norske Syria-engasjementet, seier Liv Signe Navarsete i Senterpartiet.
– Eg håpar i alle fall regjeringa og forsvaret veit meir enn dei deler med oss andre, seier Liv Signe Navarsete.
Foto: Ole Martin Wold/NTB scanpix
På Stortinget er det Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet som har utgjort ein lågmælt opposisjon mot det norske bidraget til krigen mot IS i Syria. Liv Signe Navarsete i Sp er medlem av utanriks- og forsvarskomiteen, og har ved fleire høve stilt spørsmål til forsvarsministeren om emnet i Stortinget.
I februar i år bad Navarsete om å få vite kven dei norske soldatane skal trene opp til å krige i Syria, og grunngav spørsmålet slik: «For å sikre målsettinga i oppdraget, og demokratisk, politisk kontroll frå norsk side, er det avgjerande med ei avklaring av kven Noreg faktisk trenar i krigen i Syria.» Svaret gjorde ingen klokare: Nordmennene skal lære opp «lokale syriske grupper som kjemper mot ISIL», opplyste forsvarsministeren.
– Det er så mykje vi ikkje har fått svar på i denne saka. Er norske soldatar inne i Syria? Kven er det vi faktisk trenar opp? Kven ser norske styresmakter på som det legitime regimet i Syria? Har vi nokon exitplan for dette engasjementet? Det er svært tungt å få ut informasjon, seier Navarsete. Ho saknar ein breiare debatt om den norske involveringa i Syria, som Sp og SV gjekk imot.
– Sjølv om det er regjeringa sitt prerogativ å sende ut norske styrkar, har også Stortinget eit tungt ansvar. Kva er det vi utset soldatane våre for? Kva konfliktar skal vi eigentleg involvere oss i?
– Stortinget vart orientert om Syria-engasjementet i eit kort, lukka møte i den utvida utanriks- og forsvarskomiteen i fjor. Dette opna for norsk deltaking i verdas verste og mest kaotiske krig. Er dette ein god nok demokratisk prosess for ei så alvorleg avgjerd?
– Nei. Vi får ingen skriftlege notat før slike møte, så ingen får førebudd seg, og vi kan ikkje ettergå det vi får presentert. Vi kan heller ikkje referere det som blir sagt på møtet i etterkant. I praksis er vi sjakk matt.
– Amerikanske styrkar har hatt fleire samanstøytar med syriske styrkar dei siste månadene. Om dette eskalerer, kan norske soldatar i Syria òg bli trekte inn i slike kampar?
– Det kan tenkjast. Men det er umogleg å vite korleis risikoen er, sidan vi ikkje får opplysningar om kva dei norske soldatane gjer, eller om dei er inne i Syria. Eg håpar inderleg at noko slikt ikkje skjer.
Også den norske opplæringa av syriske krigarar i Jordan er problematisk, meiner Navarsete.
– Krigen i Syria er så kaotisk, og det er vanskeleg å vite kven som er fiende av kven. På berre nokre veker kan det endre seg, og vi veit ikkje kven desse syriske gruppene vil kjempe mot i framtida.
– Veit den norske regjeringa og forsvaret kva dei gjer i Syria, trur du?
– Eg håpar i alle fall dei veit meir enn dei deler med oss andre, seier Liv Signe Navarsete.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?